I Get Lost opnar eit svevande tema for gode glimt av menneskeleg søken etter fridom og fellesskap, i eit sceneuttrykk prega av det fysisk kraftfulle. Slik det å gå seg vill skal utforskast scenisk, blir me og som publikum aldri sikre på kor me er. Elin Høyland reflekterer over førestillinga og Hooman Sharifi sin periode som kunstnarisk leiar for Carte Blanche.
På eksistensiell seilas med Carte Blanche
Eg kan førestille meg Hooman Sharifi stå i kulissane til førestillinga Get Lost med eit lurt smil. Eg trur han smiler både til seg sjølv og til det publikummet som sat i salen til Hovedscenen i Den Norske Opera og Ballett i 2014. Det var då han markerte si byrjing som kunstnarisk leiar for Carte Blanche med den sterke – og sterkt omdiskuterte – førestillinga Shadows Remain Silent. Dette var ei førestilling som splitta publikum og skapte debatt om både Sharifi som leiar for Carte Blanche, og dansen som kunstform meir generelt. Då forlét enkelte salen i operaen i protest, medan andre omtalte førestillinga som eit tidsskilje i norsk dansehistorie. Med Get Lost står det langt mindre på spel, og er ei førestilling som fekk publikum til å le, heller enn å reise seg å gå, og mi førestilling om Sharifi i kulissane handlar om ekkoet av Shadows Remain Silent, og korleis Get Lost, då både kan bli til ein freidig beskjed til dei som ikkje liker det dei ser, og ein invitasjon til ei varm og rørande reise for dei som blir med. Ei slags venleg form for utfordring?
Autentisk dans For dei som kjende Sharifi sitt arbeid og hans eige kompani Impure Company var det inga stor overrasking at han og ville setje sin signatur på Carte Blanche. Sharifi sitt arbeid er prega av ei form for utfordring til dansen om å tre ned frå sin estetiske pidestall. Kropp og koreografi blir i staden utforska som fysisk eksistens i møte med samfunnsaktuelle, eksistensielle og politiske tema. Estetisk kjem dette til utrykk gjennom det eg opplever som ei form for grunnforsking, kor dansen først og fremst handlar om å dyrke fram ei autentisk erfaring Ein får med Sharifi sitt koreografiske særmerkje ei forsterka kjensle av samtidsdansen som ein prosess kor både kroppen sine tillærte rørslemønster og samspelet mellom kunst og samfunn går i oppløysing for å undersøkjast på ny.
For dei som ikkje kjende Sharifi sitt arbeid med Impure Company kom Shadows remain silent som ei skaking av grunnvollane i dansekunsten, med eit minimalistisk uttrykk kor maktstrukturane mellom individ og kollektiv skulle utforskast. Dansen uttrykkjer her ein udefinert tilstand, kor formspråket får preg av å vekse nedanfrå og inn i ein organisk dramaturgi. I While They Are Floating (2017) blir dette formmessige grunnmoduset kopla til biografiske forteljingar om å vere på flukt. Dansarane emna her å gjere flyktningefiguren menneskeleg utan å personifisere. Dei innleiande spørsmåla frå Shadows remain silent, blei aktualisert: ”Hvordan oppstår og kollapser kollektivet? Hva er funksjonen av gruppens manglende felles retning eller de sterke individuelle viljene som trekker i ulike retninger? Hva er gruppens overlevelses- og samlivsmetode?” (Sitat fra programtekst til forestillingen), denne gongen med ei heilt konkret samfunnstragedie som bakteppe.
Trass den tunge tematikken synte While They Are Floating oss korleis den kollektive kollapsen som apokalyptisk og negativ kraft, ikkje kan hindre nytt liv i å piple fram, opp av ruinane, nettopp gjennom å la dei individuelle livskreftene skine gjennom, og glimtvis kome til nye møtepunkt, kor håpet igjen kan finne grobotn. Førestillinga minna om korleis det biografiske og kollektive kan blir til destruktive sfærer, men kor desse kategoriane samstundes mister grepet om krafta i individet: Det jaga eller villfarne mennesket tvingast over i undergangen – og over i nye former for fellesskap, og her kjem koplinga til Get Lost sin tematikk, som samstundes tek oss til ein heilt annan stad, eller tilstand.
Inn i det ko(s)miske Ifølgje presentasjonen på Operaens nettside er Get Lost: ”En kjærlig invitasjon til å fortape seg i det ukjente og tilbringe litt tid i usikkerhet.” Tema er å gå seg vill, men den eksistensielle klangbotnen får eit langt lettare preg enn det me har møtt i dei to nemnde førestillingane, og komikken som ofte kjem fram i særs subtile glimt i Sharifi sin koreografi får her ei meir eksplisitt rolle.
