S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Amund Grimstad – 25. september 2013

Æ vil ikkje skilsmisses!

Medeas barn. Lille Hålogaland Teater 2013. Foto: Ingun A. Mæhlum


Publisert
25. september 2013
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk

Medeas Barn Lille Hålogaland Teater, scene øst Av Suzanne Osten og Per Lysander Omsett av Morten Kjerstad Regi: Toril Solvang Scenografi og kostyme: Marcus Olson Med: to ambulerande lag av fem særs unge amatørar


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/ae-vil-ikkje-skilsmisses
Facebook

MELDING: Eg har gjennom åra sett ulike oppsettingar av dette stykket, men aldri noko så autentisk og gripande som denne versjonen, skriv Amund Grimstad om Toril Solvang sin regi av Medeas barn på Hålogaland teater, der barn spelar alle rollene.

Særs autentisk og sårt når ungane sjølve får syne oss korleis samlivsbrot kan opplevast.

Suzanne Ostens og Per Lysanders syttitalsparafrase over Euripides’ greske drama om den elskovssjuke og intrigante Medea, mannen hennar Jason, og dei to barna deira, har i ein dryg mannsalder vore eitt av dei mest spela samlivsbrotsdrama i Skandinavia. Med merksemda retta mot dei to barna Lille-Jason og Lille-Medea, har stykket problematisert korleis ungane blir salderingspost, kasteball og you name it i samband med skilsmål.

Tilliks med Rogaland Teater, har også Hålogaland Teater tatt barneteater litt meir på alvor enn den Egner-, Lindgren- og Dickens-tradisjonen som har fått rå som institusjonsteatras blanding av dårleg samvit for eit forsømt felt, og billeg pengemaskin innretta på eit sveltefora publikumssegment. Hålogaland Teater har for tre år sia oppretta noko dei kallar «Lille HT», og i regi av Toril Solvang har teatret nå sett opp ein versjon av Medeas Barn som ikkje berre tek ungane på fullt alvor, men som gjer det ved at det er barn som kler alle rollene. Eg har gjennom åra sett ulike oppsettingar av dette stykket, men aldri noko så autentisk og gripande som denne versjonen.

Ein enkel stilistisk, scenografi og fem relativt likt kledde barn gjer at det er ordet og handlinga som får merksemda vår i denne produksjonen. Det tar til med at dei fem; Jason, Medea, Lille-Jason, Lille-Medea og barnepiken Anna kjem inn på scena, fortel historia frå den greske mytologien, og så tar til å sminke seg. Med andre ord, – la det vere klårt at dette er teater og ikkje røyndom! Nå går vi inn i ei anna verd. Ferdig sminka tar det heile til.

Det er så avgjort det uforklårlege for dei to barna vi blir vitne til denne gongen. Foreldra er sjølvopptekne statistar i sitt eige drama, og forstår ikkje noko av det som skjer med kjenslene til dei små. Der pressar spørsmåla seg på. Kva er skilsmål? Kvifor skjer det? Kva skjer med oss? Skal vi også skiljast? Og når foreldra etter eit opprivande oppbrot endeleg forsonast og blir samde om skilsmålet, blir dét like surrealistisk for ungane som sjølve samlivsbrotet.

Det er direkte hjartesårt når den vesle Lille-Jason utbryt: – Æ vil ikkje skilsmisses! Like sårt er det i ei scene der dei to barna fordeler foreldras eignedelar. Toril Solvang har laga ein ganske dvelande produksjon der ho, kanskje også for å få ned tekstmengda for dei unge, nyttar færre og lengre scener der ungane gir seg god tid til pausar og ettertanke. Ho har gjort ein imponerande personinstruksjon, og den skepsisen eg måtte ha på førehand mot å nytte barn i alle rollene, fordufta ganske raskt.

Dette var særs autentisk, gripande og sårt. For ungar er grensene mellom draum og røyndom ofte hårfine, og Solvang tar oss med til eit univers der vi går ut og inn av barnas leik, draumar, fiksjon og kvardag i eit saumlaust spel som er vakkert og særs truverdig formidla av imponerande godt instruerte ungar. Morten Kjerstad har omsett teksten til eit munnleg og levande nordnorsk, og det gjer det både lettare for dei unge skodespelarane, i tillegg til at det ytterlegare understrekar autentisiteten.

Meldinga er henta frå meldaren si blogg www.amund.info etter avtale. Ho er òg trykt i Klassekampen tysdag den 24. september 2013.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no