S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk

Direktør - Det Norske Teatret


Arbeidsgiver
Det Norske Teatret

Stillingstittel
Direktør

Arbeidssted
Oslo

Frist
12. august 2026

Kontakt
Trine Skei Grande
Styreleiar
906 00 731

Ann-Kristin Nyrønning
Partner, BackerSkeie
92085397

Ingunn Lian
Principal Associate, BackerSkeie
992 52 475


Søk på stillingen
Del annonse
https://scenekunst.no/stillingsannonser/direktor-det-norske-teatret
Facebook

Det Norske Teatret er nynorskens nasjonalteater i hovudstaden og ein av dei mest sentrale scenekunstinstitusjonane i landet. Sidan 1913 har teateret vore ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og mangfald. Med fire scener i Oslo speler vi for eit breitt og mangfaldig publikum. I 2025 hadde teateret om lag 210 000 besøkande. No søkjer vi ein direktør som vil vere med og utvikle denne tradisjonen vidare.

Teateret skal vere eit djervt, ope og engasjerande teater, med nynorsk som scenespråk og dialektane som ein naturleg del av uttrykket. Språkoppdraget er ein levande del av samfunnsrolla, kunsten og framtida vår. Direktøren har ei nøkkelrolle i å sikre dei organisatoriske, økonomiske og tekniske rammene for scenekunst på høgt nivå. Du skal leie og utvikle drifta av ein stor og kompleks kulturinstitusjon med 240 tilsette, i tett samarbeid med teatersjefen, leiargruppa, tilsette, tillitsvalde og styret. Teateret har ein toleiarmodell, der teatersjefen er øvste leiar. Vi søkjer ein trygg, tydeleg og samlande person med leiarerfaring. Det er ein fordel om du har arbeidd med mellom anna økonomistyring, personalleiing, organisasjonsutvikling og samarbeid med tillitsvalde. Det Norske Teatret er landets største nynorskinstitusjon. Direktøren må difor meistre nynorsk som arbeidsspråk og vere ein pådrivar for at nynorsken har ein sterk og naturleg plass i heile verksemda, og for at tilsette brukar og vidareutviklar språket i tråd med teaterets samfunnsoppdrag. Den rette kandidaten har god forståing for eigenarten og samfunnsrolla til Det Norske Teatret, og ser korleis kunstnarisk utvikling, publikumsarbeid, organisasjon, teknologi og økonomi heng saman. Du har strategisk kapasitet, god rolleforståing og evne til å representere teateret på ein klok måte, i dag og i framtida. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Du vil vere med på å forme utviklinga av ein av landets viktigaste kulturinstitusjonar i eit samfunn og eit kunstfelt i endring. Løn etter avtale. Heltid / Deltid: Heltid Ansettelsesform: Fast Stillingsprosent: 100 Opplysningar om stillinga kan du få hos styreleiar Trine Skei Grande, tel. 906 00 731, eller hos våre rådgjevarar i BackerSkeie, Ann-Kristin Nyrønning, tel. 92085397/Ingunn Lian, tel. 992 52 475. Søknad med CV skal leggjast inn via «Karriere» på www.backerskeie.no så snart som råd og seinast 12. august 2026.

https://www.detnorsketeatret.no/


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no