S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Dordi Strøm – 9. juni 2020

Eventyret om dei tre scenografane - del 1

Collage av Dordi Strøm, fra scenografidreiebok til Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd av Jon Fosse. Scenografi og kostymedesign Dordi Strøm. Regi Torkil Sandsund. Hordaland Teater, Den Nationale Scene og Festspillene i Bergen, 2018.


Publisert
9. juni 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Eventyr Kunst

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/eventyret-om-dei-tre-scenografane-del-1-nokon-ma-doy
Facebook

Nokon må døy – Ein korona noir av Dordi Strøm

Det var ein gong tre scenografar som var på sommarferie hjå bestemora si på familiehyttekomplekset på fjellet etter veker i isolasjon på grunn av koronakrisa. Dei hadde vore så bekymra, men bestemora, som snart runda nitti år og endeleg hadde trekt seg frå alle styreverv, hadde klart seg godt og ikkje merka noko særleg til krisa. Og no var det sommar og dei kunne endeleg reise på toppturar i lag alle fire på nye randonnéski, jakte hjort og fiske aure i fjellvatna, ta enda nokre vekttal i teatervitskap eller kunsthistorie, stelle i hagen og starte dagane med grøne skvallerkålshakes og yogaklassar på nettet.

Bestemora hadde motteke fleire millionar i krisehjelp til selskapa sine frå regjeringa. Dei siste månadane hadde ho engasjert seg i kulturlivet og starta eit eige koronatiltak for kunstarar i lag med kuratorane Per Stundar Bak-lengs og Eig Genser-Ponsjo Bolero. ”Og de vil kanskje ikkje tru det”, sa bestemora begeistra, ”men Ole Lukkøye Slengiveg ville vere direktør. Og no arbeider dei tre i lag med å investere i kunst for meg, ja, dei er dyre, men dei lova å arbeide hardt og vere usynlege, men synlege på same tid, om de skjøner?” fortsette bestemora. ”Ja, eg kunne nesten ikkje tru at dei var ledige for oppdrag, men det var dei alle tre, ja, dei er som dinosaurar å rekne. Ja, eg måtte lukke auga og klype meg i armen, og då eg opna auga igjen var dinosaurane framleis der, for å seie det slik, hehe.”

“Men kva skal du kjøpe då bestemor? Du kan vel ikkje kjøpe og samle på alt dei foreslår?» sa scenografane. Dei var bekymra for at bestemora brukte opp arven deira på å kjøpe dårleg kunst. «Å, så kjekt at de spør – jau, no for tida er eg særleg interessert i videokunst og i skulpturar av ein viss storleik. Ja, alt som er stort er bra, og dessutan er skulpturane så billege! Produksjonen skjer ikkje her må de tru, nei då, dei produserast med billeg arbeidskraft i Kina, hehe. Ja, det gjer jo meg ein god pris, så det er klart eg kjøper. Og videokunsten blir jo laga no, as-we-speak ikkje sant, i heimane til kunstnarane rundt om i verda som framleis må halde seg heime. Denne kunsten tar samtida på pulsen på ein unik måte. Video- og performancekunstnarar og skodespelarar og dansarar kjempar for å skape sin eigen identitet og sitt eige uttrykk i skuggen av generasjonane før, ikkje sant? Vi som hadde vår glanstid på 1950-60-70-80-talet ber ansvaret for dei dominerande forteljingane om det verkeleg gode livet!”

”Men bestemor, det der er berre hipster-kunst! Videokunstnarar og performancekunstnarar og dansarar kopierer berre 1980-talskunsten, du lar deg lure, bestemor! ” ropte dei tre scenografane i kor. No var dei oppriktig bekymra, i sær den største scenografen såg føre seg at dette kunne få konsekvensar. Ho var snart klar for å pensjonere seg, flytte til familieeigedomen og bu der resten av tida.

”Nei nei nei, her har de nok ein heil del å lære. De skal ikkje le av hipster-nostalgien, den er eit sårt og inderleg forsøk på å skape meining i ei meiningstom tid. Min generasjon, og den etter oss, skapte mytar så sterke at dei unge i dag må slost for å finne seg sjølv nett slik vi måtte, men skilnaden denne gongen er at slaget er tapt! Hyperkapitalismen har sigra! Ja, eg innrømmer det gjerne, eg profitterer stort på det!

