I den svarte boksen sit publikum på dei to langsidene – vaksne på stolar på ei rekke, ungar på puter framfor dei. Forteljarane Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottesen sprett rundt og hjelper folk å finne plassane sine. Med hjelp frå ivrige små publikummarar vert miniatyrhus stilt opp så dei utgjer ei gate mellom oss. Men fordi veggane i den svarte boksen også har dører og vindauge, vert heile rommet også ei gate, der Kyrre og Idun stadig skal stikke hovuda ut og gjere gata levande.
Så kjem mørket, lysa vert slått på i dei små husa og snøen fell. Ein romjulsdraum, eller rettare sagt mareritt. Mellom alle dei fine husa med alle dei fine folka, som vi allereie har blitt presentert for, går ei lita, berrføtt jente hutrande rundt og prøver å selje fyrstikker. Det er mest så vi og byrjar å fryse på beina, sjølv om alle har fått tøflar på.
Barnekonvensjonen
Der Idun i utgangspunktet vil at alle skal vere glade og heller vil spele Snikker Andersen, seier Kyrre at slik er det no berre, det er eventyret om Jenta med fyrstikkene dei skal fortelje og som står på programmet. Så da så.
Piken med svovelstikkene er eit veldig gamalt og forferdeleg trist eventyr, utan lykkeleg slutt. Eit romjulshelvete med himmelen som einaste løysing. I versjonen til H. C. Andersen kjem ingen prins på ein kvit hest for å redde den forfrosne, vesle jenta, som ikkje får kome heim før ho har seld heile bunten med fyrstikker.
Ho vert funnen ihelfrosen neste morgon av dei som ikkje kjøpte ei einaste lita fyrstikk. Trøysta er at ho får kome til himmelen, der snille bestemor ventar. Det er ein mager trøyst i vår sekulære tid. Dessutan har jenta nyleg hatt om Barnekonvensjonen på skulen, den var ikkje oppfunne den gong eventyret vart skrive ned.
Raseri mot likesæle
I det opphavelege eventyret finst det heller ikkje håp om at noko vert betre etter den tragiske utgangen på det korte livet til ei fattigjente, slike det var mange av den gongen. Slike det er mange av også i dag. Men regissør Miriam Prestøy Lie let den fattige jenta få ei stemme, saman med det unge publikummet i salen.
Carina Furseth fyller rolla si som jenta til fingerspissane. Ikkje nok med at ho verkeleg ER ei frosen ni år gamal jente her i gata mellom alle dei fine husa, austlendingen snakkar sunnfjording som ein innfødd, noko underteikna trønder ikkje har klart etter førti år her vest. Ho finn seg slett ikkje i at slutten skal vere så trist, og ho tek regien i eigne hender. Eg skal ikkje røpe slutten. Dette er ingen politisk versjon av Pippi, det er meir Greta Thunberg som rasande og trassig opponerer mot vaksne som enten lukkar auga eller trekker på skuldrane. Sinte barn med sitt eige perspektiv kan faktisk endre historia.
Dumme vaksne
Den rike frua med alle pakkane og den bryske skipsreiaren berre føyser vekk den frosne fyrstikkseljaren. Ungar har ein utprega rettferdssans, og det murrar på første rad. Slik kan da ikkje vaksne oppføre seg!
Jenta tenner fyrstikk etter fyrstikk, ho ser den snille bestemora i flammane, som ein engel i skapnaden til Idun. Thea Hjelmeland har laga musikk til framsyninga, og her kjem den verkeleg til sin rett, det er himmelske tonar. Men ei fyrstikk varer ikkje lenge, bunten er snart brent opp, musikken tek slutt, og det er no jenta gjer opprør mot manus, det er no vi vaksne grin ein skvett medan ungane gir full støtte til jenta som er usamd i manus.
Krav om endring
Her er ingen kristen moral om at berre du er snill jente, kjem du til himmelen. Det er så urettvist. Kan ikkje ho rike dama hjelpe ho i staden? Carina set ned den blåfrosne foten og nektar å fryse i hel. Ho er så rasande at tårene sprett.
– Du Kyrre, berre seier at «slik er det. At verda ER urettferdig». Men verda BLIR i alle fall urettferdig om alle hadde tenkt sånn som deg! Og du Idun, meiner at vi berre skal kose oss, at denne historia er alt for trist, det blir jo ikkje betre av at du seier det. Dåke må jo gjere noko med det då, dersom de tykkjer det er så urettferdig og trist. Det ville eg ha gjort.
Og det gjer ho.
Ein av oss
– Eg likte best ulven av dei to vaksne, seier min ti år gamle medmeldar. Sist vi var saman på Teater Vestland, spela Kyrre i Raudhette og ulven, eit anna folkeeventyr med ny vri.
– Og at vi som såg på fekk vere med. Men eg er glad det ikkje var meg som vart spurt om å banke på døra til skipsreiaren, det hadde eg ikkje tort, legg han til.
Men aller best likte han vesle Carina, ho er ein av oss, liksom. Ikkje ein slik dum vaksen.
Det ligg ingen komande revolusjon i denne alternative slutten, men den gjev von om ei litt betre verd, og det er den opplagte løysinga når barna kan avgjere korleis det skal gå. For folk er vel eigentleg snille, inst inne, er dei ikkje? Er ikkje alle ein av oss?
Jenta med fyrstikkene vart ei fin oppleving på ein liten time for alle generasjonar, og ein ettertanke hos dei vaksne vart nok med heim saman med litt kunstsnø på sokkane.