S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Marit Bendz – 3. oktober 2023

Tvisyn på kjærleik inntil døden

Scenografi og kostymedesign: Milja Salovaara. Lysdesign: Martin Myrvold. Foto: Magnus Skrede.


Publisert
3. oktober 2023
Sist endret
3. oktober 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Tollak til Ingeborg

Teater Vestland, 28. september 2023.

Produsert av Teater Vestland og Riksteatret

Forfattar og dramatikar: Tore Renberg

Regissør: Miriam Prestøy Lie

Scenograf og kostymedesigner: Milja Salovaara

Komponist og lyddesigner: Selma Stang

Lysdesigner: Martin Myrvold

Medverkande: Kyrre Eikås Ottersen, Andrine Sæther, Sebastian Biong, Malene Wadel og Harald Ottesen Nødtvedt.


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/tvisyn-pa-kjaerleik-inntil-doden
Facebook

Det er mørkt og dystert, både inni og rundt Tollak til Ingeborg.

Den gamle stabukken Tollak har vorte åleine. Kona Ingeborg, som han elska så høgt, er borte. Ungane har flytta og vil helst ikkje kome heim. Berre Oddo bur saman med han der inne i dalen, ute i floren. Tomsingen.

Etter kvart forstår vi at Tollak ber på ein grufull løyndom.

Tollak, som tykte alt var greitt før. Som ikkje liker den nye tida. Som ikkje liker at dottera fjongar seg der inne i hovudstaden.

– Om eg ikkje seier stort, er eg ikkje ordlaus, seier Tollak.

– Eg høyrer fortida til. Den tida vi lever i no, ho er ikkje mi. Det var ikkje her eg blei fødd. Det var ikkje her eg blei skapt. Det var ikkje dette eg lærte.

Har fylla skulda?

Skinet frå vedomnen lyser opp i manesjen, det runde golvet innafor den låge muren er dekka med flis, eller er det sand? Er det ei trampoline? Det er som om golvet gynger litt under føtene til Tollak. Ei raud, samansnurpa gardin heng over manesjen, som ein mellomting mellom ein menskopp og eit raudvinsglas. Gode Ingeborg kjem og går, levande og død, med eit sinn like lyst som Tollak sitt er mørkt. Mildt prøver ho å tygle dei farlege kreftene som riv og slit i mannen.

Stykket er stort sett tru mot boka med same namn, Tollak til Ingeborg av Tore Renberg. Men på eitt punkt skurra det for underteikna. Var Tollak så dørgande full at han låg og kravla hjelpelaus på golvet, så lenge? At Tollak har eit alkoholproblem i periodar, forstår vi. Då jaga Ingeborg han til fjells, der han drakk av seg svartsynet, på hytta som bestefaren bygde med sine eigne hender.

Den sanselause rusen tek fokuset og skulda vekk frå dette altoppslukande raseriet mot verda og tida som har vorte så vrang og vanskeleg. Sagbruket han arva etter far sin ber ikkje av seg lenger, etter at det store byggevarehuset kom til bygda. Denne botnlause fortvilinga druknar litt i fyllekula denne kvelden, medan han ventar på at ungane, Hillevi og Jan Vidar, skal kome heim, slik at han kan fortelje dei kva som eigentleg skjedde med mora Ingeborg.

Makt og avmakt

Tollak kjenner avmakt i høve framskrittet, banken, media og dei store kjedene som utkonkurrerer alle dei små, lokale bedriftene. Denne nye tida der det ikkje er plass til eller bruk for den gamle kunnskapen, til kvalitet og – ja, levande bygder? Tore Renberg set fingeren på noko større enn ein stabeis oppi dalen. Har han ikkje trass alt litt rett, denne Tollak til Ingeborg?

Komponist og musikar Selma Stang har brukt Hillevi, spela av Malene Wedel, som utgangspunkt når ho har skrive musikken. Wedel har ei dobbelrolle og kjem no og då inn frå sidelina med bassgitaren sin. Det er uklart kvar den klokkeklare songen og dei drøymande tonane kjem ifrå, men dei er gode, vakre avbrekk i eit elles mørkt univers. På same vis står den sterke kjærleiken mellom Tollak og Ingeborg, på trass av byene hans, i skarp kontrast til raseriet han ber på.

Elles er det lite å bli glad over, lite å le av, anna enn litt dempa humring når Tollak fortel om då har kasta ut fjernsynet og karikerer journalisten han snakka med då han sa opp lokalavisa. Men humringa har ein bismak. Det har snike seg inn ein viss sympati for denne tragiske gamlingen som har mista alt han var glad i, utan at han klarer å sjå at han kunne gjort noko annleis. Det er alle dei andre som har skulda. Det er den nye tida som har skulda.

Kyrre Eikås Ottersen er strålande og truverdig i rolla som Tollak, det same er Andrine Sæther som Ingeborg. Men mest av alle imponerte Sebastian Biong som Oddo, der har dansar rastlaust og nervøst rundt med hender og armar i konstant rørsle. Lausungen, idioten.

Det nye Nynorskhuset

Dette var ein dobbel urpremiere. Teater Vestland har flytta inn i nye lokale i Nynorskhuset i Førde, i lag med lokalavisa Firda og NRK Sogn og Fjordane. Denne torsdagen var det også offisiell opning av huset.

Den nye teatersalen har gode stolar og god plass. Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt sa i talen under opninga at dagen var eitt av høgdepunkta i livet hennar.

– Det er få forunnt å byggje og opne eit heilt nytt teater, strålte ho.

Tollak til Ingeborg er ei heilstøypt framsyning med knallgode karakterar og musikk som lindrande motvekt til alt det vonde. Dette er det fjerde samarbeidet mellom regissør Miriam Prestøy Lie og bergenskomponisten Selma Stang. Den litt psykedeliske, men også punkinspirerte musikken funkar saumlaust saman med handlinga. Alle treng å sjå verda frå ståstaden til Tollak av og til, sjølv om sympatien med mannen krympar jo betre du vert kjent med han.

Halvannan time seinare smyg eg meg gjennom gruppene med bunadskledde og kanapéetande minglarar, som lokalavisa Firda skildra slik på kornet: «Toppolitikarar, utvalde kultur- og medieprofilar, brukarar av huset, kommunetoppar og anna finfolk.» Alt dette som Tollak mislikte. Endeleg ute ligg ein regntung, grå by der framskrittet byggjer fleire og breiare gater mellom dei fargelause, stilreine nye høghusa. Eg ser Førde med auga til Tollak. Det er dystert.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no