Men sidan eg skal døy snart vil eg at namnet mitt for all ettertid skal forbindast med innsatsen min gjennom kunstsamlinga mi. Samlinga skal bli eit dyrebart dokument over ei tapt tid og tapt ungdom. Tragediar sel som berre det, ikkje sant! Og eg blir hugsa som fødselshjelpar for denne særeigne kunsten. Eg er ein velgjerar! Eg er rik, men vil bli hugsa som ei som ga av sin kjærleik til denne generasjonen med fattige kunstnarar, som trass mi gode vilje dessverre måtte gå under og døy. Det einaste som kan vitne om det livet dei kunne ha levd, om ikkje koronapandemien og konsekvensane av den hadde tatt dei av dage, er den store kunsten som eg har tatt vare på, i innsikt, klokskap og kjærleik. Dei er den tapte generasjonen som eg gjorde alt som stod i mi makt for å redde! Åh, det er så vakkert!”

”Men bestemor, det er då ingen som i fullt alvar investerer i videokunst?” utbraut den eldste scenografen. Ho kunne ikkje late vere å tenkje på at bestemora si begeistring for sitt eige ettermæle gjorde at arven hennar vart brukt på flyktig tidsbasert kunst. ”Tenk på materialtrøyttleiken, bestemor, videoband og cdar og harddiskar blir utdaterte før du rekk å seie Tesla modell Æ!”, sa den mellomste scenografen, ho var den av dei som var mest oppdatert på nye appar og ny teknologi. ”For ikkje å snakke om forureininga frå lasteskipa som må frakte skulpturane frå Kina og heilt hit. Kvalane døyr av forureining og støy frå skipstrafikken, bestemor!” sa den minste scenografen. Ho var så ung.

”Ha! Skipstrafikken held fram sjølv om eg ikkje er med for å seie det slik. Det får vi tole – målet heilagar middelet, det forstår alle. Og omsynet til forsvarleg lagring av videokunsten er i dei beste hender. Performance og scenekunst på video vil dessutan få ein renessanse, det seier kuratorane mine, og det er eg trygg på at dei har rett i. Snart kan ikkje det som strømmast lastas ned lenger – men eg kan eige det, ikkje sant? Og så snart regjeringa tillatar det, skal publikum frå heile verda få komme til mi enorme kunstsamling for å oppleve store augneblikk enno ein gong, berre vent å sjå. Nostalgia is king!” utbraut bestemora. ”Å, men bestemor, det er supert at du vil hjelpe kunstnarar, det støttar eg deg i 100%, men å samle på videokunst! Veit du det er berre såååå 2010!” sa den yngste scenografen og himla med auga.

”Nei då, hald stilt!” sa bestemora og fortsette, ”kunstsamlinga mi veks til eit arkiv som dokumenterer ei tid som aldri kjem tilbake, og når eg investerer kan kunstnarane skape meir videokunst og fleire dansefilmar kvart minutt så lenge dei framleis har havregryn og vatn og kanskje ein og annan avocado – ja, og krefter til å puste sjølvsagt. Når dei er daude er det for seint, ikkje sant? Ingen har sett noko liknande sidan kunsten som oppstod under aids-epidemien på 1980-talet, men denne gongen blir det større, og dessutan er det eg som eig kunsten, og ikkje Chuck Saartchy eller Sjeika Masai Ai-Tran eller Sprada eller Rubbel og Bit-familien. Hehe, eg gler meg til å treffe dei og Kem Blodstrup og Mitt Gillespik frå vårt lokale Galleri Blodstrup på Chart Fart Fair og Kode Fart Fair til neste år!”

”Men Kina er vel verre ramma av viruset enn alle oss andre til saman, bestemor, du kan vel ikkje basere deg på at kunstproduksjonen oppretthaldast no under krisa?” innvendte den minste scenografen. ”Eg held den fattige kinesiske handverkaren i arbeid med edle mål og middel”, svara bestemora. ”Ja, om han døyr av viruset under virusbølje to i september, så har han lærlingar som er yngre og sterkare som kan arbeide, ikkje sant? Det finst alltid ein kinesar som vil arbeide. Ja, så slik har kunstnarane og eg og verdas fattige felles interesser i investeringane, ikkje sant? Det er ei ideell utveksling av kulturell og økonomisk kapital!”

