S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Marit Bendz – 3. mai 2016

Lagnader, dans og drøs

Der båra bryt. Bremanger kulturlag 2016


Publisert
3. mai 2016
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Teater

Bremanger kulturlag Der båra bryt Eit historisk vandreteater. Grotlesanden i Bremanger 29. og 30. april

Regi: Torkil Sandsund Tekst: Maria Tryti Vennerød, Torkil Sandsund, Fridtjov Urdal Scenografi: Tormod Lindgren Produsent: Ingrid Hansen Musikk: Rune Rebne og Ludvig Eblaus Koreografi: Kristin Ryg

Bremanger musikklag, Bremanger kammerkor, prosjektkor

Støttet av Norsk kulturråd, Fri scenekunst

Handlingen baserer seg på en sann historie fra Bremanger fra tidlig 1800-tall om en brud som står i kirken og venter på brudgommen, og får vite at båten med brudgom og følge har gått ned.

Der båra bryt er utviklet over en periode på tre år. Tiltaket «Nye Bremanger» utfordret lokale kunstnere og kulturarbeidere til å lage et større kulturarrangement i kommunen. Organisasjonen Bremanger kulturlag ble etablert for å gjennomføre prosjektet. Skuespillere og sangere har tilknytning til kommunen, mens profesjonelle krefter ble hentet inn på den skapende siden.

http://www.derbaarabryt.no


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/lagnader-dans-og-dros
Facebook

– Folk druknar. Poenga druknar. Bårene klukkar meir enn dei bryt. Men likevel er det overveldande. Elementa kryp innunder varmedressen saman med lagnadene, skriv Marit Bendz frå vandreteater i havgapet i Bremanger.

Det er noko eige med Sogn og Fjordane. Store kulturopplevingar har ein tendens til bli lagt til dei mest bortgøymde stader i dette fylket, som i seg sjølv er så bortgøymd at folk på andre sida av fjella knapt veit kor det er. Likevel finn folk fram.

Det er fredag og vegen går frå Førde, ut mot Florø og kysten, før den svingar av nordover. Det er kastevindar og piskande regn på tvers. Det skal jammen bli ei heftig teateroppleving dersom dette vêret varer ved. Men Yr har lova at sola skal bryte igjennom før båra bryt.

Eit villt, steinete landskap, utan teikn til sivilisasjon. Brått dukkar eit smelteverk opp i botnen av ei fjordarm. Så held svingane fram, utan gulstripe, millom bakkar og berg utmed havet. Gjennom tunellar, over bruer og under over alle under – det letnar.

Mikrofonsensur Grotlesanden er 700 meter lang, og utpeika til ei av dei finaste og kvitaste badestrendene i landet. Staden var lenge ein lokal løyndom. Bussane går att og fram med stadig fleire teaterpublikumarar. Her er lite pels og stilett, meir varmedressar og fjellstøvlar. På andre sida av den vesle vika skjer det noko. Eit brurefølgje? Det er iallfall ein brurgom, ein spelemann, sinte kjerringar og fulle flasker. Lokale skjellsord og saftig banning haglar ut over båar og skjær, men nokre poeng forsvinn inn i ein mikrofon som ikkje verkar. Kanskje det var sensuren som slo inn?

Der båra bryt. Bremanger kulturlag 2016

Langsamt startar vandreteateret bortetter stranda. Noko plastbøss har reke i land, kanskje er det ein del av kulissane. Svermen av menneske vert òg ein del av kulissane, men assosiasjonane går meir til folkevandringar på andre badestrender lenger sør, vakre strender stenka i blod, håp og knuste draumar. Elles går praten mellom kjentfolk som ikkje har sett kvarandre på ei stund, mobilane knipsar og på scena er ein prest, dørgande full, han og, men han kjem seg i båten med bibelversa sine på slep. Dobbeltmoral er betre enn ingen moral, vert det sagt.

