Foto: Teater Vestland
Kristina Kjeldsberg er konstituert som teatersjef på Teater Vestland
Kristina Kjeldsberg er konstituert som teatersjef ved Teater Vestland ut året. Ho er utdanna regissør og har brei leiarerfaring.
20. januar gjekk teatersjef på Teater Vestland Cecilie Lundsholt av etter ei usemje om leiinga. Ho skreiv eit innlegg om sitt syn på saka her på Scenekunst.no som blei fulgt opp av styreleiar Rasmus Mo. No har teatret konstituert regissøren Kristina Kjeldsberg som ny teatersjef ut året
I ei pressemelding som er sendt ut frå teatret seier styreleiaren at dei er veldig glade for at Kjeldsberg har takka ja til å vere konstituert teatersjef ut året.
— Ho har vore tilsett ved teateret som kunstnarleg konsulent sidan oktober i fjor, og ho kjenner dei tilsette og produksjonane godt. Ho har med seg verdifull erfaring inn i stillinga, seier Mo.
Kjeldsberg er utdanna ved regilinja på Teaterhøgskolen KHiO og har i tillegg studert teaterproduksjon og litteratur på NTNU. Ho har jobba som regissør både i Norge og i nabolanda Sverige, Finland og Danmark. Ho leia Norsk Dramatikkfestival saman med Line Rosvoll i ein femårsperiode på 2000-talet og har sidan 2014 vore tilsett på Dramatikkens hus som dramaturg. Ho er dessutan styreleiar i Assitej Norge, ein verdsomspennande medlemsorganisasjon for dei som arbeider med scenekunst for barn og unge.
— Eg opplever eit hus med tilsette som drar i lag og vil masse på vegner av scenekunsten. Eg vil jobbe for å styrke felleskapsarenaen som teatret er, både opp mot publikum og internt. Teater Vestland er eit lokalt forankra teater som eg ønsker at endå fleire folk i regionen skal kjenne eigarskap til, fordi det er deira teater. Vi er til for publikum, seier den konstituerte teatersjefen.
I det komande året skal ho realisere repertoaret som er lagt, i tillegg til å planlegge produksjonane framover.
— Det er planlagt fine og interessante prosjekt i 2025. Ikkje minst er vi godt i gang med å øve inn to framsyningar som har premiere no på våren: «Putemannen» som skal på turne til kulturhus i Vestland, og «Vestlandet» som skal på turne til grendehus i fylket. Eg håper publikum gler seg til å sjå desse. Vidare skal eg syte for planlegginga av dei neste åra, samt få på plass eit kunstnarleg råd og gjennom det styrke kunsten sin plass i institusjonen, seier Kristina Kjeldsberg.
20. januar kom nyheten om at teatersjef på Teater Vestland, Ceclie Lundsholt, gikk på dagen. Her forklarer hun hva som er grunnen til at hun valgte å gå.
Styreleiar på Teater Vestland, Rasmus Mo, svarer her på innlegget frå tidlegare teatersjef Cecilie Lundsholt.