S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Amund Grimstad – 4. september 2013

Kven lurer kven?

Bedrag. Trøndelag Teater 2013. Foto: L. Knutli


Publisert
4. september 2013
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk

Trøndelag Teater, Studioscena Bedrag Av Harold Pinter Omsett av Ann Karen Hytten Regi: Øyvind Brandtzæg Scenografi: Anita Gundersen og Karianne Barstad Med: Wenche Strømdahl, Jan Frostad, Jan Erik Berntsen og Kriss Stemland


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/kven-lurer-kven
Facebook

MELDING: – Ein liten, unnseleg tekst med ein heil roman mellom linene, skriv Amund Grimstad om Bedrag av Harold Pinter på Trøndelag Teater, som òg er skodespelar Øyvind Brantzæg sin eigentlege regidebut.

Det er befriande å sjå eit teaterstykke som er nesten klinisk reint for ytre staffasje, og som lar det sagde, for ikkje å seie det usagde, vere fullstendig i sentrum. Harold Pinter var ein meister med språket, minimalist, men med heile romanar mellom linene. Øyvind Brandtzæg har vore tru mot opphavet, stolt på tekst og skodespelarar, og laga ei nydeleg lita framsyning i sin eigentlege debut som regissør på Trøndelag Teater.

Bedrag (opphavleg «Betrayal», 1978) er eitt av Harold Pinters mest spela stykke. Det er eit tett lite salongdrama som handlar om to bestevenar der den eine har hatt eit sju år langt forhold til kona til den andre. Dette er eit tema som mange dramatikarar har vore innom. Men det spesielle ved Pinters tekst er at det blir spela i revers, og for dei som er opptatt av det meir pikante, at det er dels sjølvbiografisk. I tillegg går det sjølvsagt utapå det meste reint litterært, fordi Pinter nærast boltrar seg i det usagde, og på genialt vis syner korleis ein ved å bedra andre også i like stor grad driv sjølvbedrag. Han legger òg inn masse humor som gjer at oppsettinga får eit element av forviklingskomedie, der det ikkje er godt å seie kven som veit kva når, og kven som lurer kven. Vi tar til der det heile endar, og gjennom små tablå tar Pinter oss etter kvart ni år attende i tid. Slik avdekker han historia lag for lag og syner at den som trur han veit, likevel kan vere den som blir lurt.

Øyvind Brandtzæg, til vanleg skodespelar ved Trøndelag Teater, debuterte som regissør i fjor med ei bakgardsoppsetting av Shakespeares Ein midtsommarnattsdraum som det framleis går gjetord om. I vinter gav han regihjelp til Marianne Meløys Stemt, ein monolog om røysterettsjubileet, så litt instruktørrøynsle har han, men ikkje med slike psykososiale drama som Bedrag. Her har han laga ei minimalistisk oppsetting nesten utan scenografi, sjølv om dei ulike scenene finn stad forskjellige plassar. Det seier litt om truverdet han har greidd å skape, når vi både godtek manglande scenografi og det faktum at dei tre skodespelarane er meir enn tjue år eldre enn dei skal vere. Skifta mellom de ulike tablåa og spranga i tid og rom blir saumlaust formidla av pianisten (Kriss Stemland) som bind det heile saman med smektande beatlesmelodiar.

Dei tre strålande opplagde og særs røynde skodespelarane (Wenche Strømdahl, Jan Frostad og Jan Erik Berntsen) ser ut til å kose seg i rollene. Dei lar orda få kvile lenge i munnen, dei tar seg gode pausar, og dei lar alt det usagde få rikeleg høve til å søkke inn. Det er diskret og godt spel som gir meir enn tilstrekkeleg rom for mye nydeleg nyanserikdom i mimikk, augnekast og andre ørsmå detaljar. Og sjølv om dette eigentleg er ganske alvorlege greier, gir dei også god plass til den nesten ufriviljuge humoren som gjennomsyrer framsyninga.

Brandtzæg har tatt godt vare på Pinters tekst som i Ann Karen Hyttens omsetting er gitt eit munnleg og naturleg norsk, og det framifrå spelet gir også rikeleg plass for underteksten. Men etter å ha vore med på denne baklengse demaskeringa lag for lag, er eg likevel litt uviss på kor vi skal.

Det blei ei velspela reise mot noko litt uforløyst der finalen for meg diverre hang litt i lause lufta. Eller kanskje det er slik at når løgna er avkledd, står inkje att?

Meldinga er henta frå meldaren si blogg www.amund.info etter avtale og stod i Klassekampen tysdag den 3. september 2013.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no