S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Dordi Strøm – 10. juni 2020

Eventyret om dei tre scenografane - del 2

Collage av Dordi Strøm, fra scenografidreiebok til Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd av Jon Fosse. Scenografi og kostymedesign Dordi Strøm. Regi Torkil Sandsund. Hordaland Teater, Den Nationale Scene og Festspillene i Bergen, 2018.


Publisert
10. juni 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Eventyr Kunst

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/eventyret-om-dei-tre-scenografane-del-2
Facebook

Den gamle scenografen – Ein korona noir av Dordi Strøm

Kulturministeren lova at den som kunne bygge eit skip som gjekk like godt på land som i vatnet og i lufta med ville vinne Hedda-prinsen og ei heil halv krisepakke. Dei tre scenografane var hardtarbeidande scenekunstnarar, rentenistar og sat godt i det i fine hus og leilegheiter og hytter som den rike bestemora hadde kjøpt til dei. To av dei hadde kommunale atelierplassar i byen sjølv om dei strengt tatt ikkje trong det og dei hadde ei solid arv i vente.

Om dei vann heile den halve krisepakka kunne dei donere den vekk til kunstnarvener dei likte. Vener som sleit økonomisk no etter krisa og som dei meinte fortjente å leve. Men Hedda-prinsen ville dei behalde sjølve. Den ville bygge omdøme meinte dei. ”Ein prins vil generere publikummarar, det vil seie teatersjefar, ja og nye jobbar”, tenkte dei med seg sjølve. ”Alle vil jobbe med ei som har ein Hedda-prins”.

Men noko gjorde at den største scenografen framleis drog litt på denne avgjerda med å reise til byen og bygge båt. Ho var trøytt av flyktige kjærleiksforhold i scenekunstlivet og kunne godt tenkje seg å stå over både arbeidet og prinsen, sjølv om det jo hadde vore kjekt å ha ein Hedda-prins på peishylla. ”Om eg berre får kloa i prinsen så kan eg få ein av assistentane mine til å lage ei 3D-fil av han og køyre han i 3D-printeren. Då kan eg ha så mange prinsar eg vil, i alle dei fargane eg vil, både på hyttene og i husa mine”, tenkte den eldste scenografen. Men aller helst ville ho bli igjen på fjellet med bestemora, drikke grøne brennesleshakes og ta nokre fleire toppturar på dei nye randonnéskia før den siste snøen smelta for godt.

”Nei, men kom igjen og bli med då!” masa den mellomste scenografen på den største. Snøen og breane smeltar, men du kan kjøpe nye og bestemor klarar seg heilt fint! Tenk på alle dei kunstarliva du reddar! Og tenk på professor Anne-Guri Furu ved BI:CCCP! Ho har vore ein inspirasjon for alle kulturministrar i alle fargar i alle år, ja, for ikkje å gløyme Kulturrådet sjølvsagt. Dei samarbeider ho tett med no og det samarbeidet sikrar både BI:CCCP og Mammon Economics svært lukrative oppdrag i form av mange og lange spørjeundersøkingar og rapportar på oppdrag frå både KUD og Nkr på ubestemt tid faktisk. Direktøren i Kulturrådet, ja ho som er hyttenabo med oss, ho elskar Anne-Guri Furu og det burde du og gjere! La deg inspirere av Kulturrådet og Anne-Guri Furu til å lukkast økonomisk! Tenk på kunst som næring! Ikkje ver sur! La den beste vinne!” ropte den mellomste scenografen.

Den minste scenografsystera såg bort på den største: ”Eg har altså bestemt meg! Eg blir med! Dette er ein sjanse som eg ikkje kan la gå frå meg så tidlig i karriera. Kaaan du ikkje bli med? Ver så snill!?”

Den største scenografen var eigentleg klar for å førtidspensjonere seg. Det kunne ho gjere fordi ho i dåpsgåve hadde fått ein svært gunstig innskotspensjonsavtale med Sparebank First som berre låg og venta på at ho skulle ta ut pensjon. Ho ville faktisk tene enda meir som pensjonist enn ho hadde gjort som frilans scenograf. Men ho var og bekymra for bestemor-arven som no krympa i like stor fart som bestemora sine enorme investeringar i videokunst og performance- og dansefilm.

”Ok, det er greitt”, sa ho til den minste scenografen. ”Sidan du er ei så søt og nyutdanna veslesyster. Og sidan du ber så pent. Eg lar det stå til. Eg blir med. Men berre for å passe på deg og berre om eg får bli mentor. Og det er greitt, eg kan hjelpe deg, men berre litt. Eg er lei av all konkurransen og det harde arbeidet og eg gidd ikkje gå på fleire premierefestar.

