S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Vilde Standal Bøyum – 6. november 2023

Tar publikum med seg

Foto: Lars Opstad. Scenografi: Gjermund Andresen. Kostyme: Anette Werenskiold. Lysdesign: Clement Irbil


Publisert
6. november 2023
Sist endret
6. november 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Kristiania Magiske Tivolitheater etter idé av Atle Knudsen dramatisert av Sindre Hotvedt

Urpremiere 2. november, 2023 Oslo Nye teater, Hovudscenen

Regi: Frede Gulbrandsen Scenografi: Gjermund Andresen Kostyme: Anette Werenskiold Koreografi: Thea Bay Lysdesign: Clement Irbil Lyddesign: Steffen Hofseth Dramaturgi: Marianne Sævig Komponist: Sindre Hotvedt Kapellmeister: Trond Lindheim Livemusikk av skodespelarbandet De magiske

Medverkande: Ferdinand Falsen Hiis, Eldar Skar, Henriette Faye-Schjøll, Emma Bones, Sigrid Husjord, Natalie Bjerke Roland, Ingvild Holthe Bygdnes, Mari Hauge Einbu, Emilie Mordal, Mari Dahl Sæther, Sindre Postholm, Marius Lien, Trine Wenberg Svensen, Helle Haugen, Melina Tranulis, Suzanne Paalgard, Tamar Ohana Goksøyr, Margrethe Rykkelid, Gabriel Ramirez, June Elisabeth Baltzersen, Afrina Yohannes Kahsa, Aella Arietta Emily Nomatshaka Baqwa Ruud, Benjamin Holter, Markus Guessan Zehouo, Vegard Strand Eide, Håkon Seip, Lotte Haug-Onsaker, Savannah Schei, Natalia Dellaporta, Jeppe Torjussen-Rui, Eilev Elnes Hovengen, Emma Helgesen Ylvisåker


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/tar-publikum-med-seg
Facebook

(Ingen innlegg)

Kristiania Magiske Tivolitheater drar deg inn i varmen og pakkar deg inn i latter og kjærleik.

Kristiania Magiske Tivolitheater vart vist som julekalenderserie på NRK i desember 2021. Den handlar om livet i eit fiktivt Kristiania på tidleg 1900-talet. No er forteljinga blitt overført til scena av manusforfattar Kjetil Indregard. I regien til Frede Gulbrandsen møter vi 10 år gamle Luka (Ferdinand Falsen Hiis). Han veks opp saman med far sin, Hugo (Eldar Skar) under fattige vilkår i Kristiania. Ein dag snublar han inn på Kristiania tivolitheater for å gøyme seg frå Erle (Henriette Faye-Schjøll), ei rik dame med ein personleg vendetta mot fattige menneske. Luka blir frelst av magien til teateret og snakkar med borna som jobbar der. Dei fleste er foreldrelause og har funnet sin heim der. Den magien Luka har kjent på får han til å ta på seg ein jobb som løpesetelgut. Men problema ballar på seg når Erle legg utspekulerte planar for å leggje ned Tivolitheateret.

Scenografisk siger

Eg legg merke til atmosfæren som framsyninga ønskjer å gi til publikum frå den augneblinken eg set meg på plassen min. Bak på scena ser vi kapellmeister Trond Lindheim i fullt kostyme, med paradejakke og kepi, saman med andre medlemmar av skodespelarbandet De magiske. Dei klimprar litt på instrumenta sine, som mellom anna er samansett av ein marxofon, stroviol og balalaika. Som start på framsyninga får vi eit attersyn med Sigrid Husjord i rolla som teatersjefen, Johanna, ei rolle som vart spela av same skodespelar i den originale TV-serien. Publikum får klår beskjed om å leggje fotoapparata sine langt ned i veska for å sørge for at dei ikkje blir stole og å nyte framsyninga. Opningsnummeret med show på tivoliscena drar oss vidare inn i magien vi skal oppleve. Det er eit godt val av framsyninga ikkje berre å starte det heile med eit musikalsk ensemblenummer, men å halde fram med ein solo frå øglemennesket, Ariam (Mari Hauge Einbu), fulgt opp med luftakrobatikk av Gamma (Tamar Ohana Goksøyr) og avslutta med tryllekunst frå Napoleon (Marius Lien). Desse innslaga set grunnlaget for den gjennomførte dramaturgien på scena. Dette er noko av det eg likar best med heile framsyninga; kor gjennomført den er med tanke på at det er ei framsyning der ein del handlar om å skape og framføre show foran eit publikum. Dette blir tydeleggjort gjennom Gjermund Andresen sin scenografi, då scena blir ei vidareføring av salen vi i publikum sit i. Balkongen som er skapt for framsyninga speglar balkongen i salen, med liknande form og interiør. Losjane er òg avspegla og blir mellom anna brukt som publikumsplassar for karakterane. Regien til Gulbrandsen brukar medvitent scenografien for å gjere publikum om til ein del av framsyninga kvar gong det er show på scena. Kjensla av å vere ein deltakar i framsyninga som publikummar kjem ikkje eine og aleine frå regien eller at scenografien strekker seg ut blant publikum. For at det heile skal kome saman krevjar framsyninga solide skodespelarprestasjonar, og rolleinnhavarane skuffar ikkje. Spesielt tykkjer eg Faye-Schjøll som den heller usympatiske Erle overbevisar som antagonist. Men sjølv om Erle i hovudsak framstår som ei kald dame så kjem det tydeleg fram i rolletolkinga kor mykje Erle elskar dottera si. Denne djupna i karakteren er noko som går igjen i dei andre rollene òg, og vi får på denne måten tredimensjonelle og truverdige karakterar på scena.

