S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Innlegg frå 18 dramatikarar – 4. april 2014

Tid for eit nytt styre ved Dramatikkens hus

Dramatikkens hus.


Publisert
4. april 2014
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/tid-for-eit-nytt-styre-ved-dramatikkens-hus/
Facebook

INNLEGG: – I realiteten blir både Dramatikkens hus og dei tre fagforbunda knebla med dagens styre for huset. Alle forbunda bør no finna nye representantar utanfor sine eigne styre, skriv 18 dramatikarar og dramaturgar, blant dei ni husdramatikarar.

Det kan kanskje synast smart for scenekunstnarforbunda å ha sine eigne styremedlemmer på topp i styret ved Dramatikkens hus. Men i realiteten blir både Dramatikkens hus og dei tre fagforbunda knebla med dagens korporative styre. Første steg mot ei ny styresamansetning bør vera at alle forbunda no finn nye representantar utanfor sine eigne styre.

Det er fire år sidan Dramatikkens hus vart oppretta, og i perioden har det vore stor turbulens knytta til styret og handteringa av ulike spørsmål rundt organiseringa og leiinga på huset. Huset er formelt sett ein privat stiftelse, men likevel ein felles aktør som ikkje minst Dramatikerforbundet har kjempa fram. No disponerer Dramatikkens hus, med sine 15 millionar i statlege overføringar i 2014, store deler av dei offentlege scenetekstmidla og utgjer ein betydeleg maktfaktor på sitt kunstfelt. Det burde difor vera ein god ting at vi er mange som bryr oss korleis institusjonen er organisert, og at vi kjenner eigarskap til huset.

Vi er mange i feltet som har sakna innsyn og dialog med styret gjennom disse fire åra Vi har eit styre som i stor grad har gjort seg utilgjengeleg, og som også i mange sine auge har oppført seg uføreseieleg og autoritært, ved fleire høve. Mykje kan seiast om personar og ting som har skjedd eller ikkje skjedd. Det er likevel ikkje vårt poeng her. Det påfallande er at Dramatikerforbundet (og også Skuespillerforbundet og Sceneinstruktørforeningen) i desse fire åra har vore tilnærma tause om det nye sceneteksthuset, som no går gjennom avgjerande prossessar. Dette heng saman med styresamansetninga på Dramatikkens hus.

I dag består styret på Dramatikkens hus av fem personar. Éin representant er utnemnt av Dramatikerforbundet, éin av Norsk Sceneinstruktørforening, éin av Skodespelarforbundet, ein av NTO og éin representant er frå dei tilsette. Styrestrukturen har røter frå fleire tiår tilbake, då huset heitte Det Åpne Teater og ikkje var i nærleiken av å ha dagens midlar eller definisjonsmakt. NTO har hatt praksis for å velja ein representant utan verv i eigen organsiasjon, medan forbunda har i nyare tid valt folk frå eigne styre. Etter at DÅT vart til Dramatikkens hus har det vore praksis for at sjølve leiarane i kvart forbund også sit i DH- styret. I dag er dramatikarane sin forbundsleiar også styreleiar ved Dramatikkens hus.

Dei to nytilsette leiarane ved Dramatikkens hus, Line Rosvoll og Knud Bjørne-Larsen, har nyleg sendt eit brev til kvart av forbunda der dei ber om kontinuitet ved nytt val av styre. Dette blir grunngitt med at huset har fått ny leiing. Brevet er delt med oss. Men før forbundsstyra tek dette til følge og utnemner forbundsleiarane på nytt, ber vi om at dei tek inn over seg problema ved å halda fram med ei slik rolleblanding. Vi minner om at det finst mange dyktige kandidatar også utanfor forbundsstyra, som med relevant kompetanse og styreerfaring kan støtta godt opp om dei nye leiarane og bidra til å gi dei arbeidsro og -rom. Vi ber difor dei vanlege styremedlemmene i forbunda vera vakne, hugsa på si eiga myndigheit, sjå på innvendingane våre og finna folk utanfor eigne styre til å sitja i styret på Dramatikkens Hus.

Det er prinsipielt to hovudproblem med denne korporative styresamansetninga: Det første gjeld samanblanding av roller, det andre handlar om følgene av udemokratisk maktkonsentrasjon.

