Fedra Av Jean Racine Omsett av Olav Torbjørn Skare Regi: Kjersti Haugen Bearbeiding: Irina Malochevskaja Scenografi og kostyme: Bård Lie Thorbjørnsen Koreografi: Anne Grete Eriksen Lysdesign: Eivind Myren Lyddesign: Anders Schille Med: Janne Kokkin, Kingsford Siayor, Ingrid Bergstrøm, Ine Marie Wilmann, Trond-Ove Skrødal, Øyvind Brandtzæg, Ragnhild Sølvberg og Helle Ottesen Trøndelag Teater, Studioscena
I kjenslenes vald
MELDING: Menneskeleg dårskap kan ikkje skjulast bak gjennomsiktige veggar. Amund Grimstad har sett Fedra på Trøndelag teater.
Ein utsøkt og tilsynelatande enkel scenografi i synkront og vakkert samspel med raffinert lysdesign, velvald musikk og uvanleg omfattande og god koreografi dannar dei fysiske rammene for Jean Racines tragedie frå 1677 i ei tett og særs visuell oppsetting på Studioscena på Trøndelag Teater. «Fedra» er truleg Racines mest kjende og spela stykke, bygd på Euripides forteljing om Dronning Fedra. Ho er gift med Tesevs, konge i Athen, men nærast sjukleg forelska i stesonen Hippolytos. Då det kjem bod om at kongen er død, freistar ho å forføre stesonen, men det fell fullstendig på steingrunn. Han er på si side forelska i Aricia som er i unåde hjå kong Tesevs. Då det deretter syner seg at kongen ikkje er død likevel, fabrikkerer Fedra ei historie om at det er Hippolytos som har forsøkt seg på ho og ikkje omvend. Her er med andre ord forviklingar så det held, og det går sjølvsagt til helvete med både liva og kjærleiken. Men det gjennomgåande, og det som har gjort denne tragedien til ein av dei udøydelege i verdsdramatikken, er det sterke portrettet av den uvanleg lidenskaplege og ikkje så reint lite intrigante dronning Fedra, ei kvinne som er så fullstendig i kjenslenes vald at ho trassar det meste med omsyn til både etikk og moral. Her er mennesket i alt sitt elende, avkledd det meste.
Det er ei ambisiøs oppsetting regissør Kjersti Haugen presenterer. Sjeldan har eg sett ein produksjon der samspelet mellom scenografi, lyd, lys, kostyme, koreografi og spel er så nitid gjennomført ned til den minste detalj som denne, og ofte er det visuelle eller syntesen av alle desse ingrediensane vel så viktig som Racines tekst. Scenografi og kostyme er særs symboltung utan å verke pålessa. Bård Lie Thorbjørnsen har delt scena i to med ein enorm glasvegg som stundom er transparent og andre gongar speglande, og tidvis faktisk båe delar. Slik blir det skapt to scenerom der det eine kan spegle det andre, eller slik at bakscena på utsøkt vis visualiserer og kommenterer det som skjer på framsida. Det heile ser enkelt ut, men hadde neppe vore mogeleg utan ei fantastisk lyssetting av Eivind Myren. For ytterlegare å understreke det visuelle, er framsyninga gjennomkoreografert av Anne Grete Eriksen. Rørsle og stilisert dans, spel på det transparente glaset og effektfull bruk av vatn får ofte fram Racines tekst i langt større grad enn teksten sjølv. Særleg får Kingsford Siayor som Hippolytos fram mye sanseleg spel, og spesielt i ein nydeleg skuggedans med kong Tesevs. Anders Schille har funne fram musikk som står perfekt til alt det visuelle, og slik blir framsyninga eit kunstverk i seg sjølv, ei sanseleg nyting der vi som publikum nesten kan kjenne oss som Dronning Fedra der vi er fullstendig i kjenslenes vald, og villig let oss forføre.
Janne Kokkin er den lidenskaplege Fedra, ei kvinne med masse kjensler, men også med rasjonalitet og evne til kald og kynisk planlegging. Den intrigante og dermed ganske vonde Fedra får ho godt fram, særleg i eit tett og sanseleg samspel med amma Oinone (Ingrid Bergstrøm). Det er litt vanskelegare å fatte kjenslene ho har for stesonen Hippolytos. Kingsford Siayor er ein lågmælt og forsiktig Hippolytos, men tar det att i ekspressiv rørsle, og sanseleg bruk av kroppen. Og scena der han og Aricia (Ine Marie Wilmann) finn kvarandre, er ei velspela, vakker og særs truverdig lita kjærleikshistorie.
Men det som slår meg når eg skal freiste å analysere denne oppsettinga, er at dei tradisjonelle skodespelarprestasjonane, det vanlege spelet, dialogen og sjølve handlinga ikkje får det rommet som dei treng. Bakteppet, underteksten og alt det visuelle og sanselege som vel skal bygge opp under Racines tragedie, blir det viktigaste, medan det verbale spelet blir statistar i si eiga oppsetting. «Fedra» er blitt ei ganske annleis teaterframsyning, visuell og uvanleg mangefasettert. Koreografi, scenografi, lyd og lys spelar saman i ein velsynkronisert syntese, og alt dette er både flott og vellukka. Men eg skulle gjerne ha sett at skodespelarane hadde fått litt meir å spele på også i det verbale.
(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 9. februar 2013 og er henta frå bloggen til meldaren, www.amund.info.)