”Men korleis veit du at desse unge kunstnarane vil bli store namn då, bestemor?”

”Ja, det har eg sjølvsagt tenkt på! Det er til dømes ingen av kunstnarane eg kjøper inn som har reist rundt med Skulesekk eller hatt sommarjobb i dyrepark eller stilt ut på private små galleri på bygda, og takk og lov for det, då søkk verdien av kunsten som stein i vatn.

Nei, desse kunstnarane er utdanna i New York, Amsterdam og i Finland og har debutert ved Saartchy og Gluggeheim og Sprada Foundation og Blodstrup her heime og Dokumenter og Teatertreffet og Folkescena i Berlin og Odeon og i Caen og Seoul og på scener i store operahus i heile verda. Kommunikasjonsrådgjevarane mine er digitale historieforteljarar av høgste rang, ja, dei er på nivå med kommunikasjonsstrategane til Banksy og Bowie og Lady Gaga og Billie Eilish og Sia før ho slepte maska. Nei, desse kunstnarane sit ikkje nakne i eit badekar med roseblad og snakkar ømt til eit kamera om at vi er i same båt, må du tru!

Konsulenthonorara er høge som hus, det er sant, men skillsa konsulentane har er ei gullgruve. Ja, eg har folk med mastergrad og doktorgrad frå BI og Mammon og Second House og Norsk Publikums Utsetting (NPU) til å ta seg av analysar og berekningar og marknadsføring på SoMe, dei er suverene og uslåelege. På litt lengre sikt, men innan eit år, ventar eg meg internasjonal suksess. På kortare sikt og allereie i år vil vi få tildelt minst ein og kanskje alle dei fire NPU-prisane”, sa bestemora ivrig. ”Det blir eit viktig signal inn på departementsnivå”.

”Du brukar jo å få rett bestemor, men sei meg, er ikkje alle desse folka eigentleg nære vener av deg?” spurte den største scenografen. ”Nei, eg kjenner slett ikkje desse folka personleg, nei, vi har ei armlengds avstand for å seie det slik, ja, minst ein meter. No for tida er det ofte to, hehe, ja, til og med når vi sit til bords i lag eller går på hjortejakt her på eigedomen er det avstand mellom oss. Nei, eg kan ikkje seie at korkje dei eller dronninga eller ministeren eller ordføraren eller teatersjefen eller kultursjefen eller banksjefen inne i byen er nære vener av meg, sjølv om vi gjekk på skule i lag då vi var små, ja, og under studietida i London. Nei då, nære er vi slett ikkje. Nei, som sagt, dette er ein vinn-vinn-situasjon for alle”, sa den gamle bestemora med eit smil.

Ho hadde eit enormt kornsiloanlegg inne i den store byen i kikkerten som ho ville at kommunen skulle kjøpe og gjere om til museum for kunstsamlinga. Når berre uroa rundt kunstbiennalen i den store byen ville legge seg så skulle ho starte sin eigen biennale i samarbeid med Nasjonalmuseet og med dronninga som hovudutstillar, ja, det slår aldri feil. Og ungdom på austkanten skulle få si eiga scene. ”Ja, ein må sjå seg om i alle miljø etter det neste store talentet”, sa bestemora. ”For departementet vil ha mangfald, det er det som gjeld no og scena skal Romme alt, men dei får ikkje ordinære produksjonsmidlar eller tariffløn, nei dei er så unge og kreative, dei får jobbe gratis og lage teater sjølv, om slaveri og rasisme, men det skal skje med humor! Berre slapp av! Velkommen til teateret! Det myldrar av ungdom i alle fargar og alle kjøn som berre driv gatelangs der oppe, men no skal dei gå i teateret og sjå kvarandre danse, berre vent, besøkstala kjem til å gå i taket! Og så vil eg ha Ulf Eriks og Gyko og Garpe og Rorora og Harten Morket i styret, ja, dei har byrja lage grafikk dei og. Og så må vi sjølvsagt tilsette Svi Åker Birkenstokk som teatersjef for det heile på livstid. Den mannen kjem til å bli minst hundreogfemti år gamal, så då har vi den maktposisjonen sementert for framtida. Ja, dette blir knall”, sa bestemora og byrja hoppe opp og ned av iver medan ho snakka.