Det er altså den belgiske dansaren, performancekunstnaren og koreografen Pieter Ampe som styrer skuta for Get Lost, kor hav-og skipsmetaforen speler ei sentral rolle. I samspel med Carte Blanche sitt ensemble og sitt eige kunstnariske team er det eit meir universelt perspektiv på individet sin søken ut av kjente rammer, men og behovet for fellesskap, som skal utforskast. Det privilegerte individet på flukt i eigen eksistens? Ampe er knytta til kunstsenteret CAMPO i Gent, Belgia, og er kjend for å utforske private relasjonar med humor og sårskap gjennom eit performancebasert danseuttrykk. I førestillinga Jake & Pete’s Big Reconciliation Attempt For The Disputes From The Past, som vitja Black Box teater i 2013, møttes brødrene i ei surrealistisk og humoristisk førestilling som utforska deira eigne relasjonar og minne. I Get Lost blir deira profesjonelle meir enn private samspel utforska i eit uttrykk kor bevegelse og stemmebruk både forsterkar og utfordrar kvarandre. Jakob som er songer og taleterapeut ser ut til å ha teke stor del i den koreografiske utviklinga, fram til eit uttrykk kor dansarane og blir songarar og kor, med framføring av folkeviser og Dylan-låter, fleirstemt og rørande. Å oppleve dansarane som songarar har eit kraftfullt element i seg, som opnar ein ny og uventa dimensjon i det sceniske rommet. Ein estetisk transformasjon me ikkje venter oss. Me blir minna på at eit menneske kan ta ulike former, inngå i ulike fellesskap, og framleis vere den same. Me nærmar oss ein stad kor formskiftet i seg sjølv blir framstilt som noko som fremmar det autentiske meir enn å maskere det. Formskiftet balanserer hårfint mellom det teatralt leikne og det performativt insisterande. Det er eit interessant spenningsfelt.
Scenerommet er delvis arrangert som ein teatergarderobe med ei lang rad kostymestativ ståande langs eine kortveggen på scena. Frå taket heng det ulike trekonstruksjonar eg i utgangspunktet ikkje klarer å plassere i høve til tema, men som i sine geometriske former og materiale gir assosiasjonar både til leiketøy, geometriske reiskap og fysiske lover. På scena kjem dansarane inn ein etter ein i eit kaotisk catwalkfellesskap, kor sprading er stikkord for koreografien. Gjennom tidvis frenetisk kostymeskift og komiske variantar av catwalkgange, rører sekvensen både ved fridoms- og villfaringspotensialet i å dyrke overflatene og det individuelle egoet. Scena går over i eit klimaks kor to av dansarane simulerer eit slags ”primalknull”. Mann og kvinne sitt overskrevs på kvarandre i fargerike trikotar, og det komiske blander seg med eit alvor av forsøk på å nå kvarandre. Dei strever, spyttar og klorer, og lydbileta fører oss gradvis inn i eit jungellandskap, kor dei to kan oppfattast som vakre skapningar, frigjort frå det høg- og popkulturelle livet. Dei er overlatne til sitt grunnmodus: forsøk på kopulering, er lik forsøk på samvær, er lik forsøk på transformasjon?
I alle fall går scena no over i ei ny verd: ensemblet på scena bryt ut i song, nærast som eit slags sjømannkor, irske shanty-tonar, og ein av sceneaktørane haler i tauet til ein av treinstallasjonane som heng frå taket ned i scenerommet. Det knirkar svakt i treet, og det er ein scenisk sterk augneblink kor dei ulike delane til saman gjer scenerommet effektivt om til eit skip. Me skal ut og segle. Muligens på det store kosmiske havet, eller i alle fall; på livshavet. Det opnar seg no eit audiovisuelt landskap kor kaleidoskopiske, fargerike mønster beveger seg i videoprojeksjon på bakveggen, medan ensemblet beveger seg inn i ein organisk kollektiv struktur og musikken går over i mjuk techno. Dansarane blir til ein celleklump, ein organisk tilstand, eller berre det ego-lause kollektivet som rører seg i flokk. Det står fram som ein fredfull, tidlaus tilstand, før det igjen går over i ulike individuelle utbrot frå flokken.
Refleksjonsplattform I møte med Sharifi og Carte Blanche sine dansarar blir Ampe og co sitt sceniske grep til eit overraskande og interessant konglomerat av kunstnarisk praksis, i eit uttrykk som utstråler eit snev av publikumsutskjelling, balansert med eit gjennomgåande lag av varme og humor. Det er og gjennom komikken Get Lost som førestilling tek eit sprang bort frå det tematiske alvoret Sharifi har fokusert på, blant anna symbolisert av havet som kjem inn som metaforisk sceneelement. I motsetting til i While They Are Floating, er havet i Get Lost på eit vis eit bilete på oss sjølve som privilegerte flyktningar i våre eigne liv. I sceneuttrykket ser vi dette gjennom ein vekselverknad mellom eit dansespråk som plasserer seg i randsonene av våre kroppslege rørslemønster, i duettar og trioar kor kroppar går i møte med kvarandre i ei kryssing av kamp og elskov, aggresjon og pasjon, og i gruppesekvensen kor egostøyen stilna i den organiske gangen rundt scena.
