S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 2. september 2019

Open Tsjekhov

Foto: Øyvind Eide. Scenograf og kostymedesign: Nora Furuholmen Lysdesign: Øyvind Wangensteen Maskør: Hege Ramstad


Publisert
2. september 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Måken

Torshovteatret, premiere 30. august 2019

Av: Anton Tsjekhov Omsett til norsk av: Kjell Helgheim, omarbeidd av Mari V. Kjeldstadli Regissør: Hanne Tømta Scenograf og kostymedesign: Nora Furuholmen Lysdesign: Øyvind Wangensteen Maskør: Hege Ramstad Dramaturg: Oda Radoor Musikalsk innstudering: Per Christian Revholt

Med: Kim Haugen, Laila Goody, Nils Johnson, Håkon Ramstad, John Emil Jørgensrud, Trond Espen Seim, Helene Naustdal Bergsholm, Hanne Skille Reitan, Olav Waastad, Ingjerd Egeberg og Terje Strømdahl.

Meldt 30. august 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/open-tsjekhov
Facebook

Hanne Tømta opnar Måken av Anton Tsjekhov og frigjer humorpotensialet i teksten.

Torshovteatret opnar teatersesongen med Måken (1896) av Anton Tsjekhov. Dette er regissør Hanne Tømta sin tredje del av Tsjekhovprosjektet der ho tidlegare har regissert Tre søstre og Kirsebærhagen. Det at ein tekst har status som litterært meisterverk er på ingen måte grunnlag nok til å skape tidlause og levande karakterar som speglar oss i 2019. Dette krev sin regissør, og det krev sitt ensemble. Resultatet av dette arbeidet er to timar med genuint morosamt og vakkert, men nedstrippa teater som byr på ei håndstrekning inn i Tsjekhov si dikting og ryddar bort språklege barrierar i ein over 100 år gamal klassikar. Dette, samt plasseringa på Torshovteatret er eit viktig bidrag til arbeidet med å opne opp for eit nytt – og kanskje også yngre – publikum.

Tsjekhovs Russland Anton Tsjekhov var fødd i 1860, året før Russland avvikla liveigenskapen. Han byrja såleis livet i eit Russland som måtte omstille seg frå adel og liveigne bønder til industrisamfunn med eit stadig veksande borgarskap. I Tsjekhov sin familie var besteforeldregenerasjonen tidlegare liveigne bønder medan far hans var kjøpmann med nokså moderat suksess. Den dårlege forretningssansen til faren gjorde at Anton og dei mange søskena vaks opp under små kår. Han byrja tidleg å skrive, dels fordi han hadde ei mor som oppmuntra han, og dels fordi dette kunne finansiere legestudiane. Så langt er det i grove trekk mykje som minner om Tsjekhov sit norske motstykke Henrik Ibsen. Vanskelege fedre, kreative mødre, smått med midlar og framtidsplanar innan legevitenskap for Tsjekhov og farmasi for Ibsen. I motsetning til Ibsen stod Tsjekhov utdanningsløpet ut, og praktiserte som lege parallelt med at han skreiv, sjølv om det var diktinga han tente mest på, ikkje legegjerninga. Tsjekhov og Ibsen skulle kome til å revolusjonere teateret og litteraturen med kvar sin symbolmetta fugl i tittelrolla, Vildanden hos Ibsen og Måken hos Tsjekhov.

Adelen er i fleire av Tsjekhov sine skodespel i ferd med å innsjå at dei knapt nok høyrer samtida til og i langt mindre grad framtida. Han plasserer handlinga i Måken blant den privilegerte andelen på eit gods på landsbygda over ein tidsperiode på to år. Konfliktane krinsar i grove trekk om kunsten og kjærleiken. Alle involverte lengtar etter noko anna enn det dei har føresetnader til. Ein kan sjå det som eit jag etter sjølvrealisering gjennom kreativitet eller kjærleik, og helst ein kombinasjon av dei to.

Persongalleriet og Ibsenske parallellar Sjølv om Tsjekhov sjeldan utnemner ein tydeleg hovudperson, men snarare fortel historia gjennom ei gruppe menneskeskjebnar er det fire personar som er meir sentrale enn andre. Dramatikaren Konstantin (John Emil Jørgensrud) vil fornye teateret. Han er forelska i den unge skodespelarspiren Nina (Hanne Skille Reitan). Han har ei mor, den forelda teaterdivaen Irina (Laila Goody) som aldri har teke seg av han, og som på toppen av det heile held seg med ein elskar, Trigorin (Trond Espen Seim) som Konstantin ikkje kan fordra. Trigorin er ein velrenommert forfattar. I tillegg har han draget på begge kvinnene i Konstantin sitt liv, mora Irina og kjærasten Nina. Konstantin har såleis tre gode årsaker til å vere sjalu på Trigorin. Han meistrar skrivekunsten, han står som ein emosjonell blokade for morskjærleiken og han vekkjer beundring hos Nina.

