Cecilie Lundsholt.
Refleksjonar frå ein avgang
20. januar kom nyheten om at teatersjef på Teater Vestland, Ceclie Lundsholt, gikk på dagen. Her forklarer hun hva som er grunnen til at hun valgte å gå.
Eg har opplevd meg sjølv som uendeleg privilegert som har fått forvalte fellesskapets midlar i scenekunsten si teneste. Teateret er ei av vaktbikkjene i samfunnet, vi skal verne om ytringsfridommen, vi er ein del av Noregs beredskap og vi er offentleg finansiert. Difor bør det oppta oss som fellesskap korleis scenekunsten er organisert, korleis vi sikrar at han er fri og autonom og i sentrum av kunstinstitusjonane. Teater Vestland har vore gjennom ein pandemi, bygging og flytting inn i nytt hus. Endringar er utfordrande, og det skal ikkje leggjast skjul på at ikkje alle har vore einige i retning og tiltak. Slike endringar er òg krevjande, noko som kom til syne i arbeidsmiljøkartlegginga vi gjennomførte våren 2024. Vi tok alle innspel på største alvor og arbeidsmiljøet betra seg hausten 2024, noko som vart stadfesta til meg av bedriftshelsetenesta i slutten av november. Eg vart difor overraska då styret utan forvarsel i desember vedtok å endre organisasjonsforma og samtidig fråtok teatersjefen ein betydeleg del av ansvaret som låg til stillinga. Frå å ha dagleg leiar og teatersjef på topp, vedtok styret at Teater Vestland heretter skal ha ein modell med to leiarar sidestilt i organisasjonskartet. Grunngjevinga var heimla delvis i eit dårleg arbeidsmiljø og delvis i at direktøren var fast tilsett, medan teatersjefen er tilsett på åremål. Då eg opplevde styret sitt vedtak som uklokt, bad eg styret reversere det. Styret heldt likevel fast på vedtaket, og vi vart dermed einige om å skilje lag i minnelegheit. Eg er av den oppfatning at teatersjefen bør ha det overordna ansvaret for både kunstnarisk og økonomisk drift, slik at ein sikrar at kunsten alltid kjem fyrst. Dette i tråd med kjerneformålet til teateret: å produsere scenekunst av høg kvalitet. Kunstnarlege prioriteringar påverkar økonomien, og økonomiske avgjerder påverkar kunsten. Difor er det avgjerande å ha ein leiar som kan handtere begge dimensjonar samtidig, utan at dei står i konflikt med kvarandre. I norsk teater har det vore eit normativt prinsipp at teatersjefen er den øvste leiaren. Modellen har gitt dokumenterte gode resultat, og han sikrar at kunsten blir prioritert og står i sentrum. Eg meiner at ved å endre leiingsmodellen, risikerer Teater Vestland over tid å svekkje si evne til å oppfylle samfunnsoppdraget sitt. Ambisjonen min var å gjere Teater Vestland synleg lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt og fortelje viktige historier for alle som bur i regionen vår. Resultatet er synleg med nytt teater i Førde sentrum, ny modell for turné, ny avdeling for å ivareta utvikling av nynorsk som scenespråk, nasjonale og internasjonale prisar, men viktigast av alt: eit solid repertoar med gjennomgåande gode framsyningar av høg kunstnarleg kvalitet på turné i heile fylket. For å få til dette har eg trengt det handlingsrommet og mandatet som låg til teatersjefstillinga då eg takka ja. Det eg har elska mest med jobben min som teatersjef har vore samspelet mellom alle som må til for å skape verkeleg godt teater. At vi saman fortel historier som har kraft i seg til å overraske, utfordre, provosere og sette oss sjølv, liva våre, samfunnet og verda i perspektiv. Det skal eg halde fram med, men no som frilans scenekunstnar i staden for som teatersjef ved Teater Vestland.