”Kunstsiloen blir ein perfekt arena for både samlinga mi og for den nye videokunst- og skulpturbiennalen, og siloen skal ha namn etter meg sjølvsagt”, sa ho, ”berre kommunestyret snart vil forstå verdien av den gåva eg vil skjenke dei. Eg kan ikkje forstå kva det er som kan vere viktigare å bruke pengar på enn dette”, sukka ho oppgitt. ”Eg har bedt Erna ta ein prat med dei, ja, ho er heldigvis Noregs representant i FN si pådrivargruppe for berekraftsmåla, eg eeeer så roa av å vite at den uhyre viktige jobben er i gode fordomsfrie kvite hender. Eg har store forventningar, men eg har det og travelt. Eg får vel kjøpe kornsiloen sjølv om ikkje kommunen snart tar til vettet”.

”Nei, sjølvberging er nordmannens høgste dyd”, sa bestemora. ”Ja, vilja og evna til å overleve og klare oss sjølve har vi i blodet alle”, brukte ho å seie. ”Og å takke, det lærer vi tidleg her i landet, ja, det må vi hugse, alle som ein”, meinte ho, og det hendte at ho både takka og stilte seg opp og applauderte av heile sitt hjarte når bonden på nabogarden kom for å vaske i huset hennar eller tøme søpla. Og ho klappa og klappa når han kom for å hjelpe dei gongane ho fekk motorstopp fordi ho hadde gløymd å lade batteriet på bilen. Ho passa på å klappe når han kom med posten og når han hogg ved for henne og brøyta vegen opp til hyttekomplekset om vinteren. Ho klappa i all slag vêr og på alle tider av døgnet.

”Men blir du ikkje trøyt av all klappinga, bestemor?” sa den minste scenografen bekymra. ”Jau”, svarte bestemora, ”men no har bonden endeleg fått dei sentraleuropeiske sesongarbeidarane ut av karantene frå brakkene på tunet. Så no har eg leigd ti av dei til å stå og klappe på mine vegne. Det fungerer storarta og er ei investering eg absolutt vil anbefale”, svarte ho.

Nei, dei tre scenografsystrene kunne med stor glede konstatere at bestemora var som før og levde i beste velgåande. Frykta dei hadde hatt for at viruset skulle ramme henne hadde vore ugrunna. ”Ja, vi kjem frå ein rotnorsk frilufts- og idrettsinteressert familie som fører et opplyst og sunt liv omgitt av kunst og litteratur av høg kvalitet, og vi lever lenge i landet, ja slik norske kvinner alltid har gjort”, sa dei til kvarandre.

————————————————*****————————————————–

Ein dag kom det bod om ei lenge venta koronakrisepakke for kultursektoren frå kulturdepartementet. Kulturministeren var ny i jobben, men mange hadde banka på døra hans for å hjelpe han. Mellom dei var den nye og svært ivrige venninna hans Anne-Guri Furu. Med gode gamle Smith Adams som vegvisar hadde ho nettopp starta enda eit nytt forskingssenter for kultur og næring som ho kalla for BI:CCCP – BedriftsNæringsøkonomiske Interesser: Creativ, Culturell, Commersiell og Produktiv. Og der på senteret hadde dei unge forskarane under professor Furu si leiing forska fram den nye koronakrisepakken som no skulle presenterast.