1. SAMANBLANDING AV ROLLER

I dag er Dramatikkens hus ein profesjonell aktør i scenekunstfeltet. Huset er oppdragsgivar for norske scenekunstnarar, og initierer m.a. institusjonssamarbeid, publikumsvisningar og ymse former for diskurs på feltet. Eit forbund skal ha ei heilt anna rolle: nemleg å vera kunstnarane sitt talerør i møte med produsentar og maktinstitusjonar. Avstanden er avgjerande for at forbundet skal kunna representera kunstnaren godt. Dersom ein kunstnar, til dømes ein dramatikar, skulle komma i noko slags konflikt med kunstnarisk leiar eller styre på DH, kan han eller ho ikkje venda seg til sin eigen forbundsleiar, slik situasjonen er i dag. For forbundsleiaren er samstundes styreleiar hos oppdragsgivaren. Forbundsleiaren er sjefen til sjefen.

At same personar sit begge stader legg dessutan til grunn at vi har samanfallande interesser. Men dette treng ikkje vera realiteten. Forbunda skal jobba breitt for regissørane, skodespelarane og dramatikarane sine økonomiske og kunstneriske interesser, medan Dramatikkens hus etter vedtektene skal jobba for utvikling av ny dramatikk. – og bidra til å skapa kunst.

Dette handlar ikkje om at det ikkje kan sitja dyktige folk i forbundsstyra, og konfliktar kan alltid oppstå. Men uansett kor dyktig eit menneske er, kan det finnast arbeidsoppgåver som ikkje passar saman. Det har med maktfordeling å gjera: Lovgjevar og dommar, til dømes, er ein dårleg kombinasjon. Det passar heller ikkje å vera både fagforeningsleiar og arbeidsgivar. Like feil blir det å sitja i styret både i forbund og på Dramatikkens hus. Banda blir for tette, og demokratiske prinsipp står på spel.

2. MAKTKONSENTRASJON vs MAKTFORDELING

Maktkonsentrasjon fører til manglande openheit. Dette betyr mindre innsyn, mindre dynamikk og færre frie kanalar. Maktfordeling, derimot, er eit kjent demokratisk prinsipp.

Det som for Dramatikerforbundet kan synast som ei god moglegheit for påverknad og ”kontroll”, fører i realiteten til at forbundet ikkje kan gå i dialog og uttala seg offentleg om Dramatikkens hus. Dramatikerforbundet kan ikkje diskutera Dramatikkens hus utan at sistnemnde er tilstades, og omvendt. Dette kan faktisk gjera samtalane mindre frie, både i opne og lukka rom.

Rolleblandinga vil i verste fall kunna dempa diskusjonen inne i kvart av styra. Det er ikkje slik at dobbelrepresentanten skal rapportera den eine eller andre vegen – verken forbund eller Dramatikkens hus kan eller skal stillast til rette for den andre. Tvert om har dobbelrepresentanten to likestilte oppdrag på same tid, og må vera lojal mot kvart av sine respektive styre. Resultatet kan bli det motsette av informasjonsflyt.

Dramatikarforbundet sin styreleiar forsikra årsmøtet 29. mars at dramatikarane kunne vera visse om at ho til ei kvar tid og på alle arenaer vil representera forbundet og våre interesser. Dette er fint for forbundet. Men for Dramatikkens hus sitt styre bør dette vera problematisk. Som DH-styremedlem er ho nemleg forplikta til å setja Dramatikkens hus først, med huset sitt eige eksistensgrunnlag og eigne interesser.

EKSEMPEL PÅ MOGLEGE KONFLIKTAR

Sei at du er einskild dramatikar eller regissør eller skodespelar – og kjenner deg i arbeidskonflikt med Dramatikkens hus. Kan du då gå til forbundet ditt? Det blir rotete når forbundsleiaren din er sjef for arbeidsgivaren din.

Sei at du er ei gruppe av dramatikarar som meiner at ting på Dramatikkens hus ikkje fungerer godt nok. Du ønskjer å diskutera dette i forbundet. Men kven treffer du på telefon? Dramatikkens hus sin eigen styreleiar. Kven er det då du snakkar med? Kor fortruleg kan du vera?

Sei at du er forbundsleiar. Det kan ikkje vera lett å snakka fortruleg eller nøytralt med eit medlem – eller eit styre – eller eit årsmøte – viss saka gjeld Dramatikkens hus – når du sjølv representerer det.

