S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Anders Olai Neerland Kruse – 24. oktober 2023

Krenkefrie topprestasjonar

Lysdesignar/Scenograf: Sune Schjelderup. Foto: Kjersti Østerås.


Publisert
24. oktober 2023
Sist endret
24. oktober 2023
Tekst av

Kritikk Musikk Opera

Krenket – vern barnet Rosendal teater, 20. oktober 2023 (Premiere 18. oktober)

Regissør: Ivar Tindberg Komponist/musikalsk leiar: Trygve Brøske Tekstforfattar/prolog: Marianne Meløy Lysdesignar/Scenograf: Sune Schjelderup

Synnøve: Eir Inderhaug Geir Ove/Hip-hop-bamsen: Markus Bjørlykke Hege Mari/Lærar: Maija Skille Sara/Ingjerd: Irene Snuruås Linda: Tonje Eero Hove Heidi/Anniken: Maria Moen Nohr Hanna: Sigrid Vetleseter Bøe Tor-Rune/Nyheitsreportar: Stian Økland Harald: Sverre Johan Aal Herman: Morten Kvaal Maria: Lise Granden Berg Siri-stemme: Ingrid Bergstrøm

Musikarar: Ida Løvli Hidle Hilde Mathisen Torleif Holm Jan Inge Moksnes Helgi Þorleiksson


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/krenkefrie-topprestasjonar
Facebook

TSO si oppsetjing av Krenket – vern barnet lukkast med omtrent alt – unntatt å krenke.

Kammeroperaen Krenket – vern barnet hadde opphavleg premiere i 2019, og har no fått ei ny oppsetjing av Trondheim Symfoniorkester & Opera. Bak operaen står regissør Ivar Tindberg, komponist Trygve Brøske og tekstforfattar Marianne Meløy. Trioen har tidlegare samarbeidd om operaen KibergOdysséen frå 2014. I tillegg har duoen Meløy og Brøske har hatt eit langvarig samarbeid og laga mellom anna operaene Kommentarfeltet i 2016 og Kommandanten, som hadde urpremiere i august i år.

To historier Produksjonane til Meløy og Brøske tek ofte for seg aktuelle problem og debattar, og i Krenket – vern barnet er det den moderne forelder og barnevernet som står i sentrum. Handlinga følgjer to foreldrepar – Synnøve (Eir Inderhaug) og Harald (Sverre Johan Aal), og Geir Ove (Markus Bjørlykke) og Hege Mari (Maija Skille). Historiene deira flettast saman og møtast fleire gong i laupet av forteljinga. Operaen opnar med at lykka kjem over begge par i form av to positive graviditetstestar. Den varar likevel lengre for Synnøve og Harald enn for Geir Ove og Hege Mari. Synnøve jobbar nemleg i barnevernet og blir saksbehandlar for det andre paret når ei bekymringsmelding kjem inn frå ein ukjend part – ei melding som ender opp i eit vedtak om omsorgsovertaking for begge borna deira.

Her deler handlinga seg i to tematiske linjer. Liva til Geir Ove og Hege Mari handlar meir og meir om å kjempe for å bli sett på som individ og ikkje berre saksnummer av det byråkratiske maskineriet. I tillegg strevar dei med at staten i praksis har stempla dei som uverdige foreldre, utan at paret eigentleg forstår korleis dei gjekk frå oppseding til omsorgssvikt. Dette blir sett opp i mot livet til Synnøve og Harald, som i større og større grad dreier seg rundt uendelege foreldremøte på skulen, sal av dopapir til inntekt for korps og klassetur, bursdagsmas og den evige jakta på ein uhandgripeleg «familiedraum».

Kontrasten mellom den botnlause sorga og dei eksistensielle spørsmåla som livet til det eine foreldreparet brått er fullt av, og dei daglegdagse problema til dei andre, er eit verknadsfullt grep, og bidreg til å gjere dette til ei sterk historie om institusjonell urett.

Kyndige foreldre? Desse store spørsmåla om kva ein god og ein dårleg forelder er og kven som skal sitje med makta til å døme over dei, dannar grunnmuren for Krenket – vern barnet, og til slutt står karakterane igjen utan svar på dei. Førestillinga avsluttar med å samanlikne eit barn sin hjerne med ein algoritme i ei datamaskin, klar til å formast på alle moglege vis, og så stille spørsmålet: Er kven som helst eigentleg kyndige nok å programmere denne vesle maskina?