Før lanseringa av krisepakken hadde Anne-Guri Furu råda kulturministeren til å slutte å snakke om seg sjølv kvar gong han opna munnen. ”Du kan altså ikke starte alle setninger med pronomenet jeg”, kviskra Furu til ministeren, ”les deg heller opp på norske folkeeventyr, og bruk dem for alt det er verdt”, var eit av hennar mange råd. Ho hadde og kviskra at han måtte løfte fram norske band og kunstnarar og artistar og andre verksemder med økonomisk suksess når han snakka offentleg. Så det gjorde kulturministeren og Anne-Guri Furu, og følget frå BI:CCCP følgde nøye med når ministeren snakka: ”Ja, nå blåser det nordavind fra alle kanter dere”, byrja ministeren, ”kom arbeidslyst her skal du motstand finne, hehe, neida! BI litt, vuups, hehe”, sa han til journalisten i den kriseramma radiokanalen som no formidla nyhende via sin eigen Instagram-konto sidan krisepakkar ikkje var for journalistar og aviser, og fortsette: ”De som ikke går i gryta, men passer seg for den kan alle sammen snart få reise med SAS Pluss igjen, hehe”, sa kulturministeren, ”men som vi alle vet: de e ijtnå som kjæm tå sæ sjøl, og spesielt ikke for kunstnere. Dere er som sommerfugler i vinterland, og løse tråder er lange, som Pompel ville sagt det, men det er bedre med to reparatører enn ingen reparatører, og dere er jo så gode til å reparere, konstruere, dikkedere og formulere, at dette kommer til å gå kjempebra, og myjti lys og myjti varme, tru og håp det skal dere få med dere, selv om det blir mange tårer og tunge stunder så skal vi gi alt, alt for Norge, og dette skal bli helmaks, Egon, hadde jeg nær sagt, for den som kan bygge et skip som kan gå like godt til lands som til vanns og i lufta med, ja han, eh hun eller ja hen, skal få Hedda-prinsen og en hel halv krisepakke!” avslutta ministeren og slo ut med armane medan han kika bort på Furua som nikka nøgd.

Då den minste scenografen høyrte dette, vart ho overraska. ”Kvifor skal det berre vere ei halv krisepakke, hæ? Dei andre bransjane får jo heile pakkar? Er vi det halve av det andre er? Og sei meg skal det vere konkurranse mellom kunstnarar om kven som får hjelp under koronakrisa? Kva med dei kunstnarane som tapar konkurransen og ikkje får til å byggje skipet eller ikkje rekk det på tida?” spurte ho systrene. ”Får vi løn uansett? Er det tariff? Det er vel staten forplikta til, eller? Og får vi forresten dekka materialkostnadane? Eller risikerer eg tap om eg prøvar, men feilar?” spurte ho dei andre, men dei hadde ikkje svar dei heller.

”Artig påfunn”, sa den største scenografen, ”men det luktar BI: CCCP av heile opplegget. Er det professor Anne-Guri Furu som er den nye statssekretæren i departementet tru?”

”Æsj, drit i det”, geipa scenografen i midten, ho kjente Anne-Guri Furu frå tida på teatervitskap. ”Eg elskar konkurransar!” haldt ho fram. ”Den som ikkje satsar vinn i alle fall ikkje!” ropte ho begeistra. Etter mange år som scenograf ved nynorskteatra i kongeriket hadde ho lagt seg til ei vestnorsk dialekt som låg tett opp til den dialekta dei snakka ved Det Vesle Vestre Vestlandsteateret i Vestland, men det var berre der dei kunne høyre at ho språka, så ho fortsette: ”Det er jo konkurranse oss imellom vi driv med heile tida likevel, og dette veit Anne-Guri Furu. Vi scenografar har mista alle høve til å bli fast tilsette, og no er vi lausarbeidarar som konkurrerer med kvarandre om jobbar og stipend, ja, og slik vil ho ha det, både fru Furu og teatersjefane som ror rundt mellom teatra frå åremål til åremål, ja og kulturministeren, sjølv om han ikkje har peiling. Han trur på alt som blir kviskra til han, spesielt det som blir kviskra frå venstre på Sunnfjord-dialekt. Men om han klarar å få gjennomslag for det han høyrer som han kviskrar vidare til statsministeren, er ei heilt anna sak. Men ordet insentiv har kulturministeren lært seg, og det betyr ofte halvparten, eller helst enda mykje mindre. Så ja, eg vil tru det at ideen om at ikkje alle, men berre nokre få, skal få det halve av det dei faktisk treng, er Anne-Guri Furu sin idé. Det liknar henne.”

