S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Emma Trettevik Ringstad , Hege Knarvik Sande – 26. november 2026

Kvar er samtalen om institusjonane sitt ansvar?

Fv. Hege Knarvik Sande (foto: Lillian Hjellum) og Emma Trettevik Ringstad (foto: Anders Småhaug)


Publisert
26. november 2026
Sist endret
26. november 2026
Tekst av

Debatt Politikk

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/kvar-er-samtalen-om-institusjonane-sitt-ansvar
Facebook

(Ingen innlegg)

Emma Trettevik Ringstad og Hege Knarvik Sande frå PAHN diskuterer rapporten Samarbeid i scenekunsten og oppfordrar til ein heilskapleg scenekunstpolitikk.

I scenekunstpolitikken snakkar vi stadig om kor viktig samarbeid mellom institusjonane og det frie feltet er. Det er ein konkret kulturpolitisk ambisjon. Samtidig viser den ferske rapporten Samarbeid i scenekunsten, som er skriven på oppdrag frå Kulturrådet, at samarbeida er langt frå likeverdige. Dei som har minst økonomiske ressursar, må ofte bidra med mest arbeid og ta størst risiko. Dette bidrar til å oppretthalde ei skeivfordeling av økonomiske ressursar og strukturell makt i feltet, meiner vi. Rapporten viser at det ikkje manglar samarbeid i feltet, og at samarbeida er verdifulle for begge partar. Gjennom samarbeida får institusjonane og dei frie aktørane utveksla kunnskap, erfaringar og ressursar. Dei utfyller kvarandre: Der institusjonane bidrar med scener, teknisk utstyr, kompetanse og visningsmoglegheiter, står dei frie aktørane ofte for idéutvikling, kunstnarisk arbeid, finansiering, søknadar og koordinering. Samtidig bidrar ikkje nødvendigvis samarbeid til trygge og rettferdige arbeidsforhold. Om lag sju av ti frå det frie feltet svarar at betalinga i samarbeida er låg eller svært låg, sett opp mot arbeidsinnsatsen. Ingen oppgir at betalinga var høgare enn arbeidsinnsatsen. Det frie scenekunstfeltet blir oppmoda gjennom kulturpolitikken og dei etablerte strukturane til å samarbeide med institusjonane. Samarbeida gjev eit kvalitetsstempel, ressursdeling og moglegheit for kunstnarisk utvikling. Dei er ofte essensielle for å finansiere, utvikle og vise prosjekt. Men vi stiller spørsmålet: Er det rettferdig at dei med minst ressursar skal bere den største risikoen?

Samarbeid på ulike premissar – ulik forståing av ansvar og risiko

Dei frie aktørane bidrar ofte med ubetalt eigeninnsats for å få prosjekt i hamn. Gitt at dei ofte har ansvar for søknadar og finansiering, ber dei ein stor del av den økonomiske risikoen. Eit viktig funn i rapporten er forskjellane i korleis det frie feltet og institusjonane ser på fordelinga av ansvar og risiko. Det frie feltet fortel om ujamt fordelte arbeidsoppgåver og skeive maktstrukturar, medan institusjonane legg meir vekt på ei oppleving av delt risiko og at aktørane bidrar med ulike og utfyllande ressursar. I denne samanhengen er det viktig å skilje mellom kunstnarisk og økonomisk risiko. Den kunstnariske risikoen er ein naturleg del av den kunstnariske utviklinga som ligg i dei kulturpolitiske ambisjonane, og er ein gode ved samarbeida. PAHN meiner at det er den skeive fordelinga av den økonomiske og strukturelle risikoen som er særleg problematisk. Medan institusjonane i større grad har føreseielege økonomiske rammer, trygge arbeidsforhold og eit etablert apparat i ryggen, er dei frie aktørane langt meir sårbare.

