S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Ramus Mo – 7. februar 2025

Ei tydeleg ansvarsfordeling gir balanse

Rasmus Mo Foto: Espen Nyttingnes


Publisert
7. februar 2025
Sist endret
7. februar 2025
Tekst av

Debatt Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/ei-tydeleg-ansvarsfordeling-gir-balanse
Facebook

(Ingen innlegg)

Styreleiar på Teater Vestland, Rasmus Mo, svarer her på innlegget frå tidlegare teatersjef Cecilie Lundsholt.

Dei som har følgt med på mediebildet den siste tida, kan kanskje sitje att med inntrykket at Teater Vestland skal slutte å lage kunst. At teateret skal parkere samfunnsoppdraget sitt. Ingenting kunne vore fjernare frå verkelegheita, og det vil eg gjerne få utdjupe.  Det stemmer at styret har gjort endringar i ansvarsfordelinga mellom teatersjef/dagleg leiar og direktør, dette fordi vi såg behov for å tydeleggjere arbeidsfordeling og utnytte ressursane endå betre. Vi toler godt at det er ulike oppfatningar om dette. Her eig vel ingen sanninga, men nokon sit faktisk med det overordna ansvaret. Og då er vi pliktige til å alltid sjå etter optimale løysingar og iverksetje naudsynte endringar - som for nokre kan opplevast smertefulle der og då. Ved dei aller fleste institusjonsteatera er det ei fordeling av oppgåver mellom ein teatersjef og ein direktør, og det er det gode grunnar til. Det tar vare på dei tilsette og reduserer konfliktar og misforståingar. Teatersjefen kan fokusere på det kunstnarlege arbeidet: repertoarval, skodespelarar, regissørar, kunstnarlege visjonar og kvaliteten på produksjonane. Og direktøren kan konsentrere seg om økonomi, personaladministrasjon, budsjett og drift. Ei tydeleg ansvarsfordeling gir balanse mellom kunst og økonomi i ein organisasjon som skal vare mykje lenger enn den enkelte teatersjefen og direktøren. Men det betyr ikkje at dei to rollene er jamstilte på Teater Vestland. Vi har framleis einleiarmodellen som er vanleg i teaterbransjen, der teatersjefen er dagleg leiar og direktøren er ein tett samarbeidspart. Det vil seie at teatersjefen har siste ordet i alle avgjersler. Det er ein litt underleg tanke at trygg, økonomisk styring skal stå i vegen for kunsten. Eg vil hevde at det er tvert om. Med denne ansvarsfordelinga ligg det godt til rette for å lage scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet til folk i heile Vestland. Den jobben skal Teater Vestland halde fram med å gjere, slik teateret har gjort i snart 50 år.


Debatt
Refleksjonar frå ein avgang

20. januar kom nyheten om at teatersjef på Teater Vestland, Ceclie Lundsholt, gikk på dagen. Her forklarer hun hva som er grunnen til at hun valgte å gå.

av Cecilie Lundsholt

S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no