S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Dordi Strøm – 15. oktober 2020

Elefanten i Fjaler

Foto: David Zadig. Scenografi: Ida Müller


Publisert
15. oktober 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/elefanten-i-fjaler
Facebook

I si vranglesing vil ikkje festivalleiinga diskutere møtet mellom frivillige amatørar og profesjonelle i scenekunsten. I staden sporar dei av ein viktig debatt.

I tekstenOm fotball og menn for alle og ingen skreiv eg om framsyninga Fotballspelet og om verket og kunstnaren sin blinde flekk.

Festivalleiinga meiner at eg med dette gjer det same som Sløseriombudsmannen, ein Facebook-profil som heng ut kunstnarar i «si gransking av korleis byråkratar sløser vekk dine skattepengar». Ein kan jo lure på kven det er festivalleiinga i Fjaler vil skal lese ein slik negativ omtale av ein skribent.

Med støtte frå Fritt Ord skriv eg, ikkje berre om kva scenografi er, men kva scenografi gjer. For den som er interessert i scenografi betyr det at eg skriv om estetikk og kunstnariske val. Men og om produksjonsvilkår for scenografi, om kunst, kjøn og makt – og om blinde flekkar.

Det eg skriv i Fotball og menn for alle og ingen er basert på mi oppleving som publikummar, av framsyninga og panelsamtalen etterpå, og møter og samtalar under festivalen.

I si vranglesing vil ikkje festivalleiinga diskutere møtet mellom den profesjonelle scenekunsten og frivillige amatørar i det frie scenekunstfeltet eller i festival-Noreg. I staden sporar dei av ein viktig debatt. Det gagnar ikkje scenekunsten, ikkje eingong i Fjaler.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no