Meir transparens og langsiktig finansiering, i første omgang

Tilrådingane i rapporten er gode og nyttige. Feltet treng meir transparens, langsiktig finansiering og tydelegare avtalar. Fleirårige tilskotsordningar kan gje frie kompani større stabilitet og styrkje den kunstnariske autonomien og forhandlingsposisjonen deira i møte med institusjonane. Rapportforfattarane peiker sjølve på eit sentralt dilemma: Dersom kunstnarane skal få betre betalt innanfor uendra tilskotsrammer, kan konsekvensen bli færre produksjonar og redusert aktivitet i det frie feltet. Dette må sjåast i samanheng med den overordna fordelinga av ressursane i scenekunstfeltet. I 2024 mottok scenekunstinstitusjonane om lag 2,1 milliardar kroner i statlege driftstilskot, medan Kulturrådet forvalta 189,5 millionar kroner til scenekunst gjennom Norsk kulturfond. Kva med ansvaret til institusjonane som forvaltar hovuddelen av dei statlege ressursane? Dersom ressursdeling er ein kulturpolitisk ambisjon, må vi òg diskutere korleis desse ressursane i større grad kan kome det frie feltet til gode. Rapporten legg til grunn eit breitt institusjonsomgrep som omfattar både produserande scenekunstinstitusjonar, programmerande scener, festivalar og andre aktørar. Sjølv om rapporten skil mellom ulike institusjonstypar, meiner PAHN det er grunn til å spørje om ei ytterlegare differensiering ville vore føremålstenleg, særleg i lys av dei ulike mandata og økonomiske rammevilkåra deira. Dei programmerande scenene har ofte langt meir avgrensa økonomiske rammer enn dei store produserande scenekunstinstitusjonane, samstundes som samarbeid med det frie feltet utgjer kjernen i verksemda deira. Økonomien til dei programmerande scenene bør difor styrkjast, medan dei store produserande institusjonane i større grad bør reflektere over korleis ressursane, kompetansen og produksjonsapparatet dei allereie forvaltar, kan delast med det frie feltet. Forventningane til samarbeid og ressursdeling bør tydeleggjerast i institusjonane sine offentlege oppdrag, med utgangspunkt i dei ulike mandata og økonomiske føresetnadene deira.

Behovet for ein heilskapleg scenekunstpolitikk er kritisk

Utover dei konkrete tiltaka som vi viser til over, meiner PAHN at vi treng ein større diskusjon om institusjonane sitt ansvar. I botnen ligg behovet for ein samla scenekunstpolitikk, og funna i rapporten peiker direkte mot dette.

Den førre scenekunstmeldinga kom i 2008. Mykje har endra seg sidan då, både i det frie feltet og i forholdet mellom institusjonane og dei frie aktørane. Det er på høg tid med ei ny, heilskapleg retning for scenekunstpolitikken.

Ei ny scenekunstmelding kan i større grad møte måla om å styrkje det frie feltet sin økonomi og stille høgare krav til institusjonane sitt økonomiske og organisatoriske ansvar i samarbeid. Feltet må sjåast i samanheng slik at samarbeida kan bli meir likeverdige og berekraftige. Det held ikkje lenger med eit lite steg i riktig retning. Vi må sjå det store biletet og gjere ei reell endring.


Debatt
De etablerte aktørene baner vei – men systemet henger etter

Hege Knarvik Sande, direktør i PAHN, kommenterer møtet som ble avholdt på Stortinget forrige uke om helhetlig finansiering av fri scenekunst.

av Hege Knarvik Sande
Debatt
Systemkritikk, tillit og ansvar

Hege Knarvik Sande og Hauk Heyerdahl, henholdvis direktør og styreleder i PAHN - senter for scenekunst Norge, uttaler seg om debatten om habilitet og legitimitet i Kulturrådet.

av Hege Knarvik Sande, Hauk Heyerdahl
Debatt
Dansefeltet trenger muligheter for mobilitet

Det produseres mye dansekunst i Norge, men den distribueres ikke godt nok. Skal Kultur- og likestillingsdepartementet faktisk løfte dansefeltet, må vi også løfte diskusjonen om distribusjon og mobilitet.

av Hege Knarvik Sande, Siri Leonardsen

S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, Skuespillerforbundet og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no