S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 27. oktober 2017

Ynskjer du å skrive meir om dansekunst?


Publisert
27. oktober 2017
Sist endret
26. mai 2023
Nyheter Dans

Del artikkelen
https://scenekunst.no/sak/ynskjer-du-a-skrive-meir-om-dansekunst/
Facebook

Skrivemaskin

Black Box teater, Dansens Hus, Kunsthøgskolen i Oslo avdeling Dans og Scenekunst.no har gått saman for å styrke situasjonen for dansekritikk i Norge. Til våren inviterer vi 8-10 kritikarar til å delta i eit nytt prosjekt støtta av Norsk kulturråd og Fritt Ord.

Vi inviterer til tre samlingar som kvar går over to- tre dagar i Oslo. Under samlingane vil ein sjå ulike framsyningar som skal skrivast om, og delta på eit fagleg program med inviterte gjester. To fagredaktørar vil fylgje opp prosjektet og ein forpliktar seg til å skrive kritikkar under alle samlingane og delta i samtalar kring kvarandre sine tekstar. Kritikkane vil bli vurdert redaksjonelt og kan bli publisert på Scenekunst.no. Første samling er 26.-28.januar på Dansens Hus, andre samling vil vere i tidsrommet 9. -17. mars under Oslo Internasjonale Teaterfestival og siste samling vert i starten av juni. (Eksakte datoar kjem i desember).

Samlingane vil omfatte historiske og normkritiske perspektiv, framsyningsanalyse, kritikken og kritikaren si rolle og innsikt i sentrale omgrep og vendingar i den samtidige dansekunsten. Målsettinga er å inspirere og utvikle nye kritikarar for dansekunst og auke kvaliteten og volumet på dansekritikken i Noreg. Vi ynskjer å rekruttere kritikarar frå heile landet for å byggje eit nasjonalt nettverk av dansekritikarar.

Prosjektet dekkjer reise og gir honorar for kritikkane som vert publiserte. Kritikarar med publiseringsavtalar vert oppfordra om å søkje. Søknadane vert lesne og vurderte av scenekunst.no og svar vert gitt i byrjinga av desember.

Melanie Fieldseth (dramaturg ved Black Box Teater) og Anette Therese Pettersen (kritikar) vil vere faglege redaktørar for prosjektet, og samlingane vil vere på alle dei tre vertskapsinstitusjonane. Solveig Styve Holte, formidlingskonsulent ved Dansens Hus, er koordinator for prosjektet.

For spørsmål ta kontakt med: Anette Therese Pettersen, scenekunst.no: anepettersen@gmail.com, Melanie Fieldseth, Black Box teater melanie@blackbox.no, Snelle Hall ved Kunsthøgskolen i Oslo: snellehall@gmail.com eller Solveig Styve Holte, Dansens Hus: solveig@dansenshus.com

Send søknad her

Søknadsfrist 20.november 2018


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no