S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 1. september 2009

Nordenpremiere på SoFt

Skuespillerne er fra venstre Kristoffer Sagmo Aalberg, Mads Sjøgaard Pettersen og Kyrre Eikås Ottersen.


Publisert
1. september 2009
Sist endret
26. mai 2023


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/nordenpremiere-pa-soft
Facebook

Lindetreets løyndom, det prislønna stykket til irske Conor McPherson, får Nordenpremiere på Sogn og Fjordane Teater (SoFt) denne uka.

Pressemelding fra Sogn og Fjordane Teater:

Nordenpremière på prislønna irsk stykke

Sogn og Fjordane Teater (SoFt) har Nordenpremière på det irske dramaet Lindetreets løyndom (This Lime Tree Bower) av Conor McPherson onsdag 2. september i Førde. Blant dei medverkande finn vi Amanda-vinnar Mads Sjøgård Pettersen.

I Lindetreets løyndom møter vi tre unge menn frå ein liten kystby nær Dublin som fortel om sine flokete relasjonar og den ekstraordinære veka som kom til å forandre livet deira for alltid.

Tenåringen Joe kjedar seg på skulen og ser etter spenning i den nye klassekameraten Damien. Broren hans Frank jobbar i familiens fish & chips restaurant og vil hjelpe faren mot den sleipe Simple Simon som pressar han på gjelda. Universitetsprofessoren Ray er kjæraste med syster deira, men er meir oppteken av å nedlegge damer enn å forelese.

Lindetreets løyndom er ei nervepirrande forteljing der publikum får innsyn i dei inste fantasiane til tre unge menn. Stykket stiller mellom anna det interessante spørsmålet: kan det nokon gong forsvarast å gjere eit brotsverk?

Conor McPherson (f. 1971 i Dublin) er ein av Irlands beste samtidsdramatikarar. Lindetreets løyndom har han motteke heile tre prisar for; A Thames TV Award, A Guinness/National Ingenuity Award og the Myer-Whitworth Award.

Til norsk ved Rita Abrahamsen. Til nynorsk ved Terje Lyngstad.

Regi: Rita Abrahamsen. Scenografi: Åse Hegrenes. Lysdesign: Tobias Leira Medverkande: Mads Sjøgaard Pettersen, Kyrre Eikås Ottersen og Kristoffer Sagmo Aalberg Mads Sjøgård Pettersen vann i år Amandapris for beste birolle for rolla som den homofobe Ulrik i filmen “Nord”. Han har i tillegg ein av hovudrollene i den prislønna filmen ”Upperdog” som har kinopremiere i disse dager.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no