S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Ragnhild Gjefsen – 21. januar 2014

Om tru og fridom

I Guds namn. Hordaland teater 2014. Foto: hordalandteater.no


Publisert
21. januar 2014
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk

Hordaland Teater I Guds namn Regi: Nils P. Munk Omsetjing: John Stavland Med: Yngve Seterås, Irene Waage, Thea Borring Lande og Igor Necemer.

Premiere 16. januar 2014, Logen, Bergen Speles i DKS Bergen frå 17. – 24. januar Turnè for DKS Hordaland frå 27. januar


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/om-tru-og-fridom/
Facebook

MELDING: Skuleframsyninga I Guds namn vil ha ungdom til å reflektere rundt religion og retten til å tenke fritt. Ho klarar det utan å bli overpedagogisk, skriv Ragnhild Gjefsen.

Den nyaste produksjonen til Hordaland Teater tek sikte på å nå ungdommen. Med ein tematikk som oppmodar til refleksjon og ein speleform som skal hindre 16-åringar å sovne i publikumssetet, dreg I Guds namn ut på turné i Den kulturelle skulesekken denne vinteren.

Stykket er opphavleg henta frå Danmark, men er omarbeidd i så stor grad at premieredagen i Bergen vart rekna for urpremiere å vere. Framsyninga tek sikte på å reflektere over paragraf 2 i Grunnlova: «Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving.» Og det som kjem under lupa er menneska si tolking av den evangelisk-lutherske trua.

Ekstreme døme Gjennom tre unge skjebnar får tilskodarane ei innsikt i korleis det kan vere å bli oppdradd i strengt kristne religionssamfunn. Det er sonen til ein overivrig vekkingspredikant som meiner eksorsisme kan løyse det meste, ei 16 år gammal lesbisk jente som gjer så godt ho kan for å vere snill kristen pike for foreldra sine, og til slutt den overlukkelege 13-åringen som snart skal stå brud for Jesus. Alle tre møter eit sterkt press frå vaksne autoritetsfigurar, og der den unge brura ukritisk gir seg hen til eit liv i kyskleik, vel dei to andre å ta eit oppgjer med foreldra på kvar sin måte.

Desse ekstreme skjebnane er temmeleg fjerne frå den røynda dei fleste lev i, og eg sakna eit tilfelle som låg meir i gråsona med tanke på dei spørsmåla teateret sjølv stiller seg: Når foreldra oppdreg ungen sin religiøst – fråtek dei da barnet sin religionsfridom?

Det er liten tvil i tilfellet der ein vekkingspredikant nyttar eksorsisme for å hindre tenåringssonen i å ha våte draumar. Men kva med dei som veks opp i ein meir moderat indremisjonsheim? Får dei barna fråtatt eigenrefleksjonen sin i Guds namn?

Eg trur skuleelevar har godt av å ta stilling til ei problemstilling som ligg tettare opp mot røynda.

Ikkje overpedagogisk Sjølv oppfatta eg ikkje framsyninga som spesielt dristig eller provoserande, men det er kanskje greitt. Ikkje for å undervurdere refleksjonsevna til ungdommen, men av og til er kombinasjonen av ein moralsk bodskap og eit teaterstykke der publikum deltar aktivt, nok i seg sjølv. Det er viktig å ikkje ville for mykje.

Dette tek meg attende til det deltakande aspektet. Framsyninga har ei frisk og interaktiv form og vil truleg syne tenåringane at teater kan vere kult. Her kan ein òg lett ende opp med å ville for mykje, men Hordaland Teater klarer stort sett å balansere det dramapedagogiske tilsnittet. Med stadig nye fokuspunkt og flytting av tilskodarane er det lite rom for å vere passiv. Likevel er det ikkje ubehageleg; ein treng ikkje tre fram frå mengda utan å ville det sjølv. Den direkte kontakten blir heller ikkje overdriven, og aktørane fråstår til dømes heilt frå å kommentere eller stille spørsmål ved sjølve handlinga – slik unngår framsyninga å bli overpedagogisk.

I Guds namn er ikkje perfekt, men like fullt ei fin framsyning eg vil tru treff målgruppa si. På premieren var rett nok brorparten av publikum vaksne, men reaksjonen til ungdommane til stades var for meg ikkje til å ta feil av: Dette kjøpte dei.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no