S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Erik Ulfsby – 30. oktober 2019

Teateret må ikkje avgrensast

Bilde frå Det Norske Teatrets oppsetting av Raskolnikov, basert på Forbrytelse og straff av Fjodor Dostojevskij, i regi av Kjersti Horn. Foto: Dag Jenssen


Publisert
30. oktober 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/teateret-ma-ikkje-avgrensast
Facebook

Teatersjef på Det Norske Teatret, Erik Ulfsby, svarar i dette debattinnlegget på kritikken frå Vera Rostin Wexelsen om at teatra ikkje prioriterer dramatikk.

Frå tid til anna får vi høyre at teatera spelar for mange dramatiseringar. Kor blir det av dramatikken, blir det spurt. Dramatikk blir her forstått som den «reine» genren, tekst skrive for scenen. Det kan sjå ut som dei som er uroa over dramatiseringane meiner slike tekstar er meir verd for teateret enn dei som har vore publiserte på annan måte før, til dømes som har vore roman før, eller diktsamling, eller til og med filmmanus. Dramatiseringa i god gammal form var gjerne basert på realistisk litteratur, ofte var dialogen god eller viktig i originalverket, og den blei ofte gjeven att fullt ut i dramatiseringa, og reine handlingsreferat blei skildra som scenetilvisingar.

Men ettersom teateret i større og større grad har forlate den realistiske forma, har dramatiseringa kunne bli meir litterær. Rollefigurane omtalar seg gjerne i tredje person, og språkforma sjølv blir viktigare. Det som tidlegare var genrespesifikt for dramatikken er ikkje nødvendigvis det meir. Korpassasjar, sitat frå aviser, dokument, talar, songar osb blir nytta i teatertekstane, som desse tekstane gjerne blir kalla.

Sjølv om dei ulike dramatikarane kjem med individuelle svar på korleis teaterteksten skal sjå ut, så verkar det underleg å operere med eit slags «reinleikskrav» som kan skilje mellom dramatikk og dramatisering.

Å innføre statistikk og å kritisere teatera for å tilpasse seg røynda, verkar som ei håplaus oppgåve. I sitt innlegg på Scenekunst.no gjer Vera Rostin Wexelsen nettopp det. Og ho legg ut påstandar om repertoaret til Det Norske Teatret som vi ikkje kjenner oss att i.

Det blir i innlegget påstått at Det Norske Teatret berre har fire titlar basert på tradisjonelle teatermanus i repertoaret vårt. Det er ikkje riktig. 10 framsyningar i repertoaret ho legg til grunn er baserte på manus frå dramatikarar. Inkognito, Peer Gynt, Nokon kjem til å kome, Abrahams Barn, Dottera, Blokk til blokk, Eit Liv, Ein av oss/Einer von uns, Det går betre no og Leve hemmeleg. Alt dette er manus bestilt av oss. Rett nok i ulike genrar, men alt innanfor kva ein normalt vil sjå på som eit teatermanus. Så har vi i dag lansert vårens framsyningar, og der er sju av 10 nye framsyningar baserte på det ein kan kalle tradisjonelle teatermanus.

Men eg hadde for så vidt også levd godt med statistikken sjølv om han var slik Vera Rostin Wexelsen hevdar i sitt innlegg. Vi er ikkje opptekne av statistikk, men kvalitet og gode forteljingar. Eg meiner debatten om dramatisering av bøker lagar eit kunstig skilje mellom boka og dramatikken. Dersom teateret skal tenkje på denne måten, avgrensar vi tilfanget av gode forteljingar for scenen. Og det ønskjer vi ikkje.

Teateret har til alle tider funne forteljingane sine fleire stader. Shakespeare fann Romeo og Julie, Hamlet og det meste anna andre stader enn berre i eige hovud. Det ville vore trist for kunstarten vår om vi var forhindra frå å leite etter gode forteljingar der dei var å finne. Det kan jo heller ikkje vere slik at boka skal vere den einaste inngangen ungdom får til Dostojevskis storverk om Raskolnikov. Det ville vore synd både for Dostojevskij og publikum. Film, teater, songar og bilete oppstår når ei sterk forteljing ligg i botn. Det understrekar det grenselause i kunsten.

Teateret bør ikkje avgrensast. Ikkje i det heile tatt. Eg trur på det plurale teateret. Der finst dramatikaren, biletkunsten, forfattarar, songskrivarar, lyrikarar og mange andre side om side. Det er kvalitet og relevans som er det avgjerande, og den finst hos fleire enn den tradisjonelle dramatikaren. Heldigvis.

Det er også ein gjengangar i desse debattane om dramatisering av bøker at ein trur det er kommersielle årsaker til at vi vel meir eller mindre kjende titlar. Det er det ikkje. Langt ifrå. Når vi, i lag med Det Norske Samlaget feirar Jon Fosse med ein stor festival, er det sjølvsagt heilt på sin plass at hans store prosaverk også blir presentert, og i eit slikt storslagent format som framsyninga Trilogien har blitt. Om ein trur vi set opp Trilogien på Hovudscenen fordi det trekker masse folk, så kan eg, dessverre, avkrefte det. Det gjaldt til dømes heller ikkje Solaris Korrigert basert på Øyvind Rimbereids dikt som fekk plass på Hovudscenen for nokre år sidan. Det er heller ikkje openberr publikumsappell som ligg bak avgjersla om å spele Sigd. Det er dei gode forteljingane og den høge kvaliteten på stoffet som gjer at dei fortener ein plass på våre scenar.

Det Norske Teatret har også eit anna omsyn å ta når vi produserer nytt teater. Vi har eit særskild språkoppdrag for nynorsken, og er grunnlagt og mottek statleg støtte på grunn av det. Det Norske Teatret har alltid kjent seg i slekt med, og kjent eit ansvar for alle som skriv godt på nynorsk, og for heile den nynorske skriftkulturen. Derfor er det heilt naturleg at sentrale nynorske forfattarskap blir presenterte hos oss, også dei forfattarane som ikkje skriv direkte for scenen. Samstundes jobbar vi for at dei beste nynorske stemmene skal skrive dramatikk. Og rett som det er lukkast vi med det. Til dømes har både Olaug Nilsen, Ruth Lillegraven og fleire andre nynorskskrivande prosaforfattarar debutert som dramatikarar ved Det Norske Teatret. Eg meiner bestemt at Det Norske Teatret ved å utvikle romanforfattarar og lyrikarar til dramatikarar er med på å utvikle og fornye både scenespråket og scenekunsten. Det kjem både teateret, skriftkulturen og publikum til gode.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no