S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 24. januar 2020

Vellukka villand

Foto: Dag Jenssen. Visuell utforming: Pernille Sandberg


Publisert
24. januar 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Villanda,

Det Norske Teatret, premiere 23. januar 2020

Av: Henrik Ibsen Omsett til nynorsk av: Tormod Skagestad Omarbeiding: Lars Erik Holter og ensemblet Regi: Lars Erik Holter Visuell designar og fotograf: Pernille Sandberg Komponist: Petter Winther Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen

Med: Frode Winther, Ellen Birgitte Winther, Gina Bernhoft Gørvell, Bernhard Ramstad, Paul-Ottar Haga, Amund Sigurdssønn Karlsen, Gard Skagestad, Øyvin Berven, Trini Lund

Meldt: 23. januar 2020


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/vellukka-villand/
Facebook

Hos Ibsen er Hedvig er ein isolert tenåring det ikkje er lett for unge menneske å identifisere seg med, men i regien til Lars Erik Holter står ho fram som mindre sær uten at det rokkar ved omsorgssvikta og dens konsekvensar.

Etter seks år som omvisar og vertskap i Henrik Ibsen sin siste heim i Arbins gate 1 har eg etter kvart teke mot nokre skuleklassar. Eg spurde alltid elevane kva Ibsen-skodespel dei hadde lest eller skulle gå i gang med, og då var det gjerne Villanden ein fekk til svar. Nest etter Et dukkehjem sjølvsagt. Slik var det også for min eigen del. Villanden var det fyrste Ibsen-skodespelet eg vart kjend med, eller rettare sagt eksponert for. Verkeleg kjend med det vart eg ikkje før eg hadde modna nokre år på universitetet og bygd opp nok motivasjon til å gi Ibsen ein ny sjanse.

Eg har difor aldri forstått kvifor lærarane vel å satse på Villanden. Rett nok handlar det om ein tenåring, men ein mindre typisk tenåring som er vanskelegare å identifisere seg med for den gjengse VGS-elev skal ein leite lenge etter. Eg hadde også vanskeleg for å forstå at mørkeloftet – i tillegg til å vere eit språkleg bilete, eksisterte reint fysisk heime hos familien Ekdal, og at det skulle vere fullt av levande fjørkre der inne. Kjepphesten min har sidan den tid alltid vore at Villanden er for vidarekomne. Det er avansert på alle vis, og absolutt ikkje eit stykke som eignar seg i til å få VGS-elevar hekta på Henrik Ibsen.

Gjennom Hedvig si linse Hadde eg møtt Det Norske Teatret sin omarbeidde versjon, hadde dette kanskje stilt seg annleis. Her, i nynorsk språkdrakt og i regi av Lars Erik Holter, er mange av detaljane frå originalteksten kraftig tona ned. Hedvig, godt spelt av Gina Bernhoft Gørvell, er i sentrum frå fyrste scene der ho låner foto-atelieret til familiebedrifta for å iscenesette seg sjølv. Ho er kledd i svart hettegenser, mørke jeans og svarte snøresko. Det blonde lange håret vert dekt av ein svart parykk og augo vert svartmalt med grove strøk. Bileta ho tek dukkar opp på lerretet bak henne, dei fleste i svart-kvitt. Slik deler Hedvig sitt blikk med oss i publikum når vi ser verda gjennom hennar kameralinse. Oppsettinga har minimalt med scenografi, og ut frå det ein kan sjå av krediteringslista står det heller ikkje ein eigen scenograf bak. Den visuelle utforminga generelt er skapt av Pernille Sandberg som også har teke bileta. Vi ser ein svart sofa, det før nemnde lerretet og eit skrivebord med to datamaskiner som foreldra til Hedvig, Gina og Hjalmar, nyttar til fotoredigering. I ein slik enkel scenografi vert lerretet med dei stadig skiftande bileta eit hovudelement, og grepet framkallar eit spontant og halvhøgt «wow» frå ein tilskodar i salen. Og det er verknadsfullt, særleg fordi bileta er gode. Pernille Sandberg «frys» viktige situasjonar i teksten gjennom fotografia og eit døme på dette er det fyrste besøket i heimen av Gregers Werle (Gard Skagestad). Hedvig knipsar eit nærbilete av andletet hans, og dei som kjenner historia vert sitjande å leite etter ansiktstrekk som kan avsløre slektskapet mellom halvbroren og Hedvig, halvsystera hans.