Men eg er god på ordentlige festar for å seie det slik, så om det dukkar opp noko heilt spesielt så kan eg vurdere det. Dessutan er eg briljant på teknisk teikning for hand med blyant. Det har jo du aldri lært deg”, sa ho og la ei arm rundt skuldrene på veslesystera. ”Har du tenkt på det at om straumen går, så får ikkje du laga tekniske teikningar av skipet som kan gå like godt på land som i vatnet og i lufta med, korkje i Viktor eller SketsjUp? Og då kan mine skills med blyant og viskelær vere gode å ha, ja det tenkjer eg nok”, sa den største scenografen.

”Hahaaa, det var det eg visste – ååh, ja men herleg!” utbraut den mellomste. ”Då er det bestemt! Vi reiser alle tre!”

Då dagen kom og dei tre scenografane skulle reise, fekk dei med seg alt godt som bestemora kunne komme på til niste i skreppa. Ho ga dei økologiske grønsaker i heimelaga tiner av bjørk og berekraftig drikke i flasker laga av tang. Dei fekk godt plasserte aksjar i ekspanderande internasjonale verksemder og nedarva OBOS-medlemskap frå 1954. I byen venta det ein treroms med takterrase og fjordutsikt i ein tidlegare arbeidarbygård på løkka for den minste scenografen og atelier i kunstnarhusa på Eiketun for den mellomste, alt betalt av bestemor. Den største scenografen ville bu med dei to andre til ho returnerte til fjelleigedomen for å arve den.

Bestemora hadde casha inn leilegheita på løkka med nokre gamle obligasjonar og stilt som garantist på eit gunstig lån med låg spesialrente for gamle kundar i den lokale bygdebanken for kunstnarhuset på Eiketun. Om berre eitt år ville kunstnarhuset vere nedbetalt og i lag med eit hus-sal på Nesodden ville den mellomste scenografen kunne tredoble arealet og verdien av kunstnarhuset med ei omfattande utbygging som ville gje henne atelier med fjordutsikt på taket, eit stort master bedroom med lagring og utsikt, nytt kjøken ho hadde teikna sjølv, laga i norsk bjørk frå eigen skog og to luftige nye soverom til gjester.

”Alt skal ut på insta og bloggen når det blir ferdig så klart” sa den mellomste scenografen. ”Og så vil det berre vere å vente på at frilansfotografen i interiørmagasinet Enda fleire Nye Rooms (i finér) ringer. Og så ringer sikkert Simen Even This og vil ha oss med i sin nye programserie Arkitektens kunstnerhus, ja det reknar eg med sidan vi har vore med tidlegare i både Arkitektens hund, Arkitektens katt og Arkitektens kone”.

Alt var lagt til rette for at dei tre scenografane skulle lukkast på reisa og no tok dei reduksjonsstavane sine og gjekk. Nede i bakkane snudde dei seg og vinka til bestemora. Ho stod oppe ved grinda og såg etter dei og smilte medan dei ti austeuropeiske vinkarane bestemora hadde kjøpt og betalt, vinka og vinka tilbake til systrene.

Då dei hadde gått ei stund kom dei til eit vegkryss. Der trefte dei ei gamal kjerring som stod og lente seg mot ein stubbe, ho var så krokete og skral. På ryggen hadde ho ein diger bylt som var større enn kjerringa sjølv og til å stø seg på hadde ho ein reduksjonsstav som var så krokete og godt brukt at dei tre scenografsystrene aldri hadde sett maken.

«Nei, men stakkars deg», sa den minste scenografen. Ho skjønte på staven at kjerringa måtte vere ein gamal scenografkollega. Kanskje var dette ein kollega ho kunne redde frå å døy med heile den halve krisepakka ho skulle vinne?, tenkte ho med seg sjølv.

”Går det bra? Kva er det du ber på som er så stort og tungt?” Den yngste scenografen var litt var for negative ting, så ho venta ikkje på at den gamle skulle svare. ”Vil du slå følge med oss kanskje?” sa ho heller. ”Takk som spør”, svarte kjerringa. ”Kva retning skal de då?”

”Vi skal til byen å bygge eit skip som går like godt på land som i vatnet og i lufta med”, svarte den mellomste scenografen. ”Ja, og så skal vi vinne Hedda-prinsen – og ei heil halv krisepakke!» ropte den minste ivrig. «Det blir eit eventyr!»

“Oi, oi”, svara den gamle scenografen. «Eg har nok ikkje ork til slikt. Men eg er på veg tilbake til byen etter å ha laga scenografi og kostymar til Storspelet i nabobygda her. Ja, spelet vart utsett til neste sommar, men eg fekk lov til å lage ferdig kostymane. Så det har eg heldt på med i heile sommar. Eg starta med å teikne til spelet lenge før viruset vart kjend, prøvestart var på Woom i mars, ja eg har ikkje hatt fri ein time sidan. Men eg er van med det”, fortalde ho. ”Sist eg hadde ferie må ha vore på 1970-talet”. Ho smilte. ”Ja, eg har tenkt det at eg må prøve å skaffe meg spel-oppdrag kvar sommar no framover, dei andre jobbane eg hadde i kalenderen er avlyst”.

