S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Sigbjørn Apeland – 11. februar 2013

Oppbyggjeleg antiopera

Salvatore Sciarrino. Foto: altamusica.com


Publisert
11. februar 2013
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk

Lohengrin Azione invisibile per solista, strumenti e voci (1982) Musikk: Salvatore Sciarrino Libretto: Salvatore Sciarrino etter en fortelling av Jules Laforgue

Regi og konsept: Sigurd Fischer Olsen, Roar Sletteland, Lena Buchacz Produsent: Eva Pfitzenmaier med Solgunn Slåtto og Karen Eide Bøen

Lyd: Thorolf Thuestad Lys: Brynjar Vik og Hans Skogen Kostyme: Gøril Wallin

På scenen Sofia Jernberg, sopran Bjørnar Habbestad, fløyte Morten Barrikmo, klarinett Lene Grenager, cello Kari Rønnekleiv, fiolin Ole-Henrik Moe, fiolin

Andre utøvere: Håkon Thelin, kontrabass Bendik Foss, bratsj Craig Farr, perkusjon Anthony Ringdal, fagott Bente Hage, obo Håvard Sannes, trombone Erlend Aagaard-Nilsen, trompet Asgeir Søfteland, horn

Kor Marius Dale Romslo, tenor Jon Harthug, baryton Ørjan Hartveit, bass

Produsert av Ny Musikk Bergen i samarbeid med BIT Teatergarasjen, BEK og Wrap

Støttet av Norsk kulturråd, Bergen kommune, Fond for lyd og bilde og Fond for utøvende kunstnere


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/oppbyggjeleg-antiopera
Facebook

Ser ein samtidsopera annleis ut gjennom musikk- og teaterbriller? Vi har fått publisere meldinga frå Bergens Tidende av Sciarrinos Lohengrin, i tillegg til vår eiga. – I Lohengrin er operasjangeren fornya gjennom minimalistisk dekonstruksjon, skriv musikar Sigbjørn Apeland i BT.

I Lohengrin er operasjangeren fornya gjennom minimalistisk dekonstruksjon.

Salvatore Sciarrino har vore spelt i Bergen før, men det er nytt og gledeleg at eit av dei sceniske verka hans for første gong vert framført i Bergen.

Den gamle riddarlegenda om Lohengrin er for dei fleste av oss kjend gjennom Wagners opera med same namn. Ingrediensane gjev umiddelbart forventingar om dramatikk og store fakter, men Sciarrino gjev oss noko heilt anna. Uttrykket er disiplinert, sopranen Sofia Jernberg (som samstundes framfører alle rollene i dramaet) held seg for det meste i ro på scenen, der og fem av musikarane sit, og flyttar seg rundt ein hende gong – men utan dirigent!

Den øvrige lyden er førehandsinnspelt, og det totale lydbiletet er eit intrikat vekselspel mellom vokalsolisten, akustiske og forsterka instrumentlydar. Ensemblet har ikkje gjort det lett for seg sjølv på den måten, men nettopp ved å dekonstruera såpass sentrale element og arbeida med ein flatare struktur, oppstår eit nærvær i framføringa som ein vanlegvis saknar i dei meir grandiose og dirigent- /regissørstyrte oppsetjingane.

Ved å nytta tittelen og temaet Lohengrin, skriv Sciarriono seg inn i ein litterær og operahistorisk tradisjon. Men samstundes representerer versjonen hans ei nedbryting av dei same tradisjonane. Teksten, songen og instrumentbruken er brotne ned til ørsmå fragment. Råmaterialet er ei kjend legende, forma er eit scenisk drama, utøvarane er virtuose, men i Sciarrionos univers vert desse elementa nærast ukjennelege. Det er som om han skulle visa oss eit velkjent objekt gjennom mikroskop. Me veit kva det er, men kjenner det ikkje.

Utøvarane i denne produksjonen er og kjende som gode improvisatorar. Og det kling ofte som når dei improviserer. Likevel er det ei meditativ øving for publikum, og ein kolossal konsentrasjonsprestasjon for utøvarane, å underkasta seg denne ekstremt kontrollerte maltrakteringa og nyskapinga som Sciarrino utfører.

Og om ein vil utsetja seg for denne musikk heilt utan akademisk filter er det og fullt mogleg, for vakkert er det, heile tida – både å sjå og høyra. Den enkle og dels humoristiske scenografien er òg ein god grunn for å sjå denne vesle, men store (anti)operaen.

Meldinga stod på trykk i Bergens Tidende laurdag 9. februar 2013. Publisert med samtykke frå BT. Sigbjørn Apeland er førsteamanuensis ved Griegakademiet – Institutt for musikk.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no