S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Vilde Standal Bøyum – 30. november 2023

Evig ung

Foto: Eilif Fjeld. Scenografi/lys/video: Eilif Fjeld, Oscar Udbye. Kostyme: Katja Ebbel


Publisert
30. november 2023
Sist endret
30. november 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Do-re-me-too-sa-Lo-li-ta av Kristinsdottir/Willyson Black Box teater, store scene Anmeldt premiere, 22. november 2023

Medverkande: Ibrahim Fazlic, Eirik Willyson, Magnus Myhr, Hildur Kristinsdottir Scenografi/lys/video: Eilif Fjeld, Oscar Udbye Lyd: Vilde Ilkama Nupen Kostyme: Katja Ebbel Maske: Hege Ramstad Dramaturg: Siri Løkholm Ramberg Produsent: Ingeborg Husbyn Aarsand, Anders Borchgrevink

Støtta av Kulturrådet og Dramatikkens Hus


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/evig-ung
Facebook

(Ingen innlegg)

Kristinsdottir/Willyson drar fram tema rundt tap av ungdom og om å føle seg forførande, men dei kjem ikkje opp for luft.

Sidan 2007 har Hildur Kristinsdottir og Eirik Willyson samarbeida om fleire framsyningar. I Do-re-me-too-sa-Lo-li-ta presenterast vi for karakterane Lo, Ho, Mo og My (høvesvis Kristinsdottir, Willyson, Ibrahim Fazlic og Magnus Myhr). Dei framstår alle som menneske opptekne av det estetiske gjennom kostyme og framtoning, og då meir spesifikt opptekne av å halde på evna til å forføre uansett alder. Karakterane har nokre monologar undervegs om menneske som har vore opphengde i venleik og det ungdommelege. Men kjenslene kjem ikkje tydeleg fram i framsyninga. Dei blir liggande under overflata, og gløttar så vidt opp innimellom.

Tre lag forfengelegskap

Sjokkfaktoren er stor i augneblinken sceneteppet fell tilbake og eg får sjå scena. Dette kjem av det valdsame leopardmønsteret som dekker eit stoveområde forma som ein kube. På veggar, tak og golv er det eit heilanimalsk interiør som gjer auga rådville, men sjokket for auga går fort over til latter. Eilif Fjeld og Oscar Udbye skal ha æra for denne scenografien. Ein skjerm står på høgre side og viser ein brennande peis. Lo sit på ein stol i brunt lær inne i kuben og ser utolmodig ut. I bakgrunnen spelar ein song over anlegg som er like lei som Lo ser ut til å vere. Do-re-me-too-sa-Lo-li-ta kommenterar på forfengelegskap i tre lag. I bunnen finn eg personane som karakterane fortel om, dei er opphengde i venleik. I midten har vi karakterane sjølv og måten dei oppfører seg på, med eit sterkt ynske om å halde seg forførande og tiltrekkjande. Og på toppen har vi sjølve oppsetjinga, som ikkje tar eit djupdykk inn i tematikken. Eg les handlinga som at dei held på med å ferdigstille ei framsyning, og at Lo, Ho, Mo og My møtar for å gå igjennom verket. Eg forstår det slik då Lo ofte blir avbroten enten av oppmøte til dei ulike karakterane, eller ved å få meldingar om idéar på mobilen. Desse avbrota som gjer at tematikken dei prøver å fremje ofte får mindre fokus. I augneblinka handlinga tar fram tema som tilsetjing av kvinner over tretti i scenekunsten, forsvinn dei i forstyrringar. Dette er synd, for det gjer at eg ikkje tar den problematiske tematikken til meg. Men om eg ser forbi dette blir det ein innfløkt måte for framsyninga å kommentere forfengelegskap på. Ved å bruke desse laga viser Kristinsdottir/Willyson til eit samfunn som ignorerer problema ved å la forførande avbrot ta vekk fokuset på viktige problemstillingar. Det er mykje morosamt som skjer på scena, men fordi det aldri er noko nedetid blir framsyninga eit konstant kaos av hendingar og handlingar. Det gjer at eg ikkje kjenner meg grepen av det som føregår, men det verkar som om dette er ein del av poenget.