”Ja, vi har og opplevd avlysingar, så vi er sjølvsagt i same båt som deg,”bløffa den mellomste scenografen og nikka som om ho forstod kva den gamle scenografen snakka om.

Den gamle syntes dei tre yngre scenografane såg velfødde og nytrente og utkvilte ut, så ho var ikkje overtydd om at dei forstod henne heilt. Ho fortsette: ”Ja, nei, avlysingane av dei få jobbane eg hadde i vente, kom då regissøren eg har arbeidd med i førti år døydde av det som viste seg å vere Covid19. Ja, han døydde allereie hausten 2019, og det hendte midt under prøvane til enda ei oppsetting av Peer Gynt. Ja, eg fekk ikkje komme i gravferda, men eg såg den korte seremonien på telefonen min. Eg sat åleine heime i den vesle eittroms leilegheita eg leiger på Rommen, og når dei tre sjukepleiarane senka båra i grava gjekk det opp for meg at det ikkje berre var min gamle ven og arbeidskollega som vart greven. Der og då, med eit tent lite lys på bordet framfor meg og telefonen i fanget, forstod eg at alle kontaktar og venskap med teatersjefar og produsentar vart gravlagd i lag med regissøren, og at frå denne dagen kom eg ikkje lenger til å få jobbe ved institusjonsteatra nokon gong igjen.”

”Neimen, kjære det veit du vel ikkje?” sa den største scenografen. ”Nei kom igjen då, det fiksar du! Slik du reiar ligg du! Om du ikkje lukkast kan du takke deg sjølv!”

”Ja, ein kvar er si eiga lukkes smed, det vil eg berre ha sagt”, sa den mellomste scenografen og ville gå vidare.

”Nei, men vent litt då!”, sa den minste scenografen. ”Vi kan vel ta oss en liten pause her i krysset? ” ho såg spørjande på dei andre. ”Fortel meir” sa ho til den gamle. ”Kvifor trur du ikkje at du kan skaffe deg jobbar som scenograf på eiga hand eigentleg? Er det verkeleg ikkje sant at alt er mogleg i dette landet for den som berre jobbar hardt og vil det nok?”

”Det kan kanskje hende det er sant for andre”, svarte den gamle scenografen. ”Men slik har det aldri vore for meg. Teatersjefane forstod ikkje at det var eg som utarbeidde konsepta til alle produksjonane eg lagde med den uheldige regissøren”, fortalde den gamle scenografen. ”Det forberedande, ja og singulære arbeidet eg gjorde på atelieret mitt, lenge før prøvene tok til, var og er framleis ein djupt bevart løyndom med regissøren som einaste vitne. Då eg vart arbeidsledig ville ikkje teatersjefane høyre og dei svara ikkje når eg skreiv eller ringde. Nei, det hjelpte ikkje kva eg gjorde, dei var tause og gøymde seg under dekke av å vere så travle”, fortalde ho. ”Men kva har dei vore travle med no, anna enn å sitje heime i hagen eller på hytta på heimekontora sine? ”

”Nei, men er det sant?”, spurde den største scenografen. ”Eg må sei det at det der har eg altså aldri opplevd. Men det kjem sjølvsagt an på kor desperat du er. Kjenslevare menneske er slitsame, til og med for tålmodige og proffe folk som teatersjefar. Om ein trur at ein er kunstnar og vrenger sjela si og tar for stor plass, ved kvar einaste produksjon, så må da teatersjefen bli lei. Og sjølv blir ein da heilt utlada? Ja, eg gjer aldri det, for å seie det slik. Nei, sjelevrenging har eg ikkje tid til! Hahaha!”

”Vel, eg legg kanskje for mykje i arbeidet”, sa den gamle. ”Men eg har alltid hatt eit inderleg og personleg forhold til arbeidet mitt. Og no kjenner eg meg som ein brukt klut, ein gamalkjærast ingen vil ta i”.

”Du burde begynne å regissere- if you can´t beat them join them, ikkje sant? Du må altså berre innsjå det – du vil aldri få den anerkjenninga du er ute etter så lenge du er scenograf. Nei, eg vil anbefale deg å legge vekk kjenslene, og heller gå for kvantitet framfor kvalitet for å seie det slik. Med så stor fart og så mange produksjonar i året som det eg har, kjem det alltid ein og annan kassasuksess ut av det og teatersjefane elskar meg. Sjølv om eg i praksis har ei temmeleg stor tabbekvote for å seie det slik! Hahaha!

Nei, eg går definitivt for kvantitet framfor kvalitet! Ja, og godt humør, pengar og moro- ja for ikkje å gløyme assistentar! Lidande scenografkunstnarar med hjertet utanpå skjorta er berre så 2001!”, gapskratta den største scenografen og slo seg på knea.”

”Du har sjølvsagt rett”, svara den gamle scenografen sørgmodig. ”Om eg var regissør sjølv så hadde alt vore annleis. Dei får bonus for å tenke. Og for å skape. Men eg er ikkje regissør. Og ikkje er eg mann heller, ja eg veit det hadde vore ein stor fordel, men eg har aldri hatt ambisjonar i den retninga.