”Ja, eg trur du har rett”, sa den eldste scenografen, ”og så blir det kviskra til kulturministeren at i dette landet kan alle bli akkurat kva dei vil og lukkast med det, berre dei vil det nok, og at om ein ikkje lukkast som kunstnar på den kommersielle marknaden så får ein skulde seg sjølv for at ein ikkje kan sin Smith Adams og sin Floorida og sin Ryn And, for staten er i alle høve utan ansvar her, blir det kviskra”.

”Men det er jo ikkje sant”, utbraut den største scenografen. «Dei fleste treng vel hjelp frå staten i form av stipend, eller? Ja, eg har jo bestemor og aksjar og gode vener blant teatersjefane, så dette kan eg ikkje så mykje om, men er det ikkje slik det er? Vel, dette er det ingen i flettverket, eh eg meiner nettverket, som snakkar noko særleg om eigentleg, og eg må sei eg synes det er rart. Kva er det folk er så redde for eigentleg? Eg er ikkje redd!”

”Nei, men det går det jo an å forstå, du er jo rik og kvit og mykje får meir, slik var det før og slik er det framleis – kan du noko for at du er pen og vellukka og at folk vi arbeide med deg kanskje? Nei, det skal du berre vere glad for og halde fram slik du alltid har gjort! Det er ei oppskrift på suksess du har der syster og heldigvis er vi ganske like du og eg!” sa den mellomste scenografen og glisa.

”Ingen vil snakke om at dei får for lite løn, og det er jo sjølvsagt fordi ingen vil klage, ikkje sant?” sa den minste scenografen. ”Dessutan er det skam forbunde med ikkje å vere vellukka, ja, ingen vil arbeide med ein tapar. Eg har fleire i den gamle klassa mi som lagar fantastiske scenografiar, men som arbeider så smalt at dei ikkje har sjans til å overleve. No etter at krisa kom har dei ingenting. Eg er redd dei kan døy! Nei, veit de, eg skal vinne denne krisepakka og så skal eg gje den vekk til scenograf-kollegaer som treng den meir enn meg!” ropte den minste scenografen og vart glad og letta ved tanken.

”Ja! Fagfellevurdering og velgjersarbeid! Det har eg alltid hatt slik lyst til å drive med!” sa den største scenografen og tenkte at bestemora heilt sikkert ville like at ho vart med på dette.

”Å, gje dykk, vil de gje vekk pengar? Huff, om desse scenografane de kjenner ikkje lukkast så kan dei skulde seg sjølve. Og dei må altså slutte å klage. Klaging er så keisamt!”, held den mellomste scenografen fram. ”Det er sjølvsagt ingen som vil jobbe med deg om du er sur og svolten heile tida. Den som smyg rundt og kviskrar i krokane om lite pengar og er negativ, og som heller aldri sminkar seg eller trenar eller bleikar tennene i blant eller går til frisøren minst ein gong kvar tredje veke er det sjølvsagt ingen som gidd å jobbe med. Nei, sjå på meg, eg smilar med pene tenner, brukar ein nett sum kvar månad på attraktive klede og lekre sko, snakkar høgt og er udelt positiv, uredd og morosam. Slike kunstnarar vil alle vere i lag med og høyre på, ikkje sant?” gliste den mellomste scenografen.

”Professor Anne-Guri Furu er jo og kunstnar” haldt ho fram, ”ja på sin eigen måte, og ho er ei slik ei som alle vil høyre på. Ho er positiv og snakkar høgt og gjerne, og ho vil berre det beste for kunsten, ja og økonomien sjølvsagt”.

”Ja, ok, eg veit det”, svara den største scenografen, ”men eg skal snart pensjonere meg og då ser det mykje betre ut om eg gjer som bestemor og blir ein slags mentor, ikkje sant? Då blir eg invitert på eksklusive festar og får eigen losje i operaen og kan opptre i kjendis-spaltane i kjolar eg har teikna sjølv i avisene og i SoMe, ja, slik som Tja Prellera. Ja, ho er skodespelar, men no skal ho sele kjolar! Som om ho har greie på design berre fordi ho har hatt på seg klede. Ja, det er som å seie at du er kokk, berre fordi du har ete. Ja, ho teiknar ikkje kjolane sjølv må du tru, dessutan er alle kjolane heilt like, og dei blir ikkje laga her i landet!