Rundt desse fire karakterane sirkulerer det ytterlegare seks personar. Arkadinas bror, Pjotr (Nils Johnson) som er eigar av landeigendomen der handlinga utspel seg. Han er kronisk bitter over alt han ikkje gjorde som ung. Ilja, (Kim Haugen/Håkon Ramstad) ein pensjonert løytnant og forvaltar av godset. Han er gift med Polina (Ingjerd Egeberg) som i sin tur har eit forhold med legen Dorn, (Terje Strømdahl) ven av familien og den einaste i persongalleriet som er nøgd med tilværet. Eg går ut frå at eg ikkje er den fyrste som lurer på om Tsjekhov skjegla til Ibsens velmeinande, men kyniske Doktor Relling då han skreiv inn Dorn som ein nøktern og pragmatisk motsats til ein gjeng adelege søvngjengarar. Eg trur i tillegg at eg ikkje er åleine om å lese Ibsen si røyst gjennom Relling, og Tsjekhov si røyst gjennom Dorn. Både Ibsen og Tsjekhov held fast på at dei stiller spørsmål framfor å svare, men ein kan trass alt ikkje klandre dramatikaren for å kome til overflata med sitt eige syn på samfunnet i ei tid som var prega av total omkalfatring av samfunnsstrukturen. Dei to siste i persongalleriet er den forsofne skulelæraren Medvenko (Olav Waastad) som lengtar etter den unge Masja (Helene Naustdal Bergsholm). Ho er dotter til Ilja og Polina, og er sjølv forelska i Konstantin. Ho døyver sorgene med vodka.

Kunsten å avgrense Det er frigjerande å sjå at Tømta har henta fram humorpotensialet i Tsjekhov. Tsjekhov presenterte sjølv Måken som komedie. Eg vil går så langt som å påstå at i likskap med Ibsen, har begge diktarskap lidd under akademia og teatera sin evige hang til å setje dei på pidestaller og ta dei for bokstavleg. Fyrst i den seinare tid har ein turt å rive meistrane ned frå desse og ta fatt på humormangfaldet som ligg der. Med god hjelp av fin komisk timing frå skodespelarar som Laila Goody, Kim Haugen, Olav Waastad og Terje Strømdahl står dette i god balanse til dei meir alvorsprega skildringane til resten av ensemblet.

Framsyninga inneheld lite staffasje i form av lyd og scenografi. Vi i publikum sit svært tett og blant oss som sit på fremste rad sit også skodespelarane. Heile rommet vert nytta i spelet, også galleriet over oss. Eg merkar lite til utfordringane ved å spele i 360 grader, og kjenner aldri at eg går glipp av poeng fordi eg ser rygg og ikkje front. Eg merkar meg at det nok må vere ein fordel å sitje på fremste framfor bakre rad, då det å ha spelet så tett på kroppen kler Tsjekhov. Lys og scenografi står ikkje i høgsetet her, det er minimalt med effektar og det tvingar oss til å fokusere på det som blir sagt og gjort mellom personane på scenen. Dei opnar fyrste akt med å nynne ein melodi som eg ikkje klarar å kjenne igjen. Den nakne songen strøymer frå alle kantar og såleis kapslar dei oss inn i Tsjekhovs russiske univers frå fyrste stund. Etter pausen gjer dei det same. No med Dmitri Sjostakovitsj sin erkerussiske Jazz Suite No. 2. Tidsspranget mellom teksten til Tsjekhov frå 1896 og musikken til Sjostakovitsj frå 1938 skapar eit fint frampeik inn i den russiske modernismen som Tsjekhov var med på å legge grunnlaget for.

Denne produksjonen fungerer som ei påminning om at ein ikkje skal måke på med alle sceniske verkemiddel kvar gong ein set opp noko. Det handlar om å forstå kva som skal få ta plass og kva som skal vere i bakgrunnen. I dette tilfellet skal det visuelle vike for at stemninga i teksten skal kome fram, med enkle verkemiddel gjev dei meg kjensla av å ha vore i Russland i to timar med ei gruppe menneskeskjebnar som på ingen måte bør fungere som ideal, men som ein likevel kan hente lærdom frå som menneske av i dag.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no