Bastard scenekunstfestival, Olavshallen, Lille sal
Nothing’s for something
Av Heine Avdal og Yukiko Shinozaki
Skapt og framført av: Heine Avdal, Brynjar Åbel Bandlien, Fabrice Moinet, Taka Shamoto, Oleg Soulimenko og Yukiko Shinozaki
Lyddesign og elektronikk: Fabrice Moinet
Lysdesign og teknisk ansvarleg: Hans Meijer
MELDING: Alt er rørsle, og objekta er berre illusjonar på netthinna. Eller? Amund Grimstad har sett Nothing's for something på Bastardfestivalen i Trondheim. Framsyninga går på Black Box Teater fram til fredag.
Det er langt mellom kvar gong eg i så stor grad lar meg forføre som i denne uvanleg vakre, spesielle og tankevekkande produksjonen til Heine Avdal og Yukiko Shinozaki. Stikkordet deira er å synleggjere det usynlege. Spor er så mangt, nokre blir viska ut med ein gong, nokre varer tilnærma evig, og nokre blir synlege ved sitt eige fråver. Er dette komplisert å forstå? Nei, ikkje etter å ha sett dette Brusselbaserte kompaniets leikne, poetiske, og ikkje så reint lite filosofiske framsyning, ei visuell gåve til publikum.
Det tar til som eit vanleg scenebilde med alle teppa nede. Litt spesielt kanskje at teppa heng i store grå heliumballongar oppunder lysbrua, men elles er alt normalt. Vi ventar på at teppet skal gå opp. Så tonar den ultimate wienervalsen «An der Schönen Blauen Donau» ut over høgtalarane, og forsiktig, særs forsiktig tar teppa, eller draperia til å danse. Ja, tru det eller ikkje, men dei dansar vals! Det er magisk, og utruleg vakkert. Men kva skjuler seg bak? Kva er det vi ikkje ser? Etter ei stund, og ganske gradvis kjem menneskelege lemmar til syne før draperia etter kvart forsvinn og vi får særs synlege teppeførarar som med rørsle og dans forflyttar seg saumlaust i eit sakte strobolandskap. Like saumlaust og forsiktig dukkar projiseringar av enkle strekteikningar opp, eit projisert bylandskap, og ikkje minst omrissa eller avtrykka av folka som etter kvart forsvinn frå scena. Personleg fekk eg assosiasjonar til dei måla omrissa vi ofte ser i byane, og som syner kor noko kriminelt eller valdeleg har skjedd. Det blei litt skummelt.
Men så tek Avdal og Shinozaki oss attende til poesien. Til tonane av fugleskrik og storbylarm dansar ni kvite, opplyste og omlag meterstore ballongar gjennom scenerom og sal, rett over hovudet på oss, og styrt av sinnrik elektronikk og nesten usynlege propellar. Eg legg meg attende i stolen, og vil at dette skal vare evig. Ser eg det eg ser? Og er dette røyndom? Avdal og Shinozaki har gjenskapt barndomens undring og stilt meg ein god del eksistensielle spørsmål. Og det utan å seie eit ord.
(Meldinga er henta frå forfattarens blogg www.amund.info og stod i Klassekampen onsdag den 12. september 2012.)
Scenekunst.no A/S
Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.
Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.