Ja, de kan seie kva de vil om den geniale regissøren, men at kvaliteten og føringane i eit scenekunstverk, inkludert i regien, ligg i det eg bidreg med som scenograf og som kostymedesignar i det førebuande arbeidet! No for tida snakkar alle på den eine sida om det fantastiske kollektivet på scena og eg elskar å vere del av det kollektive skapande arbeidet på scena. Eg er med der og. Når eg får tid. Men på institusjonsteatra oppstår ikkje det kollektive rommet før eg har arbeidd i månader på eiga hand med stoffet. Eg fortolkar og skapar og lagar scenetekst og utviklar heile framsyningskonsept i dreiebøker og scenografimodellar og kostymedesign og teikningar, og dette arbeidet er berebjelken i produksjonen! Det eg gjer avgjer sjanger, og legg grunnlaget for det samla uttrykket – ja det gjer eg meg aldri på! Men ingen veit det!”, ropte den gamle scenografen før ho straks vart roleg igjen. ”Vel vel, ja, nei, eg er ikkje langsint, og eg blir aldri bitter om det er det de trur.”

”Ja, nei, jøss så klart ikkje”, svara dei andre tre i kor og veksla blikk med kvarandre.

”Men kva med det frie feltet? Det er jo så, ja eh, fritt liksom – har du prøvd deg der?” spurde den minste scenografen. ”Du kan jo søke eigne midlar til produksjonar?”

”Jau då, eg har søkt Kulturrådet om både støtte til forprosjekt for scenekunst, det som heitte kompetansehevande tiltak for scenekunst og prosjektstøtte, og eg får berre avslag. I Kulturrådet forstår dei ikkje kva det er å vere scenograf. Dei trur berre vi arbeider på bestilling frå regissøren. Kan de tenkje dykk?! Kva for hundreår heng dei igjen i der inne eigentleg?” spurde ho og såg på dei tre yngre scenografane. Sjølv hadde ho satt seg ned på ein stubbe. Dei andre tre hang rundt henne i dyrt turutstyr med fine nye sekkar på ryggane. Den mellomste scenografen var utålmodig etter å komme seg vidare, men dei smilte høfleg alle tre, med nybleika tenner.

”Ja, de skjøner det”, fortsette den gamle, ”det sit ingen scenografar eller kostymedesignarar korkje i sjølve Rådet, i Det faglege utvalet for teater eller i Det faglege utvalet for scenekunst. Nei, det har det aldri gjort av det eg veit og eg har vore med lenge. Ja, det er eit problem, men eg har altså meldt inn både meg sjølv og kolleger til å få bidra i verv i alle år. Likevel er det aldri scenografar som får plass der må de tru, nei då og ikkje kostymedesignarar eller lysdesignarar eller videodesignarar heller. Nei, i Kulturrådet er det berre regissørar og dramatikarar og skodespelarar og dansarar og koreografar og til og med musikarar og komponistar og teatervitarar som får sitje! Igjen og igjen vervar dei og stemmer inn kvarandre.

Kan de som er unge forklare meg korleis det kan gå an å halde fram slik? Kva er det med desse dansarane og koreografane som gjer at dei kan representere meg der? Hæ? Eller kritikarar med utdanning frå akademia? Kva veit dei om scenografi? Jau det skal eg seie deg- dei veit nada! Nothing! Rien! Og veit de kvifor? Det er fordi vi ikkje har parallelle utdanningsløp på dei store teaterskulane her i dette landet! Ingen dansarar eller koreografar eller dramatikarar tar ein bachelor saman med til dømes ein maskedesignar eller ein lyddesignar, ja nei eller ein kostymedesignar eller ein scenograf. Dei har faen ikkje peiling på kva det er ein scenograf gjer! Kan de tenkje dokke kva det gjer med kvaliteten på scenekunstutdaninga?! Hæ? Og i eit land som vil vere ein kulturnasjon?

Ja, eller vil vi det? spør eg då, for det er vi faen ikkje. Nei, eg seier det med Einar Økland: Verda er ei skandale!” ropa den gamle scenografen så kroppen dirra og fuglane flaksa skremde vekk ifrå trea og ho sjølv måtte gripe etter reduksjonsstaven for ikkje å dette ned ifrå stubben ho sat på.

”Men det er greitt”, fortsette ho etter ei stund, ”eg held fram med mitt som best eg kan. Kjernen i mitt arbeid ligg i samarbeidet med andre yrkesgrupper i scenekunstkollektivet – og i ein høgt utvikla refleksjonskompetanse. Om ikkje andre forstår det så veit eg det sjølv. Eg er suveren i analyse av tekst og musikk, manus og partitur, eg har ei intuitiv forståing av dramaturgi og er briljant i teikning, fargelære og materialkunnskap. Eg tenkjer, eg har eit skarpt blikk og eg er ein suveren lyttar. Derfor kan eg skape i lag med andre, i einerom og i eit kollektiv under prøver. Alt dette gjer eg. Det er det eg kan.”

