Ved Nynorsk scenespråksenter lærer du metoden for dialektovergang, som går over seks trinn. Undervisinga er ein miks av teori og praktiske øvingar, og du får arbeide med scenetekstar i form av både monologar og dialogar, samt jobbe med regissør. I tillegg får du ei innføring i nynorsk språkhistorie og grammatikk. Oppstart er 11. januar 2027.
Antall stillinger: 4
Kva lærer du?
- Du får ei innføring i nynorsk
- Du lærer å bruke nynorsk scenespråk levande og truverdig
- Du lærer metode for dialektovergang, som kan brukast på alle dialekter
- Du blir ein ressurs for oppdragsgjevarar og andre skodespelarar i møte med nynorsk tekst og scenespråk
Vi ser etter:
- Du kan sjekke av på minst eitt av desse punkta:
- Medlemsskap i Norsk skuespillerforbund eller tilsvarande organisasjon
- Fullført bachelor eller tilsvarande utdanning som skodespelar
- Medverka i minst fire profesjonelle sceneproduksjonar
Vi tilbyr:
- Ein kompetanse det er bruk for i bransjen
- Betalt etterutdanning i 14 veker
- Fri bustad og eit fantastisk fellesskap
- Undervisning med erfarne og anerkjende lærarar
- Individuell oppfølging og trening i dialekt- og språkovergang
- Høve til å utforske og utvikle eiga kunstnarisk stemme
Søknaden sendast inn gjennom skjema på nettsida vår: https://www.nynorskscenespraksenter.no/sok/ Ved spørsmål, kontakt avdelingsleiar Synne Solberg på synne@teatervestland.no eller tlf. 958 06 835