Førestillinga er fundamentert i verkelege problem med barnevernet sin praksis. Den opnar med ein prolog frå Meløy, der ho dreg fram at det norske barnevernet tidlegare i år vart felt i tre domar av Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Domstolen konkluderte med at alle sakane hadde krenka artikkel 8 om retten til familieliv i Menneskerettsfråsegna. Resultatet er ei gripande forteljing, som balanserer eit dramatisk fundament med god humor og satire på ein truverdig måte.

Fengslande musikk Førestillinga er også prega av gjennomgåande sterke prestasjonar frå scenen. Brøske har laga utfordrande, men slagkraftig musikk både for instrument og songarar. Han vekslar stadig mellom å male opne klanglandskap med ein langsam, impresjonistisk lydpensel, og å lage små punktmaleri av fråskilde, hurtige tonar – av og til med eit glimt av gamaldans. Brøske spelar sjølv klaver i førestillinga, og han har med seg ein fargefull bukett av instrument – perkusjon, klarinett, cello, fiolin og akkordeon. Musikken er alltid fengslande.

I tillegg har eg sjeldan høyrd så gjennomgåande sterke vokalprestasjonar på ein scene i Trondheim. Mange av songarane har tidlegare markert seg i Trondheim Vokalensemble, og her viser alle seg frå si beste side. Inderhaug står oftast i sentrum, og ho briljerer med ein sterk stemme og solid skodespel gjennom heile førestillinga. Karakteren hennar er samstundes ei manisk, stressa småbarnsmor og ein stadig meir frenetisk saksbehandlar, og Inderhaug føyer saman disse delane av Synnøve til ein overtydande, fleirdimensjonal figur. Bjørlykke står også fram som ein uvanleg sterk stemme. Han er dramatisk og fyldig gjennom heile registeret, og gjer ein truverdig jobb med å syne fram både dei joviale, litt fjollete kvalitetane til Geir Ove og sinnet og frustrasjonen hans i møte med ein umenneskeleggjerande institusjon.

Eit sparsamt scenebilete byggjer opp under dette. Det er få kulisser å gå ut ifrå, anna enn ein stilisert rettssal med sete til sju dommarar og ein talarstol kor mesteparten av barnevernet sine scener utspelar seg. Gjennomsiktige plastkassar med fargerike kuler blir brukt som gjennomgåande symbol på Synnøve sitt behov for å plassere alt i livet i boksar – vere det undertøy som skal ned i skuffer eller menneskje som klassifiserast som omsorgssviktande. Dei få sceniske elementa rydder vegen for at merksemda rettast mot karakterane og historia dei speler ut.

God utan krenking Likevel er det noko som luggar med Krenket – vern barnet. I programmet siterast Meløy på at her skal alle krenkast, men eg slit veldig med å finne nokon stad i førestillinga kor dette faktisk gjerast. Det harselerast ein del med både helikopterforeldre og institusjonar som aldri kan gje eit klart svar på noko som helst, men Krenket – vern barnet går liksom aldri så langt at innhaldet blir ordentleg utfordrande eller støytande. Omgrepet «krenking» var eit lada ord allereie i 2019 – kan hende enda meir enn det er no – og dette fokuset gjer i mi meining førestillinga svakare. Debatten kring krenking gjorde at eg var litt varsam på veg inn i teatersalen, og eg lurte veldig på om dette kom til å bli behandla på ein overtydande måte. På veg ut tenkjer eg at dette hadde vore eit langt sterkare produkt om dei anten hadde gått mykje hardare inn for å fornærme folk eller berre lagt det frå seg. Det er rett og slett så fråverande i materialet til førestillinga at dei omtrent kunne ha sløyfa ordet «krenket» frå tittelen.

Til tross for tannlaus krenking er dette ei veldig solid førestilling eg kunne sett igjen og igjen. Om ein tek Krenket – vern barnet for det førestillinga er, og ser vekk frå den manglande provokasjonen, er det som står igjen ein veldig solid kammeropera, med godt aktualisert kjernetematikk, utsøkt musikk og veldig gode prestasjonar frå scenen. Det er alltid ei glede når samtidsmusikalske verk blir sett opp meir enn ein gong, og Krenket – vern barnet er absolutt noko som er verd å take vare på.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no