Moderne og meir truverdig Skildringa av persongalleriet er tru mot essensen i originalteksten. Frode Winther skildrar Hjalmar som den sjølgode klovnen han er, blotta for sjølvinnsikt og arbeidslyst. Gina er lett å sympatisere med også her i Ellen Birgitte Winther si tolking. Ho arbeider hardt og gjer seg dummare enn ho er for å oppretthalde Hjalmar sitt ego og sjølvbilete. I originalteksten idealiserer Hedvig faren på nesten urealistisk vis. Dette er mindre tydeleg i Lars Erik Holter sin versjon. Her er ikkje Hedvig den infantile jentungen som hos Ibsen som eg ikkje forstod den gongen i norsktimen. «Kvifor oppfører ho seg som eit born? Ho er då tenåring?» Eg stussa også over den oppofrande haldninga ho har overfor familien sin. Tenåringar er gjennomgåande sjølvsentrerte, medan alt Hedvig vil er å være heime og hjelpe mor og far for alltid? I ettertid har eg forstått at Ibsen gjorde dette for å understreke kva isolasjonen har gjort med henne. I Lars Erik Holter sin versjon er Hedvig mindre sær og meir som andre tenåringar. Ho er openbart einsam og isolert, snakkar lite med omverda og får utløp gjennom fotograferinga. Likevel er ho tydeleg knytt til mor og far, slik 14-åringar i høgste grad er. Denne fine balansen gjer Hedvig til ein meir truverdig karakter.

Det motsette er høvet med Gregers Werle. Ettersom mykje av grumset frå hans barndom er skrelt bort eller nedtona vert hans motivasjon for å øydelegge Ekdal-familien nesten borte. Om ein ikkje kjenner skodespelet, kan han difor oppfattas som umotivert vond. Hans motstykke, Doktor Relling (Paul-Ottar Haga) vert for meg sjølve symbolet på medmenneskeleg varme og klokskap når han som den einaste, ser verda frå Hedvig sin ståstad og åtvarar omverda mot kva ho kan drivast til. Dette er Relling sin store tragedie. Han forstår kva som i ytste konsekvens kan hende, men står makteslaus på sidelinja og ser korleis dei sjuke menneska øydelegg kvarandre.

Barnet og pistolen Hedvig er eit barn som vert avvist av den ho held høgast. Ho innser at ho har levd på ei løgn og ikkje er dotter til den ho trudde var far sin. Det er ho som står for den sterkaste linja når ho seier at Hjalmar burde halde av henne sjølv om ho ikkje er dotter hans, ja nesten meir. Det hender at sjølvmord blant unge er spontane handlingar utført i affekt eller desperasjon. Hedvig har ikkje ei historie med langvarig psykisk sjukdom. Ho vert eit offer for dei vaksne sine feilvurderingar og handlar i sjokk. Barnet i henne ser berre ein utveg. Ho har ikkje erfaring eller vurderingsevne til å sjå dei store linjene, ho forstår ikkje at den mjuke Hjalmar aldri vil flytte frå Gina, og at alt vil ordne seg når han får kjølt seg ned. Ho tek på seg all skuld, tenkjer at ho er ei bør for familien og at skaden ho har gjort er uoppretteleg. Tragedien kunne difor, slik eg ser det, vore unngått dersom familien Ekdal ikkje hadde hatt våpen slengande omkring i huset.

Når eg som tilskodar til ein slik klassikar sit på kanten av stolen og lurer på korleis det skal gå, må eg innrømme at Lars Erik Holter og ensemblet har teke mange gode val. Dei har laga ein thriller av ei framsyning nesten utan ytre staffasje. Den omarbeidde teksten er i sentrum, skodespelarane får skine og musikken av Petter Winther legg eg, som i ein bra film, ikkje merke til. Samla sett ei vellukka Ibsen-fornying som må ha hatt ein sterk dramaturg i Ingrid Weme Nilsen. Det er ei utakksam oppgåve å kutte i Ibsen sine skodespel fordi alt er så samanfiltra. Difor er det godt gjort å prioritere i tekst og bilete på eit vis som gjer at vi står igjen med 90 minuttar med intensivt teater.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no