Dei er vakre, desse gamle trebåtane, ein færing og ein sekskeiping. Svermen vert møtt av nokre ungar, som leier folk vidare, mot jenta i oljebukse, den blinde Erla. – Noko skal hende, seier ho. Spenningen og forventningane stig i det folk går det siste stykket og til slutt benkar seg på den provisoriske tribunen.

Kvinna Brite vert pynta til brur. Men han kjem nok aldri fram, denne staslege, men sørgjeleg fulle brurgommen vi såg tidlegare. Ikkje i live. Segner og songar triller ut i sanden. Havet gjev og havet tek. Gud gjev, men mest tek han. Kvifor skal ein vende seg til Han i sorga, Han som kunne hindra ulukka? Dei underjordiske riv og slit i barnet som vert fødd utan far, eller er det kanskje sjukdom, eller berre fattigdom. Det er så mykje som skal forteljast, det er så mange personar, det er replikkar som ikkje når ut og namn som aldri vert høyrd, berre lese om i programheftet seinare.

Likevel er det overveldande. Elementa kryp innunder varmedressen saman med lagnadene til Brite og sonen Magnus, tempoet gjer at iallfall hjernen held seg varm, kva skjedde no? Kven er desse tre skumle vesena med hette og solbriller?

Der båra bryt. Bremanger kulturlag 2016.

Hundreårsbåra Det blenkjer innimellom, i tårer og lått. Ingen veit kor ferja går hen. Når Brite går om bord, kan det vere på veg til dødsriket, over Styx, eller det kan vere båten til Bergen. Ferjemannen er iallfall ein kjent figur for alle som bur på Vestlandet. Erla, jenta i oljebuksa, er ein faktaboks som forklarer kva ein fallvind er, kva ei storbåre kan gjere. Ho forklarer hundreårsbåra og kor stor den kan verte. Det er fint med slike fakta. Så rasar alt av garde som Raske menn med Verdshistoria på fem minutt. Det er bedehus og sanitet, kvinnekamp og klassekamp.

– Ska du ha meir kaffi? gaular ei driftig dame medan vinnarlodda på basaren vert lesne opp. Eit snev av lokalrevy får den etter kvart kalde svermen til å le.

Rytmane av rep som vert dryla i dørken, lyden av skipsklokka, hornmusikk og kor. Det er vakkert, det høyrer til her ute der båra bryt. Edruskap og bannskap. Ei forundra måke flyg over himmelen, som stadig mørknar. Frå vatn er du komen, og til vatn skal du bli.

Solidariteten som tidlegare låg i loddsal på basaren, dukkar i dag opp på ein app på mobilen. Men solidariteten har bleikna og vorte erstatta med egoisme. Kampen for fred, fridom og brorskap har sakte stilna, jo rikare vi har blitt.

Her er mykje til ettertanke, men til tider litt for mykje.

Det er no bryllaupsfesten skal ta over der på scena, med 70 amatørar, songarar, musikarar, alle dei friviljuge og dei nærare 400 som har kome for å vandre teater. Fest med suppe, gløgg og heimebrygga øl. Ølet vart stoppa av lovar og skjenkereglar og mattilsyn. Suppedamene, som står klare bak tribuna, nektar å flytte seg ut i lyset. Folk er for mange og mørkret for tett, det er kaldt og alle vil ha suppe no.

Det går seg til. Dei gjer det litt annleis dagen etter, på neste framsyning. Vandreteater på ei aude strand i Sogn og Fjordane er prøving og feiling. Suppedamene våga seg fram i rampelyset og det vart fest med dans og drøs.

Halve Bremanger har vore med, om ikkje anna på å sy i ein knapp eller snikre scene av pallar. For dette er deira historie, dette er deira songar, deira soger, deira fedrar som forsvann på havet, deira mødrer som kjempa vidare, for at dei skulle få eit liv. Dei er med god grunn stolte av soga om fiskarbonden, som har fått ein så stemoderleg plass i historiebøkene.

Mellom 800 og 900 såg Der båra bryt denne helga. Vona er at Bremanger kulturlag kan sette opp att stykket annakvart år. Tida får vise. Ideen og historiene og tre års arbeid fortener det.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no