S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk

Sals- og marknadsansvarleg - Teater Vestland


Arbeidsgiver
Teater Vestland

Stillingstittel
Sals- og marknadsansvarleg

Arbeidssted
Førde

Frist
26. november 2023

Kontakt
Lene Grande, Informasjons- og marknadssjef
90 61 12 23

Søk på stillingen
Del annonse
https://scenekunst.no/stillingsannonser/sals-og-marknadsansvarleg-teater-vestland
Facebook

Teater Vestland lyser ut ei 100 % fast stilling som sals- og marknadsansvarleg.

Vi er på jakt etter ein person som kan vere med å bidra til å auke besøkstalet til Teater Vestland. Dersom du kjenner deg igjen i nokre av punkta nedanfor, kan det godt hende at ein av Noregs beste arbeidsplassar ventar på deg. Teater Vestland søker etter ein sjølvstendig og serviceorientert person med godt humør til marknadsavdelinga. Personen må ha høgare utdanning og relevant arbeidserfaring innan sal og marknadsføring. Vi håper å finne ein person som har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og kjennskap til digital marknadsføring, samt god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Marknadsavdelinga er involvert i det meste som skjer på teateret, og personen vi leitar etter skal helst ha høg gjennomføringsevne og vere strategisk og strukturert. Personen vil få bruke sine kreative evner i ein spennande og utfordrande jobb.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Sals- og marknadsaktivitetar retta mot bedrifter, organisasjonar og publikum.
  • Tett samarbeid og oppfølging av arrangørar og samarbeidspartar.
  • Merkevarebygging og oppbygging av publikum i teaterhuset Nynorskhuset.
  • Generelt sals- og marknadsarbeid

Vi tilbyr:

  • Eit arbeidsmiljø som er kreativt, inspirerande, hektisk og levande
  • Stor tilgang på kunstnarlege opplevingar
  • Nye og moderne lokale i teaterhuset Nynorskhuset
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stillinga er fast med oppstart etter avtale. Den tilsette rapporterer til informasjons- og marknadssjef. Søkjaren bør ha førarkort klasse B.

Søknad med CV skal sendast via søkand på finn.no eller til post@teatervestland.no.

Merk søknaden med SØKNAD SALS- OG MARKNADSANSVARLEG.

Teateret er underlagt offentleglova.

Om arbeidsgiveren

Teater Vestland er eit av Noregs eldste og hyggjelegaste teater, og 1 av 3 nynorskteater i landet. Med fylkessamanslåinga i 2020 skifta teateret namn frå Sogn og Fjordane Teater og fekk eit nytt geografisk turneområde, og er i dag heile Vestland fylke sitt regionteater. Teater Vestland er ein del av det nasjonale, kulturpolitiske målet om at alle i Noreg skal ha tilgang til scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet. Teater Vestland har akkurat flytta inn i nye og moderne lokale i teaterhuset Nynorskhuset i Førde sentrum med teaterproduksjon, administrasjon og prøver. I Nynorskhuset er vi samlokaliserte med avisa Firda og NRK Vestland, og vi har ein felles visjon om å bli eit nasjonalt kraftsentrum for norsk språk og kultur. Teater Vestland har 23 fast tilsette, fordelte på 14 ulike faggrupper, i tillegg til at teateret engasjerer rundt 80 eksterne innan ulike fagområde knytte til sceneproduksjon i løpet av eit teaterår. Kvart år speler vi ca 200-250 framsyningar for 15.000-20.000 publikummarar. Teateret har ca 40 ulike scener som vi speler på rundt om i fylket.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no