Sei at du sit i styret i ei fagforbund, og ønskjer å ta opp noko som gjeld Dramatikkens hus. I dag er det umogleg utan at Dramatikkens hus sjølv er til stades.

Sei at du jobbar på Dramatikkens hus i ei leiarstilling, og du ønskjer å gjera endringar på huset, men får styret i mot deg. Sei at saka blir offentleg. Då kunne det vera bra om frittståande forbund kunne komma på bana i diskusjonen. Men det kunne ikkje skje i dag, for forbunda er ikkje frittståande, slik situasjonen er.

Sei at Dramatikkens hus – etter 10 eller 15 år – fungerer dårleg. Sei at mange dramatikarar ikkje tykkjer bevilgningane kjem dramatikken til gode på rett måte. Sei at tida var inne for å kjempa for andre ordningar: ei ny urpremierestøtte, eller andre middel som på noko vis kunne stå i konkurranse med Dramatikkens hus. Sei at nokon meiner DH-midla burde delast med Propellen eller Ferske Scener eller eit nytt Oslo Nye Teater, som i denne hypotesen berre vil spela ny norsk dramatikk. Eller sei at Dramatikkens hus er i ferd med å få større bevilgningar, men at dette truar andre ordningar for scenetekst. Vil Dramatikerforbundet stå fritt til å diskutera desse prioriteringane når vi samstundes sit djupt inne i styret på Dramatikkens hus?

Konklusjonen er at rolleblandinga og maktkonsentrasjonen gjer forbunda impotente i forhold til Dramatikkens hus, enten det gjeld arbeidsrelaterte eller scenekunstpolitiske samanhengar. Som dramatikarar med interesser på Dramatikkens hus har vi i dag ikkje eit utanforståande forbund diskutera med, viss ting skrur seg til. På den andre sida har Dramatikkens Hus styremedlemmer som representerer andre interesser enn dei som står i huset sine statuttar.

FRAMOVER

Dramatikkens Hus får 15 millionar skattekroner i 2014, og huset er blitt profesjonalisert. Leiiinga er nyleg omorganisert, slik at det no skal vera ein kunstnarisk leiar på toppen i organisasjonen. Då gjenstår det at ein også går gjennom styresamansetninga på nytt.

Vedtektene er det kun DH-styret sjølve som har myndigheit til å forandra. Dette er ei endring Dramatikkens hus kan og bør gjera, gjerne i samråd med Kulturdepartementet og scenekunstmiljøet. Men som scenekunstnarar treng vi ikkje å sitja stille og venta. Gjennom forbunda våre rår vi over våre respektive styrerepresentantar og det er vår oppmoding til alle tre forbunda at vi no finn meir uavhengige representantar ved neste korsveg. Neste korsveg er no! – ny fire års periode for nytt DH-styre tek til 1. juli. La oss gi Dramatikkens hus eit nytt, kompetent og uavhengig styre, med dei best kvalifiserte folka til å oppfylla Dramatikkens hus sine statuttar – og lat oss gjera det no, med start 1. juli.

Sidan kan eit nytt og uavhengig DH-styre, med nødvendig kompetanse på kunst, økonomi, styrearbeid og arbeidsliv, jobba med Dramatikkens hus sine interesser og formålsparagrafar som rettesnor. Eit nytt og uavhengig styre vil kunna føra prossessen vidare slik av vi finn den beste styresamansetninga for framtida, moglegvis med andre instansar til å gjera utnemningane.

Maria Tryti Vennerød (husdramatikar DH)

Marco Demian Vitanza (husdramatikar DH)

Kristian Lykkeslet Strømskag (husdramatikar DH)

Kristofer Grønskag (husdramatikar DH)

Miriam Prestøy Lie (husdramatikar DH)

Hans Petter Blad (husdramatikar DH)

Eirik Fauske (husdramatikar DH)

Kristin Auestad Danielsen (husdramatikar DH)

Fredrik Brattberg (husdramatikar DH)

Kristin Bjørn

Eirik Nilsen Brøyn

Arne Lygre

Nina Ossavy

Cecilie Løveid

Mette Brantzeg

Sven Henriksen

Tale Næss

Ola E. Bø


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no