S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Anders Olai Neerland Kruse – 3. april 2023

Nydeleg, dramatisk og litt famlande

Eirik Krokfjord som David. Foto: Ove Wuttudal.


Publisert
3. april 2023
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Kritikk Musikk Opera

David and Bathsheba Lademoen kyrkje, 24. mars 2023

Trondheim Symfoniorkester & Opera og Grażyna og Kiejstut Bacewicz musikkuniversitet i Łódź

Musikk: Ståle Kleiberg Libretto: Jessica Gordon Dirigent: Alexander Humala Konsertmester: Joanna Wronko Regi: Beata Redo-Dobber Scenografi: Beata Redo-Dobber Kostymedesign: Beata Redo-Dobber Lysdesign: Adam Trauntz

Batsheba: Marlena Rygiel David: Eirik Krokfjord Joab: Jostein Fahre Uriah: Wiktor Sobkowiak Nathan: Marcel Orłowski

Trondheim Symfoniorkester Trondheim Vokalensemble

Elevar frå Grażyna og Kiejstut Bacewicz musikkuniversitet i Łódź (scenekor)


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/nydeleg-dramatisk-og-litt-famlande
Facebook

Den polsk-norske produksjonen av Ståle Kleiberg sin “David and Bathsheba” er slåande, men prega av underlege sceniske grep.

Bibelhistoria om kong David og den vakre Bathsheba vart gjentolka av den trondheimsbaserte komponisten Ståle Kleiberg i 2008, og 24. og 25. mars blei operaframsyninga satt opp på nytt i Lademoen kyrkje. Dette var eit samarbeid mellom Trondheim Symfoniorkester & Opera og Grażyna og Kiejstut Bacewicz musikkuniversitet i Łódź, og produksjonen skal også spelast i Łódź 24. mai.

Handlinga byrjar med Kong David som ei søvnlaus natt får auge på den vakre Bathsheba når ho badar på eit tak i byen under han. Han blir straks fylt av eit valdsamt begjær etter denne kvinna og får henne brakt opp til han. Dei ligg saman, og Bathsheba blir gravid. Uria, mannen til Bathsheba, blir kalla opp til David, og kongen gjev han løyve til å fare heim frå krigen, i håp om at han skal ligge med henne for å dekkje over utruskapen. Uria nektar – det kjem ikkje på tale at han skal sove i ei mjuk seng medan soldatane hans ligg ute i marka. Dermed må Uria døy. David sender han til fronten av krigen, kor han blir felt, og David tek Bathsheba som si kone. Seinare kjem profeten Nathan til David sin heim og spår at for denne synda skal David sin son døy. David angrar seg og søkjer å gjere bot, men til inga nytte. Sonen døyr uansett.

Kleiberg på sitt beste Musikalsk er verket heilt utsøkt. Kleiberg sitt uttrykk kan nokre gongar bli litt einsformig, men i David and Bathsheba er han i sitt ess. Musikken er frodig og mektig og direkte perfekt orkestrert. Den er prega av eit vanvitig godt handlag med musikalske motiv og fargane i orkesteret. Dirigent Alexander Humala leier også orkesteret på presist vis, men eg sakna litt trøkk nokre stadar – sjølv om det kan skuldast sjølve rommet meir enn musikarane sjølv.

Scenografien – ved Beata Redo-Dobber – gjer ein strålande jobb her. Heile handlinga spelar seg ut på eit platå midt i kyrkjerommet, utan kulissar eller rekvisittar, med publikum spreidd rundt heile scenen. Det kjendest ut som alt spelte seg ut på eit astralt plan, på ei svevande plate ein stad ute i verdsrommet, omringa av stjerner. Koret – som står oppe i galleriet, ute av syne frå der eg satt – er supplert av åtte solistar på scenen. Dei er kledde i svarte hettegenserar og har dramatisk sminke, og heile tida er dei en kombinasjon av dansarar og gresk kor. Dette gjev ein utruleg dynamikk til scenebiletet. Det er ei tidlausheit over den tomme scenen fylt av kvervlande mørkemenn og kong David som er kledd i gull og glitter. Ute på den astrale scenen blir handlinga i dramaet så abstrahert at det på eit vis blir retta mot noko anna enn dei realistiske kjenslene og personane me er vande med. Dette gjer at sjølv om songarane stort sett ikkje er dei heilt store skodespelarane, kler dei overdramatiske og litt keitete gestane deira scenebiletet godt.