Under overflata

Do-re-me-too-sa-Lo-li-ta er ei lettsindig framsyning, men det er tidspunkt der den prøver å få fram alvor. I sekvensar då aktørane står på scena og fortel om eigne opplevingar får vi høyre om episodar som hintar til seksuell vald. Her er det helst i form av folk i maktposisjonar, som lærarar og regissørar. Det er i desse monologane at verket viser tilbake til sin tittel. Namnet Lolita viser til romanen Lolita av Vladimir Nabokov (1955). Romanen er mykje omdiskutert for si problematiske handling, der eit seksuelt forhold oppstår mellom ein stefar og hans tolvårige stedotter, eit alvorleg brot på både maktposisjonen ein stefar har, og seksuell omgang med born.

Denne problematiske tematikken ser vi igjen i ein av monologane til Lo, då ho var elev og ein lærar beit seg merke i hennar talent for akvarellmaling. Med privattimar som til slutt enda opp i skogen, snakkar læraren om nymfer, eit ord brukt om jenta i Nabokov si bok, og blir forklart som eit omgrep for insekt som ikkje endå er fullvaksne og besett av ein smådjevelsk natur. Lo fortel vidare at læraren meiner at det fins nymfer i elevbestanden mellom alderen ni til fjorten, og at det krevjar ein spesiell eigenskap å kunne identifisere desse nymfene. For å poengtere at denne læraren har klart å fange ei nymfe, latar han som om han fangar Lo med hoven sin. Her stoppar forteljinga, og vi kjem tilbake til det overflatiske — vi får hint gjennom forteljinga om upassande åtferd, men ingenting blir stadfesta og problemet blir liggande under overflata. Det betyr at publikum må lese mellom linjene, og det er heilt greitt, men fordi det er så mykje som skjer gjennom forteljinga (Lo blir avbroten fleire gongar) gjer dette òg at alvoret forsvinn.

Makt over eigen kropp og framtid

Frå start synar det at Lo sitt store ynske er å halde seg evig ung. Dette blir tydeleggjort gjennom ei forteljing om sommarfuglar. Sommarfuglar er nemleg finast i paringstida, som skjer rett før dei døyr, og samlarar innlemmar insekta i glass når dei er på sitt vakraste. På måten dette blir fortald til publikum er det som om livet ikkje lenger har meining når ein bikkar ein viss alder, og Lo framstår som sjalu på sommarfuglane - dei forblir evig unge. Men det er ein grunn til at Lo ønskjer seg evig ungdom, og det er ikkje grunna forfengelegskap. Eg kjem tilbake til tilsetjing av mellomaldrande kvinner, for det å eldast blir framstilt som eit tap av makt over si eiga framtid i eit samfunn som legg tung vekt på tiltrekkingskraft. Dette oppfattar eg som det viktigaste poenget i framsyninga, samt drivkrafta bak å ville halde på tiltrekkingskrafta si - å ha makt over både eigen kropp og framtid uansett alder. Samstundes er det ein del av vala som er tatt for å setje lys på tema som eg meiner medverkar til at verket ikkje treff heilt. At monologane ofte blir avbrotne og alvoret ikkje kjem heilt fram er blant desse vala. Også fokuset på å forføre blir framstilt på ein overflatisk måte som påverkar til eit mindre meiningsfullt inntrykk. Men framsyninga har mykje humor, og det blir til ei historie om frykt for å bli oversett, for å ikkje ha makt, fordi ein ikkje lenger har den tiltrekkingskrafta som samfunnet problematisk nok har innført som standard. Endå betre enn det, så er det ei forteljing som viser fingeren til tanken om at kvinner over ein viss alder ikkje skal få føle seg like forførande og mektige som før.


Kritikk
Ungdomsårenes motvind

Med “Eksotisk dans” tar Kristinsdottir/Willyson og Trøndelag Teater tak i det allmenne på ekstraordinært vis.

av Eline Bjerkan
Kritikk
Moderlig desperasjon

Som guttemamma tar Hildur Kristinsdottir mannens begredelige stilling i dagens samfunn personlig, noe hun spiller ut på frodig vis i My little Willy. Men prosjektet preges av mangel på evne til å «kill your babies».

av Chris Erichsen
Kritikk
Feministisk Frankenstein

I Hildur Kristinsdottirs tolkning av Mary Shelleys Frankenstein er den mannlige protagonisten mer opptatt av å lage liv på laboratoriet enn på hjemmebane.

av Eline Bjerkan

S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no