”Ååååå, ja bravo!” klappa den minste scenografen og var vilt begeistra. Denne scenografen var ei slik ei som ho ville redde ifrå dauden med nokre tusenlappar frå den heile halve krisepakka. ”Du er ein scenograf som brenn for arbeidet ditt du! Det er altså så inspirerande å høyre på deg!” kvitra ho smilande og såg på systrene. Den mellomste såg morsk ut. ”Eh, det er kanskje på tide å kome seg vidare no?” sa ho og himla med auga ”Korleis er det? Du vil kanskje sitje her ei stund til?” spurde ho den gamle. ”Vi andre har eit viktig ærend i byen og tida er ikkje på vår side lenger for å seie det slik.” ”Å nei, vi har da god tid. Lat henne snakke, det eeer så spanande!” kvitra den minste.

Den gamle scenografen som hadde arbeidd i isolasjon i så mange veker var glad for å treffe folk. ”Ja, eg kan fortelle om Storspelet”, held ho fram. ”Til det teikna og designa eg ein stadspesifikk scenografi i eit enormt steinbrot i fjellet, med heisekraner, skiheis, mobil dreiescene som kunne lette ifrå underlaget som ein ufo, og videodesign og lysdesign i ei digital dreiebok med utvikling i scenografi og kostymer for til saman over fem hundre scener.

Ja, eg designa kostymar til heile koret i spelet som telte tohundreogåtti songarar. Dei skulle ha tolv forskjellige kostymar kvar. Eg designa sju kjolar til dronninga og fest- og reiseklede til heile hoffet som bestod av tolv solistar, ja og så stod eg for innkjøp av metervare frå England, Tyskland, Frankrike og Kina. I tillegg var eg tilskjerar og laga mønster og klipte alle plagga.

Eg var saumlærar og instruktør for elleve frivillige damer og ein mann i bygda som akkurat hadde tatt til på den store jobben med å sy alle kostymane då koronakrisa kom. Og eg var og arbeidsleiar for eit lag med sveisarar, snikkarar og teknikarar på førti personar, men då alt vart stengt ned måtte eg berre legge ned arbeidet på verkstadane og be folk gå heim.”

”Å, det må ha vore eit enormt arbeid?” spurde den minste scenografen. ”Ja, men då koronakrisa slo inn vart alt stoppa, til og med administrasjonen som hadde heimekontor stengde. Eg fekk ikkje løna mi, ja det var berre minsteløn, og eg skulle sjølvsagt ha bedt om meir, men om eg ber om meir så får eg ikkje arbeid i det heile, det er det som er så vanskeleg”, fortalde den gamle scenografen.

”Ja, etter mange år hadde kommunen selt det lokale spelet til den kjende regissøren Sverg Sture Hunger frå hovudstaden som hadde døypt det Storspelet og gjort det til big business å kjøpe opp framsyningar. Hunger hadde etablert eit AS og gått inn i ein samarbeidsproduksjon med eit av dei store statsfinansierte teaterhusa i byen.”

”Ja, det har eg høyrt om. Han gjorde det etter råd frå professor Anne-Guri Furu og BI:CCCP og det nyutdanna teamet med kvikke produsentar og kommunikasjonsrådgjevarar utdanna ved LIPPA School of Economics og BI&Bø og Prosken og trainee-tid ved Reichteatret.” sa den mellomste scenografen. ”Ja, Sverg Sture Hunger sine produksjonar har blå nisseluer strikka i norsk ull som varemerke, er det ikkje originalt? Det hadde eg verkeleg aldri tenkt på!” Den mellomste scenografen var interessert no. Ho fekk seg ikkje til å gå vidare likevel, no når den gamle scenografen byrja snakke om regissørar med sans for business og andre smarte folk i bransjen som visste å klare seg sjølve.

”For å få meg til å signere”, haldt den gamle fram, ”så truga produsentane med heller å spørje yngre kostymedesignarar og scenografarar om dei vil gjere jobben billegare”, fortalde ho.

”Ja, koret måtte få blå nisseluer i ei av scenene meinte Hunger, så eg vart pålagd å teikna det. Men eg likte det ikkje. Ikkje fekk eg behalde visningsrettane til verket heller. Eg fekk tilbod om fem tusen for buy out. Eg kunne ikkje seie nei, eg trong pengane, så no eig dei alt eg har laga inkludert verket og visningsrettane til evig tid og til og med på Mars, og eg blir ikkje kreditert på plakat eller i annonsar eller bilettekstar eller videoar kommunikasjonsrådgjevarane deler på sosiale mediar, korkje no eller nokon gong seinare.”

