Jakob og Neikob og den mystiske pakken Nord-Trøndelag Teater, Inderøy Kulturhus Av Kari Stai Regi: Torgunn Wold Platzack Scenografi og kostyme: Kari Stai Komponist: Tor Ingar Jakobsen Med: Lavrans Haga, Ketil Kolstad og Torgunn Wold Platzack (Turné i Nord-Trøndelag fram til 14. desember)
Leikar med språk
MELDING: – Ei leiken framsyning med intelligent og artig bruk av språklege krumspring, meiner Amund Grimstad om Jakob og Neikob på Nord-Trøndelag teater. Barnebokforfattar Kari Stai debuterer som dramatikar.
Kari Stai er både illustratør og barnebokforfattar, og debuterte i 2008 med boka «Jakob og Neikob», om to menn som bur saman og er gode venner sjølv om dei er heilt ulike. Jakob seier ja til alt, og Neikob svarar med like kategoriske nei. Men som både ungar og vaksne veit, går det an å stille spørsmåla slik at ja blir nei, og nei blir ja, og såleis har Kari Stai skapt eit språkleg univers der det på eine sia er særs føreseieleg kva kvar av dei to vil svare, men samstundes like lite klårt kva innhaldet i svaret vil vere. I tillegg til at Stai har skrive eit par andre barnebøker, kom ho i fjor ut med oppfølgjaren «Jakob og Neikob – Tjuven slår tilbake», og for den fekk ho både Brageprisen og Kritikarprisen for beste barnebok. Nå har ho debutert som dramatikar med «Jakob og Neikob og den mystiske pakken», og onsdag hadde Nord-Trøndelag teater urpremiere i Inderøy Kulturhus på heimplassen til Stai.
Sjølv om Jakob og Neikob er gode venner, kan det likevel bli litt tosamt for dei, og dessutan er loftet deira stort og mørkt og skummelt. Difor finn dei ut at dei vil skaffe seg ein sambuar som kan bu på loftet. Historia, i den grad det er noka historie, dreier seg om leitinga etter sambuaren og kva som skjer når dei endeleg finn ho, og ting tar til å forsvinne. Men det viktige i dette universet er først og fremst den språklege leiken undervegs, for han er både humoristisk og full av artige vriar. Lavrans Haga og Ketil Kolstad tar dei to vennene på kornet, er fulle av ablegøyer og ganske sjarmerande. Torgunn Wold Platzack fyller dei andre rollene, og har dessutan ansvaret for regien. Ho har laga ei oppsetting som er tru mot Stais figurar og prosjekt, men som ikkje heilt har bestemt seg for om dette skal vere interaktivt teater eller ikkje. Målgruppa er 3 til 9 år, og kontakten med salen er der umiddelbart. Men når ein opnar for tilrop og hjelp frå salen, er det problematisk å stengje dette heilt av like etter.
Kari Stai er multikunstnar og har både skrive manus og vore ansvarleg for scenografi og kostyme. Slik er det blitt ei heilskapleg oppsetting med ein klår og tydeleg signatur. Scenografien er enkel, men særs effektfull, rekvisittane er få, og Jakob og Neikob er lette å kjenne att for dei som har lese bøkene. Dialogen er ein intelligent språkleg leik som bør ha appell til langt fleire enn målgruppa, og sjølv om dramaturgien kanskje kunne ha vore noko strammare midtvegs, leverer Stai ein solid dramatikardebut. Og så må eg legge til at framsyninga er velkoreografert og full av nykomponert og særs god og melodiøs musikk, signert Tor Ingar Jakobsen, ein komponist vi heilt sikkert vil høyre meir til framover.
Meldinga er henta frå www.amund.info etter avtale og er tidlegare publisert i Klassekampen.