Aslak Moe Foto: Andreas Roksvaag
Aslak Moe blir ny teatersjef ved Teater Vestland
Styret ved Teater Vestland har tilsett Aslak Moe som teatersjef for åremålsperioden 2026 til 2029. Det melder teateret i ei pressemelding.
Aslak Moe tar til i jobben 1. januar 2026, når kontrakten til konstituert teatersjef Kristina Kjeldsberg opphøyrer. — Styret ved teater Vestland er særs glade for at vi no kan ønske Aslak Moe velkommen til teateret som vår nye teatersjef. Moe har brei erfaring, og han er solid på det kunstnariske samt har den leiarprofilen vi såg etter. Moe si breie kunstnariske erfaring gjer at han er særs godt rusta til å vidareutvikla teater Vetland si rolle både lokalt, regional og nasjonalt, seier styreleiar Rasmus Mo. Moe fekk tilbod om jobben etter ein grundig prosess, og han tar fatt på eit innhaldsrikt åremål der Teater Vestland mellom anna skal markere 50-årsjubileum i 2027. Han kjem frå jobben som husdramaturg ved Det Vestnorske Teateret.
Aslak Moe har programerklæringa klar: — I den tida eg får leie Teater Vestland, vil eg at det skal vere eit sant folketeater, som skal berike publikum med unike opplevingar dei kjenner seg igjen i. Somme tider kjem vi til å spele teater på nye arenaar, og somme tider kjem scenen til å vere befolka av andre enn skodespelarar. Mykje av innhaldet kjem til å komme frå regionen. Det blir mykje musikk og humor, men òg stoff til ettertanke, seier Aslak Moe.
Det har kommet totalt 12 søknader på stillingen som teatersjef på Teater Vestland
Kristina Kjeldsberg er konstituert som teatersjef ved Teater Vestland ut året. Ho er utdanna regissør og har brei leiarerfaring.
20. januar kom nyheten om at teatersjef på Teater Vestland, Ceclie Lundsholt, gikk på dagen. Her forklarer hun hva som er grunnen til at hun valgte å gå.