”Ja, men då har du litt pengar likevel då!” sa den yngste scenografen. ”Nei dessverre, sa den gamle. ”Eg fekk jo ikkje diett medan eg jobba på spelet, så no har eg ingenting igjen. Men det var vel berre eit spørsmål om tid før dette hendte at eg måtte sele meg ut, ja, eg likar å tru det beste om folk eg, men på modellmøtet ville dei sende alle teikningane mine til ei teatersnikkarverksemd og ein kostymesaumfabrikk i Romania. Ja, det finst sjølvsagt slike. Det er snart ikkje skreddarar og handverkarar igjen her i landet. Eg skjønar ikkje at nettopp dette ikkje bekymrar kulturministeren – ja, handverkarar er sentrale kulturberarar, både skreddarane og tilskjerarane og sveisarane og finsnikkarane og maskørane. Men med så få lærlingplassar og så mykje handverkarforakt som det vi har her i landet må ein reise langt for å finne. Vi bur altså i eit land som attpåtil skal digitalisere i hel kvar by og kvar bygd så alle snart jobbar i bullshit-jobbar og alle barn pressast til eit stillesitjande liv med teoretisk utdanning og helst innan ny teknologi. Dei blir feite og ulykkelege. Men det held vel psykologane i arbeid. Nei, handverkarar er av den utdøyande sorten dessverre. Det er ei tragedie.

”Huff da, så trist det høyres ut” sa den yngste scenografen. ”Men det er jo ein god ting at det finst folk som kan sy i Romania da! Det gjeld å sjå positivt på det, ikkje sant?”

”Nei. Vi kan ikkje gjere oss avhengige av å sende handverksoppgåver ut av landet. Då døyr vi. Tellekantar og økonomiske omsyn drep kulturen. Sakte” svara den gamle. Ho var tankefull. ”Det stod ingenting om Romania i kontrakta mi då eg signerte, det er eg sikker på. Eg skulle få reise ned i tre dagar og vere leiar for arbeidet med kostymane og scenografien der, men eg fekk ikkje dekt utgifter til reise, kost eller losji, og eg måtte bu i campingvogn. Og leiar- og opplæringsansvaret eg fekk har eg uansett ikkje fått betalt for. Produsentane for spelet trudde vel at det var ei glede og eit privilegium for meg å sjå at eige verk vart realisert, og det er det jo sjølvsagt, men det er og eit arbeid. Kvifor får andre yrkesgrupper lønstillegg når dei får fleire oppgåver på arbeidsplassen? Ja, eg blir jo så glad av å skape, så eg må minne meg sjølv på at eg må verdsette tida og innsatsen eg legg i arbeidet. Sjølv om eg ikkje får betalt. Før var det regissøren som klappa meg på skuldra og sa at eg var flink. Ja, han fekk bestandig betre betalt enn meg. Hundre tusen meir enn meg per produksjon får han. Ofte meir- tenk dykk det! Er det rett synest de? Hæ? Er det det?”

”Eh, nei det høyrest sjølvsagt litt urimeleg ut når du snakkar om det på den måten”, svara den største scenografen. ”Men eg må få sei det, at om du ikkje tar ting så alvorleg- ja og om du får opp farten litt og skaffar deg eit par assistentar – ja sa eg det i stad kanskje, ja eh, så vil jo det gjere at du får opp produksjonen og då skal du sjå at årsinntekta di og, ja humøret og, fyk i vêret hehe. Ja som sagt speed is of the essence, ikkje sant?”, den største scenografen smilte og blunka til den gamle.

”Ja ja, eg veit om det der, men eg har ikkje pengar til assistentar, for eg kjenner ingen og dessutan vil eg helst ikkje fakturere. Ja, nei, om eg kan få lov til å la teateret ta arbeidsgjevaransvaret og trekke meg for skatt, ja så gjer eg det. Då får eg rett til å få spare pittelitt til pensjonen min og. Så då gjer eg det og så tenkjer eg på Einar Gerhardsen og mor mi, og så blir eg så glad inni meg for då kan eg bidra direkte gjennom skatten eg betalar. Og så arbeider eg, ikkje berre for meg sjølv, men for landet mitt og demokratiet ikkje sant, medan eg betalar for det. Ja, eg er takksam for at eg får betale skatt.

Ja, no er det dessverre sjeldan eg får høve til å vere arbeidstakar for tida. Ta til dømes det store teateret som er del av samarbeidsproduksjonen Storspelet. Teatersjefen ved teateret er eigentleg forplikta gjennom tariffavtala mellom Arbeidsgjevarorganisasjonen Spektralsteinane og fagforeininga mi Credo til å betale meg løn etter tariff. Men teaterdirektøren har vore på kurs hjå BI: CCCP og lært at dei ikkje skal bidra med løn, men heller inngå dette dei kallar samarbeidsproduksjonar med andre produksjonseiningar. Så då gjer dei det og så lar dei kunstnarane sjølve ta lønskostnaden ved å fakturere. Og så sparar teateret millionar gjennom året i arbeidsgjevaravgift og bidreg heller med til dømes teknisk utstyr eller prøvelokalar og scener, og slik lurar dei seg unna den dyraste utgiftsposten på budsjettet som er løn til kunstnarane, ikkje sant? Smart hæ? Ja, det vi blir utsette for er sosial dumping. Og Kulturministeren er nøgd og tenkjer sikkert at dette er supert, utgiftene går ned slik vi har drøymt om. Billeg og bra vil han ha det”. Dei andre tre har aldri tenkt over dette og er stumme. Dei kjenner seg litt brydde, den mellomste vil helst gå, men noko held henne igjen.