Latter over alvor

Kristiania Magiske Tivolitheater tar opp mange viktige tema, og der TV-serien med sine 24 episodar har tid til å ta opp fleire av dei, må den dramatiserte versjonen velje kva som skal stå tydeleg fram. Framsyninga har fokusert på skiljet mellom fattige og rike, korleis å takle døden til ein forelder og å vise kjærleik for sitt born. Spesielt er fokuset på fattigdom og rikdom, og kostyma til Anette Werenskiold skapar eit tydeleg bilete på status i samfunnet og arbeidslivet. Erle framtrer ofte i ein høg, kvit hatt, eit konkret symbol på høgare status, som blir vidare fremja når medlemmar av sunnhetskommisjonen møter opp i selskap med fjær i hattane, og hotelldirektør Olav Mohn (Gabriel Ramirez) dukkar opp i flosshatt. For øvrig eit artig spel på to av Noregs rikaste menneske, Olav Thon og Trond Mohn. For framsyninga er morosam, og på fleire frontar. Dei to eldre damene, Elisabeth og Victoria (spela av høvesvis Helle Haugen og Trine Wenberg Svensen), som delar bakgard med Luka og Hugo, viser ei solid blanding av sjarm og humoristisk dynamikk. Det er ikkje snakk om dei vittigaste replikkane, men innlevinga til skodespelarane gjer at sjølv repetisjon av replikkar som "det er synd på ham" drar ut latteren i publikum. Vi får ein del fysisk komedie i form av forholdet mellom Erle og husholderska Matja (Melina Tranulis) og i teselskapet eg nemnde ovanfor kjem medlemmane av sunnhetskommisjonen troppande inn, syngande på ein songhyllest til seg sjølv. Spesielt denne scena er heilt absurd. I dette selskapet, då kommisjonen avgjer at dei skal hente ut dei foreldrelause ungane frå Tivolitheateret for å fostre dei opp, ser det ut som om ein målar frå Romantikken har snytt eit teselskap ut av nasa si.

Humoren er eit tveegga sverd, for sjølv om eg ler og kosar meg, er dette òg noko eg tykkjer framsyninga tapar på. Ikkje sjølve scena med teselskapet, men oppsetjinga har bestemt seg for å fremje humor over alvor, og sjølv om dette ikkje gjer verket mindre underhaldande, så endar det opp med at tema som klasseskilje forsvinn i latteren. Her kunne framsyninga poengtert for oss vaksne som sit i salen den utviklinga vi ser i vårt eige samfunn, med fleire og fleire som slit økonomisk, samt det aukande klasseskiljet. Dette er utan å snakke om verdsbiletet, med blant anna TV-aksjonen sitt føremål om økonomisk støtte til born som lev i samfunn med krig og konflikt. Men dette er ei barneframsyning, så eg synest i all hovudsak at det går bra å ikkje leggje for tung vekt på foreldrelause ungar i fattige kår, spesielt sidan eg overhøyrde born i salen seie at dei syns det var så trist når borna vart halde vekke frå kvarandre. Eg unnar borna som sit i salen ei varm og trygg oppleving, og det kan godt vere det er akkurat det vi vaksne òg treng i førjulstida. Eg påstår heller ikkje at framsyninga berre er fryd og gammen; minnet om Ariam (Einbu) som skrik etter dottera si når ho blir ført bort av politiet kjem til å sitje i meg ei stund til.

Kjærleik og varme i førjulstida

Kristiania Magiske Tivolitheater har klart å hente ut dei mest essensielle augneblinka frå julekalendaren og gjort det om til eit varmt og morosamt førjulseventyr. Heile framsyninga byr på mykje moro og kjærleik. Med solide skodespelarprestasjonar og flott musikk blir eg både rørt og lattermild. Men det som verkeleg sit att er dei flotte kostyma og den gjennomførte scenografien som skapar ei lita verd eg ikkje føler tok slutt ved scenekanten.


Kritikk
Usentimentalt om jul og død

Maja Lunde har dramatisert sin egen barneboksuksess. Snøsøstera er blitt en fullverdig teatertekst som står på egne ben.

av Hilde Halvorsrød
Kritikk
Tradisjoner eller visjoner?

KRITIKK: Med Jul i Blåfjell og Jul med Prøysen og snekker Andersen får barn i Oslo to helstøpte juleforestillinger. Jul og tradisjon hører sammen, men vårprogrammet til Oslo Nye inneholder ikke de store visjonene for de yngste, skriver Mariken Lauvstad.

av Mariken Lauvstad

S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no