S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Marit Bendz – 17. oktober 2023

Torn og Rose med og utan briller

Foto: Espen Nyttingnes. Scenograf og kostymedesignar: Birgitte Strid. Lysdesign: Vegar Angel Andreassen.


Publisert
17. oktober 2023
Sist endret
17. oktober 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Torn & Rose i eventyrland Urpremiere 30. august 2023 på Nordland Teater premiere i Førde 12. oktober 2023 Produsert av Nordland Teater, Teater Vestland og Teatret vårt i samarbeid med Glitch Studios, Arshow og Storyline Studios.

Dramatikar og regissør: Cecilie Grydeland Lundsholt Medverkande: Carina Furseth, Peder Lauvås og Idun Losnegård (Vestland) Johanna Mørck (Møre og Romsdal) og Linda Brean Mathisen (Nordland) Scenograf og kostymedesignar: Birgitte Strid Komponist: Johann Prell Lysdesign: Vegar Angel Andreassen Videodesign: David Lejard-Ruffet Lyddesign: Yvonne Stenberg


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/torn-og-rose-med-og-utan-briller
Facebook

Tenk om magien i eventyra skulle forsvinne? Eller er den allereie i ferd med å bli borte i all støyen frå dei kjappe, flimrande skjermane?

Når dei to heltane i Torn & Rose i eventyrland spør ungane i salen om kven som har ete av eplet, kven det er si bønne, kven som har mista glasskoen, så veit dei det. Eventyra er framleis levande hos den digitale generasjonen. I dette gamalmodige, men også fargerike biblioteket er alle eventyr i verda samla, saman med rekvisittar. Og merkelege ting skjer. Bøker sprett ut av hyllene, og brått byrjar nokon å snakke inne i spegelen på veggen der. All ære til både scenograf og kostymedesignar Birgitte Strid.

Torn og Rose er vaktarar av eventyrverda. Men noko trugar, både ei skummel alvedronning, eit havmonster og ein drake. Med gamle, støvete bøker og gode, magiske hjelpemiddel klarer dei å nedkjempe den eine etter den andre. Akkurat som i andre eventyr.

Virtual Reality - Auka Røynd

På kvart sete ligg eit par VR-briller, eller AR-briller på nynorsk. Dei er litt trøblete for oss med nærsyntbriller, som må ta dei av før vi kan ta på AR-brillene, elles vert alt uskarpt. Så når vi får beskjeden «På med brillene!», må eg først ta av mine eigne før eg kan ta på desse magiske brillene som gjer at bøker, fiskar og anna flyg gjennom lufta som i eit videospel. Samstundes ser vi Torn og Rose halde fram på scena, som har endra seg frå eit bibliotek til ein magisk skog eller sjøbotn. Effektane er fascinerande, og det er visstnok første gongen dette vert testa ut på ei teaterscene i Europa. Det mest magiske er likevel samspelet mellom Peder Lauvås som Torn og Carina Furuseth som Rose. Sjølvsagt er Rose den kjappaste og modigaste. Når Torn helst vil springe og gøyme seg, står Rose støtt med bogen sin, som ho brukar til å skyte pilar frå hjarte. Dei er begge nydelege i rollene, vi blir glade i begge to.

Magien mellom Torn og Rose

Torn & Rose i eventyrland er eit forsvar for dei gamle eventyra, for bøker, fantasi og magi generelt. Må ungar i dag ha dette visuelle tilleggseffektane for å bli fenga av historia? Eg er usikker, sjølv om eg vert litt hekta på korleis brillene gjev denne ekstra, magiske dimensjonen. Så kan ein fundere over om ein må tilføre desse effektane for at eventyra skal overleve. Druknar dette herlege samspelet mellom Torn og Rose i det fancy og teiknefilmaktige? Tek teknikken vekk magien frå det som kan oppstå på ein scene mellom menneska der? Ungane i salen var tydeleg begeistra. Men aller mest lo dei av Torn og Rose når dei krangla, og Torn var redd og Rose fekk dei villaste idear. Men dette av-og-på med brillene skapar også brot i flyten når det er som mest spennande og fengande. Det skurrar i dobbel forstand når alvedronninga, havets herskarinne og alven snakkar med skurrande smurfestemmer der det mest ikkje er råd å oppfatte orda. Dei høyrest ut som Stavangersmurfen i radioprogrammet Utakt – ein figur eg berre må spole forbi fordi han rett og slett er for ubehageleg å høyre på.

Skummel nok i seg sjølv

Dette er ein samproduksjon med Teater Vestland, Teatret Vårt og Nordland Teater, der urpremièren var tidlegare i haust. Dei to i hovudrollene er med heile vegen, medan dei tre slemme vert spela av lokale skodespelarar og skiftar frå fylke til fylke. I Sogn og Fjordane er det Idun Losnegård som ikler seg desse rollane, og AR-brillene gjer dei ekstra skulme. Men ho hadde fortent å bli forstått betre, utan denne skurrande smurfeeffekten. Losnegård hadde fint klart å vere nifs nok utan, for å vere skummel og fælsleg er noko ho kan. Men ok da, eg var riven med i denne magiske, auka røynda, det var ei heilt ny og spannande teateroppleving. Mannen i 40-åra ved sida av meg var i alle fall vilt begeistra. Det same var tenåringen som mora hadde dratt med på eventyr, og som truleg ikkje er så oppteken av Tornerose og Snøkvit lenger. Han likte det han såg. Så da skal ikkje eg vere ei sur gammal kjerring som gneg om at desse nymotens greiene ikkje er naudsynte for å skape magi. Men likevel; kanskje er det nettopp det Torn & Rose i eventyrland vil fortelje oss; det som trugar magien i den tidlause eventyrverda er ikkje drakar og andre uhyre, men kaskadane av virtuelle inntrykk.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no