”Vel, vel no har eg akkurat pakka ned teltet eg har budd i under arbeidet med Storspelet”, held den gamle scenografen fram. ”Ja, eg fekk sette opp eit telt å sove i på plena til mora til den eine produsent-jyplingen, ja ho kan ikkje ha vore meir enn tjuefem. Men det var snilt det, eg fekk låne do og dusj hjå dei, og eg fekk koke maten min på primus i gangen der då det regna som verst i sommar, ja dei var greie dei. Og så er eg ferdig med å rydde handarbeidssalen på skulen i bygda. Vi fekk bruke den som systove, ja vi kom akkurat i gong før alle måtte reise heim på grunn av koronaen. Så då sat eg der i sommar og gjorde skreddarjobben sjølv. Og så måtte eg sjølvsagt rydde etter oss, kven skulle elles gjere det? Dei andre reiste på Noregs-ferie og til hyttene sine sjølvsagt, men eg kunne ikkje reise utan å rydde. Skulle skuleungane komme tilbake etter koronatid med heimeskule og ferie i hagen til ein svinesti kanskje? Nei, det hadde eg ikkje samvit til. Men eg fekk sjølvsagt ikkje betalt for det heller. Det er slikt som lærarar og driv med for tida forresten. Dei ryddar og vaskar stolar og pultar og klasserom heilt gratis. Dugnad heiter det visst.

Men eg fekk med meg alle stoffrestane etter at kostymane vart ferdige. Ja, det er stoffrestar eg har i denne store bylten som eg ber på ryggen. Eg er på veg heim til atelieret mitt i byen for å lage julepynt av dei. Ja, det er bra å byrje tidleg så ein blir ferdig til julemarknadssesongen startar i oktober. Den eine produsenten var så snill som ga meg alt dette, ja eg visste ikkje korleis eg skulle få takka henne, så eg tilbaud meg å komme tilbake neste år og jobbe med kostymeprøver og tilpassing og saum av kostymar til dei nye solistane som kjem då, gratis. Ja, eg veit det er dumt å love slikt, men det skal bli så kjekt og eg treng noko å sjå fram imot!, sa den gamle scenografen og smilte med brune tenner.

”Haha, ja! Gratisarbeid er eit kjent fenomen i verdibasert leiing. Ja, eg har nokre vekttal frå ei leiarutdanning på BI under Anne-Guri Furu si kloke leiing sjølvsagt. Nokre kallar det du driv med slaveri – men i verdibasert leiing kallast det ekstrarolleatferd.

Den verdibaserte leiingsmodellen sitt viktigaste mål går ut på å hente ut meir kapasitet enn det dei formelle tariffavtalane i scenekunstfeltet gjer utrykk for, ikkje sant? Dei såkalla samarbeidsproduksjonane som du og mange andre må arbeide i, legg faktisk til rette for ekstrarolleatferd. Ja heile organisasjonssystemet legg til rette for utbytting av kunstnarar og andre personleg engasjerte tilsette. Men dei skjøner det ikkje sjølve! Ikkje skjøner kunstnarane det, og ikkje dei teknisk tilsette som gjer kunstnariske oppgåver heller. Lys- og lydteknikarar som gjer designoppgåver gratis, har jo ekstrarolleatferd inkarnert ikkje sant? Dei er vandrande kinderegg, men tar seg ikkje betalt for det! Eg trur eg ler meg ihel! Men teaterdirektørane veit det, dei lærer det på dyre kurs i leiing. Og dei har teatersjefane med seg på laget. Medan dei tilsette trivst med utbyttinga. Og fagforeiningane prøver å forklare, men Spektr og direktørane berre smiler. Haha! Det er så genialt!”

”Hm. Vel, nei, det der kjenner eg meg ikkje igjen i. Eg gjer berre jobben min. Ja, med livet som innsats. Men eg har ikkje anna enn arbeidet. Og eg gler meg til prøvene med songarane. Eg har alltid hatt slik sans for songarar, dei beveger seg så sakte på scena, og det kan eg faktisk like svært godt. Då får publikum nyte kostymane eg har skapt i ro og fred. Ja, om lysdesignet er godt då sjølvsagt. Derfor gjer eg oftast lysdesignet sjølv no for tida.”

”Å, kan du lage lysdesign og du då? ” spurde den minste scenografen. ”Lærte du det på teaterskulen?”

