Symposion av Platon er eit meir enn 2400 år gamalt verk som inneheld ein diskusjon mellom fleire kjende filosofar. Det greske ordet tydar i direkte oversetjing "drikke saman", derav tittelen Drikkegildet. I Symposion samlar filosofar seg for å tale om kjærleiksguden Eros i eit ynske om å argumentere for kven dei meiner han er, men i hovudsak om kva kjærleik er. I teaterversjonen på Teater Innlandet har regissør Mari V. Kjeldstadli omarbeida teksten, og vi får ein kunstnarisk representasjon av seks historiske personar; Faidros, Eryximakos, Aristofanes, Agathon, Sokrates og Alkibades. Platon sitt verk er eit av hans mange som handlar om Sokrates. Så godt vi veit skreiv Sokrates aldri ned si eiga lære eller filosofering, og alt vi veit om Sokrates kjem frå Platon. Symposion er ikkje annleis. Platon var ikkje til stades då desse filosofane samla seg for å diskutere kjærleik, men skriv ned ei attforteljing han har høyrt frå Apollodoros, som heller ikkje var til stades.
Filosofi i vår tid
Scenografien til Agnethe Tellefsen er satt til ei tvetydig samtid. Scena ser ut som ei gamal, ærbødig leilegheit med høgt tak og vegglamper som kunne dobla som utelykter. Dei tre veggane som rammar inn leilegheita er malt i ein rustikk blåfarge. Det er mange vinflasker i scenerommet, og dette byggjer opp under tittelen på verket. Det er kun éin rekvisitt som er direkte kopla til antikken — ein liten statue som står inne i hjørnet. Eg drar kjensel på denne statuen som Diskoskasteren av Myron, eit fint nikk til tida rundt 400 f. Kr.
I Symposion er det ikkje kvinner til stades når talane til filosofane startar, men i Drikkegildet blir fleire av filosofane spela av kvinner. Gjennom bruk av kvinneleg pronomen blir Sokrates (Tone Oline Knivsflå), Agathon (Mari Amalie Hove) og Eryximakos (Anne Guri Tvedt) til kvinner i framsyninga. Valet om kjønnsskifte saman med kutta i teksten kan vere eit tiltak for å betre plassere verket i vår tid. Å lese Platon sitt 2000-årige verk som kvinne er ikkje like fornøyeleg når utsegn om mannleg dominans tar fokus. Kjeldstadli har òg kutta dei mest diskriminerande utsegna, som når filosofane bestem seg for å ha ein diskusjon i form av talar om kjærleiksguden Eros, og dei då sender vekk den kvinnelege musikanten til enten å legge seg eller spele for dei andre kvinnene på romma sine. Kjønnsskiftet i framsyninga saman med kutta til Kjeldstadli lar talane vere uhindra av kjønn og lar dei stå fram som filosofi relevant for alle.
Humor og karakteristikkar
Det er tydeleg at Kjeldstadli ønskjer at alle karakterane skal vise fram ein spesifikk karakteristikk. Til dømes framstår Eryximakos som nøktern og sakeleg, medan Aristofanes (Joachim Joachimsen) er heller engsteleg av seg. Desse karakteristikkane blir vidare støtta oppunder av kostyma til Tellefsen. Eryximakos er kledd i ein langerma strikkakjole og briller og har håret dratt tilbake i ein stram sveis, medan Aristofanes ser meir lurvete ut, med rufsete hår og ei jakke over ei open, rutete skjorte og grå t-skjorte. Rangen mellom desse to er òg tydeleg; der Eryximakos framstår som viktig i sine replikkar, snakkar Aristofanes som om han er til bry når han deler si meining om Eros. Denne skilnaden kjem godt fram når Eryximakos er ferdig med sin tale, og Aristofanes er ein nervøs nestemann ut.
Det Kjeldstadli har gjort tydeleg i sine kutt og sin regi er å gi publikum noko visuelt som samsvarar med materialet i Platon sitt verk. Der Platon er mindre tydeleg på skildringar av personlegdom, har Kjeldstadli dratt linjer frå innhaldet i talane til filosofane til kva åtferd dei har. Eryximakos sin tale er eit døme. Med eit sakeleg førsteinntrykk av filosofen skapar dei uventa handlingane hennar under talen ein dobbeltmoral i samspelet mellom ord og kroppsspråk. Talen til Eryximakos omhandlar den "harmoniske" kjærleiken og den "vulgære" kjærleiken. Ho snakkar som om ho har best kjennskap til den harmoniske kjærleiken, men framferda hennar rettar seg mot ein meir vulgær kjærleik. Mykje av det ho seier forsvinn i latterframkallande fakter som skrevande posisjonar og rytmiske rykk av pelvis. Eg opplev likevel at dette fungerer som eit godt grep for å stille spørsmål rundt kven ein person er og kven dei prøver å framstå som. Dei andre filosofane sine talar skapar liknande spørsmål om personlegdom. Ved å jobbe på denne måten blir filosofien dratt ned på bakkenivå, og eg opplev filosofane som meir menneskelege.
Imponerande og kreativt
Komponist og musikar Guro Skumsnes Moe skapar musikk som forsterkar både humoren og kreativiteten i framsyninga. Dette blir spesielt tydeleg i talen til Aristofanes når han på sin usikre måte forklarar korleis menneska leitar etter sin andre halvdel og at Zevs bestemte seg for å dele oss i to for å gjere oss svakare. Med bruk av ei handtromme byggjar Moe opp stemninga i talen. Når Aristofanes tar opp styrka til menneska legg Moe noko som liknar småstein oppi handtromma og skapar såleis ein lyd som ho kan styre intensiteten på i samsvar med talen. Ho set sidan tromma og den eine handa langs veggen, og når ho då svakt trommar med fingrane på veggen, sender ho vibrasjonar tilbake til handtromma og skapar flotte lydeffektar. Moe held denne kreative opptredenen ved like med fleire forskjellege instrument, og hennar nærvær er eit konstant humoristisk element gjennom heile framsyninga.
Om du har lest Symposion av Platon, kan du lene deg tilbake og la det som skjer rundt talane ta hovudfokus, for ein del av innhaldet til dei fire fyrste filosofane druknar i framsyninga sin kreativitet, gjerne grunna Moe sitt nærvær og gjennom måten skodespelarane framførar talane sine på. Dette fungerer bra for å vise at dei fire fyrste talane ikkje har den same tyngda som skal kome fram i Sokrates sin tale. Du kan heller la deg innhente av dei meir alvorlege filosofiske tankane når Knivsflå tar scena og talar om at kjærleiken er noko alle ønskjer, og noko som er skapt for alle. Allereie for 2400 år sidan var kjærleiksfilosofi retta rundt kven ein var i si sjel, i sin tanke, ikkje korleis ein såg ut. Og når dette då blir lagt fram av Sokrates til stor underhaldning for dei andre filosofane som ser ut til å sluke kvart einaste ord, er det tydeleg at det er denne bodskapen som skal fram i Drikkegildet. Denne talen er morosam, ikkje grunna Sokrates sin rolege og beherska natur, men grunna dei andre skodespelarane som ser på Knivsflå som om ho er Eros sjølv.
Drikkegildet er ein lattermild og lett framsyning, to ord eg ikkje vanlegvis ville brukt om filosofi. Den gjennomførte koplinga mellom tekst og utforming av karakterar gir oss ein kunstnarisk representasjon av historiske personar som også seier noko allment om kva kjærleik er og har vore gjennom alle tider.