S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Amund Grimstad – 27. november 2012

Tek barn på alvor

Du skal få høre fuglesang. Trøndelag teater 2012. Foto: fra underskog.no


Publisert
27. november 2012
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Du skal få høre fuglesang Av Teater Fot

Du skal få høre fuglesang. Du skal få slippe å synge selv. Din lytting skal være din sang. Jan Erik Vold

Idé og regi: Lise Hovik Koreografi: Line Strøm Musikk: EnEnEn: Tor Haugerud, Eirik Hegdal og Michael Francis Duch Scenografi: Ingrid Becker Med: Andreas Medbøe Thoresen, Janne Brit Rustad og Live Strugstad

Trøndelag Teater, Teaterkjellaren Blir spela fram til 12. desember.

Et samarbeid mellom Teater Fot (www.teaterfot.no) og Trøndelag Teater. Inngår i forsknings- og utviklingsprosjektet SceSam (www.scesam.no)

Prosjektet er støttet av Norsk Kulturråd, Sør-Trøndelag fylkeskommune og Trondheim kommune


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/tek-barn-pa-alvor
Facebook

MELDING: Teater Fot har laga tre eksperimentelle, interaktive og særs opplevingsrike framsyningar for barn på Trøndelag Teater. Dei har knapt noka nedre aldersgrense, skriv Amund Grimstad.

Lise Hovik er dramapedagog og har gjennom gruppa Teater Fot vore spesielt opptatt av teater for dei aller yngste. I 2008 laga ho den grensesprengande framsyninga «De Røde Skoene«. Det var ei sanseleg, poetisk og særs leiken oppsetting der Hovik synte at det går an å lage intelligent og opplevingsrikt teater også for ungar som er berre eitt til to år gamle. Over same lest har ho nå produsert ein teatertrilogi for dei minste med utgangspunkt i ornitologien. Dei tre framsyningane på dryge halvtimen kvar hadde urpremiere på Trøndelag Teater laurdag, og nok ein gong syner Hovik at teater for barn kan vere både eksperimentelt, interaktivt og særs opplevingsrikt, og ho bryt dramatisk med den barneteatertradisjonen vi i desse førjulstider står midt oppe i.

Dei tre framsyningane heiter «Spurv» (0-2 år), «Nattergal» (3-5 år) og «Hakkespett» (6-9 år). Sams for dei er at dei tek utgangspunkt i fuglane dei er oppkalla etter, at dei er særs musikalske og visuelle, og at dei tek målgruppa si på høgste alvor. Men der sluttar òg likskapen. «Spurv» var ei leiken og interaktiv danseframsyning der koreografert rørsle og enkel dans synte oss sporven, den kanskje mest kjende småfuglen vår, frå klekking og den første famlande utforskinga av den store verda, til mating og nyfiken leik. Etter kvart var ungane i publikum like mye med på leiken og utforskinga som skodespelarane, og til tider var det ganske mange framsyningar i sving på ein gong. Det fantastiske var at dei i så stor grad drog i same retning.

«Nattergal» var ei meir poetisk, episk og tekstbasert historie, bygd på eit eventyr av H.C. Andersen der den bortskjemde prinsessa aldri fekk nok, og til slutt ønska seg ein nattergal. Men fuglen slutta sjølvsagt å synge når han kom i fangenskap, og den kanskje vel tydelege moralen var at både prinsessa og nattergalen først blei frie når dei kom vekk frå slott og bur.

I «Hakkespett» tok Hovik oss attende til dansen og det meir ekspressive. Slik som menneska, hakkar også spettane på kvarandre. Gjennom dans, mime og fuglespråk fekk vi oppleve venskap, utestenging, mobbing, – og forsoning. Det var vakkert framført og trass i utfallet og openberr moral, langt frå moralistisk.

Hovik har eit velinstruert ensemble men likevel med stor individuell fridom ettersom så mye av dette er interaktivt og ein aldri heilt veit kva som vil skje. Dansaren Live Strugstad og skodespelarane Andreas Medbøe Thoresen og Janne Brit Rustad utfyller kvarandre, og har tydeleg studert ornitologien for å få fram dei rette fugleartane. Like viktig som dei tre aktørane, er det musikalske bakteppet. Tre uvanleg dyktige jazzmusikarar syner oss at det som kan vere vanskeleg tilgjengeleg musikk for uvande vaksne, er heilt naturlege lydar for ungar. Tor Haugerud på ulike slagverk, Eirik Hegdal på saksofon og Michael Francis Duch på kontrabass lagde musikk og lydkulisser som ein integrert del av framsyningane. Særleg kom dette fram i «Spurv» som var ei sansemessig totaloppleving, ei vakker og poetisk framsyning der alt kan skje.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 26. november 2012 og er henta fra www.amund.info etter avtale.)


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no