”Jau då, vi hadde eit fire-vekers kurs så eg hugsar då ein del. Men det beste er å ha ein ekte lysdesignar sjølvsagt, ja om teateret eller produsenten vil betale, men det vil dei ikkje alltid. Nei, no for tida brukar dei helst fast tilsette teknikarar til å lage lysdesign, for då er løna lågare og så stel teateret både opphavsrett og visningsrettar frå vedkommande. Ja, det er ei skam.”

”Å, ja det var trist å høyre. Det har eg aldri tenkt på”, svarte den minste scenografen. ”Men no då? Kva skal du leve av? Har du litt sparepengar på bok kanskje? Eller eit hus du kan selje?”

”Nei, eg har inga inntekt no og eg eig dessverre ingenting eg kan selje”, svara den gamle og måtte smile av den naive kollegaen. ”Men eg har faktisk ein kjærast i byen som jobbar i skulen. Han meiner eg bør byte jobb og ta pedagogikk så eg kan undervise i kunst- og handverk. Han er lærar og har hatt arbeid heile tida trass i koronakrisa. No har arbeids- og velferdsministeren endra reglane så om eg får innvilga søknaden om dagpengar så kan eg studere samtidig, ja i alle høve fram til jul. Etter jul er det ikkje lov å både få dagpengar og å studere samtidig, så då veit eg ikkje riktig kva eg gjer.”

”Å, så urettferdig. Har du ikkje ein slektning eller nokon andre du kan be om hjelp?” spurde den minste scenografen. ”Vi er sikkert mange som må gje opp det studiet vi har byrja på når juleferien kjem”, svara den gamle. ”Men kjærasten min har sagt at han kanskje kan betale mat og husleige når eg mistar dagpengane, ja for eg må jo prøve å fullføre PPU-studiet elles er det ingen vits. Ja, berre vi finn oss ein ny plass å bu. Husleiga vart sett opp då koronakrisa kom, og no må vi flytte. Eg trur den russiske huseigaren såg sitt snitt til å bli kvitt oss, men vi finn vel ein ny plass snart. Vi skal bu på atelieret mitt så lenge. Det er ikkje så stort, men det går sikkert bra, sjølv om det er ein russisk eigedomsmagnat som eig det og. Ja, eg har budd der i lange periodar før. Men no planlegg han å rive bygget sjølv om den utsmykka fasaden er verneverdig. Ja, Oslo kommune støttar han av heile sitt hjarte. Dei vil ha den russiske eigedomsmagnaten til å bygge nye kontorbygg for kommuneadministrasjonen på tomta som kommunen kan leige av han.

Men eg gler meg til å studere. Eg skal ta PPUen på OsloSprengMett. Det blir kjekt det. Kanskje eg rekk å få arbeide i skulen i eit par år før eg blir pensjonist”, sa den gamle scenografen. ”Ja, eg veit at dei ikkje vil tilsette kunst- og handverkslærarar med fagkompetanse i by-skulane for tida for å spare, det er så mange arbeidsledige kunstnarar som konkurrerer om lærarjobbane, dessutan er ufaglærte lærarar billege, men eg skal ikkje gje meg så le…. ”

”Hehe! Ja, nei no er det nok prat!”, avbraut den mellomste scenografen. ”Eg har tenkt litt medan du har snakka og eg har kome fram til at eg synest du skal bli med oss! No går i alle høve eg vidare. Ja, vil du vere med så heng på!”, ropte ho.

Den mellomste scenografen kjente seg ikkje trua av den aldrande kollegaen slik ho bruka å gjere når ho trefte ein annan og meir røynd scenograf. Nei, ho kjente seg tvert imot litt lett og glad over tanken på at ho både var yngre og penare enn henne, og at det trass alt gjekk mykje betre med henne og hennar eiga karriere enn med den gamle.

”Å ja, bli med oss då vel”, kvitra den minste scenografen. ”Ho var ganske sikker på at den gamle ikkje var så audmjuk som ho gav seg ut for å vere og at ho nok eigentleg var genial. Om ho kunne gjere sitt for at den gamle ikkje sovna her på denne stubben, men heller vart med og hjelpte til med å vinne krisepakka og prinsen, så kunne ho smykke seg med å ha redda eit gløymt kvinneleg kunstnarskap og sjølv kunne ho og heilt sikkert plukke opp nokre geniale triks ifrå den gamle scenografen.

– Ekstrarolleatferd er den atferden som er vanskelig å måle, som kommer i tillegg til formelle tariffavtaler og som er nødvendig for å sikre langsiktig organisatorisk suksess. van Dynes(1994) (i Kirkhaug, s.106).

– Å oppnå ekstrarolleatferd er et sentralt mål for verdibasert ledelse. Rudi Kirkhaug (Verdibasert ledelse, 2014)

– Medarbeidere som hjelper kolleger uten tanke på hva de får tilbake, vinner tillit, støtte og omsorg fra sine ledere. Tor Grennes (BIs nettside om Sjefens tillit, sist lest 10.06.2020)


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no