Spennande stilling ved eit av landets viktigaste teater, med nynorsk og dialektar som scenespråk, vert ledig.
Det Vestnorske Teateret er det leiande nynorskteateret for Vestlandet. Vi nyttar både nynorsk og dialekt som scenespråk. Vår identitet er forankra i den vestnorske kulturen. Teateret har eit høgt ambisjonsnivå med fokus på ny norsk dramatikk og publikumsvekst. Teateret med sine tre scener held til på Ole Bulls plass i hjartet av nynorskhovudstaden Bergen. Teateret engasjerer 25 årsverk fordelt på teknisk avdeling, kunstnarleg lag, og administrasjon. Drifta har faste tilskot frå stat og fylkeskommune, samt prosjektstøtte frå Bergen kommune. Den største eigaren er Vestland fylkeskommune.
Vår noverande direktør skal gå av for pensjon våren 2026, og vi skal finne den rette personen til å ta over. Vi ser etter ein person med solid økonomisk og administrativ leiarerfaring. Direktøren skal vere med å utvikle og drifte teateret i samarbeid med teatersjefen og styret. Du vil få ansvar for administrasjon og økonomi, produksjon, marknad- og kommunikasjon, og personalansvaret for dei ikkje-kunstnarleg tilsette på teateret. Direktøren har ansvar for drift av teaterbygningen. Direktøren rapporterer direkte til styret på sine ansvarsområde. Teatersjefen er selskapets administrerande direktør, og er såleis direktørens overordna. Vi ser etter ein person med leiarerfaring, gjerne frå kulturverksemd, med strategiske evner, og som har god forståing for eigenarten og samfunnsrolla til teateret. Du må ha dokumentert evne til å planlegge over tid, og kraft til å gjennomføre planar. For å få til ein god dialog med teateret sine tilskotspartnarar, og andre samarbeidspartnarar krevst det gode samarbeidsevner, og forståing av politiske prosessar. Stillinga krev relevant høgare utdanning. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Det Vestnorske Teateret er ein viktig nynorskinstitusjon i Vestland fylke, og nasjonalt, og du må meistre nynorsk som arbeidsspråk. Løn etter avtale. Tiltreding i stillinga frå 1. mai 2026, eventuelt etter nærare avtale. Dette er ei fast, 100% stilling. Søknadsfrist 13. oktober 2025 Søkjarlista er offentleg. Det må særskilt grunngjeving til for å få unntak frå offentleggjering frå søkarlista.
Søknad kan sendast til
Det Vestnorske Teateret v/styreleiar Audun Hasti Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen Eller send søknad til: stilling@detvestnorsketeateret.no