Sharifi sitt fokus på tilhøvet mellom individ og kollektiv kjem opp i ein ny ramme, som er forfriskande, men og mindre skarp i fokuset, noko som denne gongen ikkje blir klarare ved hjelp av magasinpublikasjonen som følgjer førestillinga. Magasinet har vore eit fast innslag i Sharifi sin periode som kunstnarisk leiar, utdelt som eit vektig programbilag til publikum (og kan og finnast igjen i digital form på kompaniet si nettside). Sharifi har sjølv presentert magasinutgivinga som resultat av eit ønske om at førestillingane skal få leve vidare gjennom eit konkret objekt etter at publikum går ut av salen. Det er gjennom desse publikasjonane interessant å sjå korleis Sharifi har forma programmet over dei snart fem åra som kunstnarisk leiar for Carte Blanche. I samspelet mellom manifestet som frontar websidene til kompaniet, førestillingane og magasina som er publisert i følgje med dei, står det no igjen eit slags ”oeuvre d’un vie” for ein periode kor kompaniet representerer ein sterk kunstnarisk plattform for refleksjon.
Get Lost-magasinet tek og eit sprang vekk frå tidlegare førestillingar, med å gi det redaksjonelle ansvaret til journalist Hilde Sandvik, som gir tematikken eit litt overforenkla grep og lite dybderefleksjon i høve til koplingane mellom dans, estetikk og tema. Samla sett står likevel magasinet igjen som ein styrke ved Sharifi sitt grep som kunstnarisk leiar. Det handlar om å tenke førestillinga som eit utvida rom med fleire uttrykkskanalar og magasinet blir eit tilskot til å gjere dansen til det Sharifi utlyser i manifestet for kompaniet: ”Vi vil forandre verden. Vårt privilegium er å ha en stemme i offentligheten – en stemme vi kan gi andre”.
Det tredje kjønn Eit gjennomgåande element skaper ein dramaturgisk tråd i førestillinga. Me blir vitne til ein serie av duettar som kan opplevast som ulike forsøk på kopulering både i fysisk og metafysisk tyding. Frå det omtala primalknullet, over til andre duettar kor yttergrensene i det fysiske språket blir utprøvd medan aktørane latar til å vere lima saman. Dei kan ikkje sleppe kvarandre, og søker samstundes både å rive seg laus og kome kvarandre nær. I siste del av førestillinga blir dette til ein trio, kor dansaren Daniel Mariblanca kjem i sentrum i ein duett med Caroline Eckly, kor og ein tredje mannleg dansar bryt inn. Mariblanca presenterer seg sjølv på kompaniet sine nettsider som “en transseksuell person med en flytende kjønnsidentitet”, og brått trer dette fram på scena i det som kanskje til slutt blir det sterkaste tematiske momentet i førestillinga.
I bar overkropp med ein fysisk framtoning som nettopp gir oss kjensle av flytande kjønn, opptrer Mariblanca den eine augneblinken meir mannleg, den andre augneblinken meir kvinneleg, og den tredje augneblinken som eit heilt menneske som alltid allereie rommar det heile, og minner om korleis me alle ber på ulike balansar og ubalansar av feminin og maskulin. Denne scena, kor Mariblanca blir riven mellom dei to andre dansarane, skjer seg inn i ei elles litt uskarp førestilling og skaper eit tematisk avtrykk på førestillinga. Den blir ei rørsle frå å gå seg vill i urkrefter i spel, via eit teatralt barokk-prega leikemodus, over i det kosmiske for til sist å zoome oss inn i den siste trioens dragningar med og mot kvarandre. Kanskje i ei notid kor det å gå seg vill, og det å finne seg sjølv kjem til syne som det å måtte plassere seg som seksuelt vesen. I trioen med Mariblanca i sentrum, blir hen eit bilete på korleis det autentiske må ofrast, anten på individuelt eller kollektivt plan som overlevingsstrategi, men ikkje minst på krafta i å la seg forvandle, og bli den ein heile tida var – og er? Kva må ein halde fast i og kva må ein gje slepp på for å kunne leve i fellesskap, og kor tid er villfaringa, to get lost, eit steg på vegen, og kor tid er det destruktiv eskapisme? Førestillinga gir ingen sikre svar.
At Sharifi med sitt arbeid med Carte Blanche har gitt eit sterkt bidrag i å opne dansekunsten som potent samfunnsstemme trur eg vil stå igjen, med veksande resonans inn i tida me lever i. Det personlege i ensemblet har fått liv på ein måte som ikkje vipper sceneuttrykket over i det private, men inn i eit landskap kor autentiske ytringar med relevans for fellesskapet kan oppstå.