Solistane består av ei blanding av norske og polske songarar, med varierande inntrykk både som skodespelarar og songarar. Dei polske er jamt over eit hakk betre enn dei norske, og Marcel Orłowski er spesielt sterk i rolla som Nathan. Eit slankt tårn av ein bass med hole kinn, djupe auge og ei dramatisk, lyrisk stemme – dette er heilt perfekt casting. Det er som om dauden sjølv, eller eit eller anna gudeleg vesen, trår inn i kyrkjerommet. Orłowski gjer ein slåande figur, og eg skulle ynskje han hadde ei større rolle i verket. Marlena Rygiel gjev ein kompetent, om litt preglaus Bathsheba. Stemma hennar er presis og dramatisk i stort sett heile registeret, sjølv om ho ofte går tom for luft i botnen.

Marlena Rygiel som Bathsheba. Foto: Ove Wuttudal.

Litt meir manglande er diverre Eirik Krokfjord som kong David. Krokfjord har markert seg som ein solid solistsongar dei siste åra – mest underhaldande skildra som “sikkert god han også” av Akers Avis Groruddalen, men særleg i fyrste akt var ikkje stemma hans sterk nok til å bere ei slik tittelrolle. Sjølv om klangen vart meir fyldig etter kvart var den heile tida prega av ein underleg hol kvalitet, og sjølv om ein kan tenkje seg at dette var eit kunstnarisk val, falmar han vekk mellom dei langt klårare stemmene til Wiktor Sobkowiak og Orłowski. Krokfjord gjer likevel ei veldig sterk rolletolking. Han har tidlegare vore solist i Peter Maxwell Davies’ Eight Songs for a Mad King, og eg syns å kunne sjå ein stor likskap i dei to tolkingane. Det er ein fryd å sjå han portrettere David som ein halvmanisk, egoistisk jålebukk.

Æve til bry Det sentrale konseptet i David and Bathsheba er æve. Denne ævetematikken vart formidla på fleire vis, nokre med større suksess enn andre. Kjærleiken, sorga, lyst, plikt – den gamle bibelhistoria blir omspunne av abstraherte versjonar av desse kjenslene for å avdekkje universaliteten deira. Kjernen i verket er å finne i den heilt siste replikken – “Men Gud skapte mennesket for evigheten” – og dermed skal det begjæret David kjenner for Bathsheba, og den sorga dei kjenner når sonen deira døyr, også vere vår eigen.

Diverre er scena konstant omgitt av projiserte bilete og videoar, og dette er eit så dårleg element at eg rett og slett ikkje forstår kvifor dei vart teke med. Animasjonar av slangar og kjettingar som må ha vore undermåls allereie i 2008; generiske videoklipp av jenter med teip for munnen; svart-kvitt-bilete frå assorterte folkemord; alt dette gjer at heile framsyninga blir ganske klønete. Sjølv om eg forstår at noko av tanken er å byggje oppunder dei evige, universelle kjenslene er effekten berre klein. Inntrykket minner meir om søndagsskule i distrikts-Noreg enn ein seriøs samtidsopera.

Jamt over er dette ein solid og dramatisk produksjon prega av eit par merkelege grep. Den ubegripelege lysbileteframsyninga og det litt varierande nivået på songarane trekk David and Bathsheba nedover, men ikkje så langt at dette ikkje framleis er ein solid produksjon av eit særs sterkt musikalsk materiale.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no