Overflatisk sett er Richard Strauss og Hugo von Hofmannsthals opera merkeleg lik mange av 1700-talets forviklingsdrama: her er adelege kvinner og menn som forelskar seg på tvers av alder og stand, komiske utkledningslureri og happy ending når dei unge elskande får kvarandre til slutt. Var det tilbake dit Strauss ville tidleg på 1900-talet – etter dei langt mørkare Salome og Elektra?
Etter premieren i Bjørvika i helga, er det også freistande å spørje: er det tilbake til nostalgiske marsipankakescener Den Norske Opera vil no – etter mykje røff og utfordrande regi under den førre operasjefen?
Tidlause kvalitetar
Svara på spørsmåla er heldigvis ikkje heilt rett fram. For hører ein etter, kling det tidleg 1900-talsmoderne i Rosenkavaleren: i musikken der tonaliteten bryt nesten ut av dur- og mollgrensene, i galskapen og parodiane på slagerar og Wienervalsar og ikkje minst: i kvinnestemmene.
For sjølv om handlinga og dei arrangerte ekteskapa dei syng ut mot er lagt til 1700-talet, løftar både poesien i librettoen og musikken tematikken ut over historisk tid. Ein av dei vakraste ariane til marsjalinna – som innser at ho ikkje er ung lenger (i ein alder av litt over tretti) og kanskje må la den 17 år unge elskaren gå – handlar til og med om tid: den ein knapt merkjer, men brått ser i spegelen, i ansiktet, og kjenner at renn, som sand i eit timeglas.
Marita Sølberg tolka både denne arien og rolla som marsjalinna med mjukt mynde og lysande stemmekraft på premieren. Heilt til siste slutt – gjennom masse scenisk ståk i siste akt – heldt ho fast ved ei verdig framferd, og vokal nyanseringskunst.
Ho hadde også ein flott motspelar i mezzosopran Andrian Angelico som unge Octavian. Også han utmerkjer seg ikkje berre med stemmeprakt, men med timing og komisk talent når han utkledd som ungjente lurer den gamle baron Ochs. Den unge Sophie, som ikkje vil gifte seg med baronen likevel, blir også både sårbar og herleg temperamentsfull i Mari Eriksmoens stemme og kroppsspråk.
Stereotype mannfolk
Kan hende er det ikkje like mykje å spele på i rollene som gamal gris (okse, som Ochs betyr på norsk) eller patriark – som faren hennar, herr von Faninal. Same kva synes eg ikkje Henry Waddington og Fredrik Zetterström fekk like mykje ut av desse karakterane. Dei blei langt meir stereotypt breibeinte, både scenisk og songleg, med nokså tung, føreseieleg frasering. I dei mindre rollene fungerer karikering betre, og dyktige songarar frå den faste staben i operaen kom inn med overskot som embetsfolk, tenestefolk og andre viktige karakterar. Men skjer det inga utvikling hos baron Ochs i løpet av operaen, er og blir han berre ein latterleg stut?
Ein kunne tru at ein opera med denne tematikken på eitt eller anna vis ville bli prega av fenomen som #metoo når han setjast opp i dag, med nye spørsmål. Kva slags maktspråk ser vi her – hos baronen, og kanskje også hos marsjalinna, som bøter på si eiga sorg over mange år i eit ulykkeleg ekteskap, med å finne seg ein ung elskar?
Spørsmåla kling kan hende med, subtilt, men regissør David McVicar – som også har scenografien – har elles ikkje gjort stort for å knyte operaen til vår tid. Tvert imot: her er forgylte rokokkomøblar og digre lysekroner, utspilte kjolar (damene må tidvis gå sidelengs i dørene) og påkosta herrejakker i fløyel, silke og brokade. Tenestefolk i meir moderate fargar blir også utsette for plump rumpeklapsehumor av eit slag eg trudde operaen hadde flytta frå då dei kom over i nytt hus.
Kva vil Miskimmon?
For meg blir denne produksjonen – som er frå 1999 og sett opp ved fleire europeiske operahus i mellomtida – for tradisjonsbunden og visuelt einsformig, og eg spør meg kva operasjef Annilese Miskimmon vil med han. Samtidig mistenkjer eg at mange i salen synes denne Rosenkavaleren er herleg –nettopp fordi den er meir «god, gamaldags opera». Etter mange år med utfordrande og dels rå aktualiseringar av standardrepertoar i Per Boye Hansens sjefstid, er det kan hende dette publikummet operaen vil trekkje?
Blei det heile så berre ein «wienersk farse» eller maskerade, det heile, slik marsjalinna syng til slutt?
Nei – og det er viktig. Til det er den vilt fantastiske musikken til Richard Strauss, smidd saman med ein drivande libretto, altfor sterk. Når alt i tillegg er formidla av lysande songarar med mykje energi – koret og gruppa frå barnekoret varmt inkludert – blir resultatet sterkt. Men sist og kanskje aller mest: heilt frå ouverturen sette inn, var det klart at den musikalsk leiinga til Joana Mallwitz ville gjere dette til ein kveld å minnes. Eg har sjeldan hørt orkesteret så offensivt, så artikulert og med slik kammermusikalsk sjarm i samspel med songarane tvers gjennom ein heil opera – i eit så infernalsk partitur. I det ligg det viktigaste latent: dei djupe kjenslene og spenningane, kontrastane og snerten som til sjuande og sist avgjer om Rosenkavaleren er bryet verdt.
Den 34 år unge dirigenten – som altså er om lag jamgamal med den «gamle» marsjalinna – blei slik den største stjerna denne kvelden, på eit lag med mange lysande utøvarar, i ei nokså eindimensjonal iscenesetjing.