Nei, om eg kan bli med på denne skipsbyggekonkurransen, vinne pengane og så gje dei vekk, er det ein vinn vinn for meg og dei eg vel ut til å få dei, ikkje sant? Eg er trygg på at slik vil eg praktisk tala redde kunstnarliv!” svara den største scenografen. ”Men den Hedda-prinsen kan eg ta sjølv, han vil eg ikkje gje vekk, ja, og dessutan hadde det vore fint med ein tur til byen no for å trene med den personlege trenaren min.”

”Å ja, kan du ikkje bli med? Så kan vi samarbeide om å vinne pengane og saman redde liva til dei vi vil! Vi kan redde kvite og brune og svarte og gule og alle scenografar vi møter”, ropte den minste scenografen. ”Når vi vinn så kan vi opprette eit eige fond i familien sitt namn og dele ut pengar til dei kunstnarane vi likar og som likar oss tilbake så dei kan få leve, ikkje sant? Og så vil vi, på vår side, leve evig i kulturnasjonen sitt kollektive minne som velgjerarar og livreddarar for norske kunstnarar, ikkje sant? Kanskje vi kan kjøpe ein park i Trondheim som er forma som eit hjarte og som vi kallar opp etter oss sjølve, ja, eller den kan og heite Kunst 1000, og så fyller vi den med kunst laga berre av menn! Ja, og så kan dei kunstnarane som blir kasta ut på gata fordi dei ikkje klarar å betale husleiga få utdelt soveposar og bu i parken om nettene? Å, det hadde vore fint!

Veit de, eg vil så forferdeleg gjerne vinne, men sei meg ein ting – det er vel ikkje slik at det er noko lureri med dette opplegget vel?” spurde ho den mellomste scenografen. ”Det er vel ikkje ugler i mosen her?”

”Nei, gje deg her er det ingen ugler, her er det ope spel med opne kort! Det at professoren er så glad i Smith Adams er ho heilt open om, og ho likar å snakke høgt om pengar på ein frekk og uredd og morosam måte! Ho er den einaste som snakkar slik, og alle politikarar elskar henne for det, ja frå AP til Høgre og Senterpartiet, og no er det Venstre ho er vener med sidan dei har ministerposten, ikkje sant? Nei, Anne-Guri Furu er imponerande oppdatert og fleksibel og underhaldande, ja, ho er og blir eit orakel!

KUD og NTO og NPU og NFT og Nkr og Spktr inviterer henne for at ho skal seie det same enda høgare og med nye og oppdaterte powerpointar og med transkulturelle standup- og musikk- og danseinnslag i pausane på seminar og kurs og konferansar for heile kultursektoren år etter år og dei elskar henne for det fordi ho seier det med eit smil, ikkje sant? Og kva er det ho seier? Vil du høyre? Eg kan seie det eg!: Nokon MÅ døy, seier Anne-Guri Furu!

Og politikarane og kulturbyråkratane og teaterdirektørane og teatersjefane gispar av skrekkblanda fryd der dei sit i amfiet på Noregs største teater og ser med tårer i auga på professor Furu som spring fram og tilbake der nede på hovudscena og snakkar med trådlaus mikrofon og legg inn små pausar og retoriske krumspring før gode poeng som om ho aldri har gjort anna: Nokon må døy! gjentar ho enda ein gong og alle direktørane og politikarane klappar og ler og blir varme og glade, ja nokre av dei blir så glade at dei tissar ein skvett i trusa, sånn pitte litt berre og utan at nokon merkar det, for alle sit med pleksiglas til ein kvart million mellom stolane, og dessutan er jo det professor Anne-Guri Furu seier heilt sant! Nokon MÅ døy! seier ho og så smilar ho og nikkar og vi veit at ho har rett. Nokon må døy kjære systrer, og det blir ikkje meg, det seier eg berre!”

– We have become grandmother. Margaret Thatcher (I ein tale haldt utanfor Downing Street 10, 3. mars 1989)

– All for ourselves and nothing for anyone else Adam Smith (The Masters of Mankind, 1776)


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no