Lars Erik Holter
Lars Erik Holter ny teatersjef på Det Norske Teatret
Spenninga er utløyst; skodespelar og sceneinstruktør Lars Erik Holter (43) er tilsett som teatersjef ved Det Norske Teatret etter Vidar Sandem. Holter tek til i jobben 1. januar 2010.
I den store bølga av tilsettinger av nye teatersjefar det siste året var denne tilsettinga den siste det var knytta spenning til, fordi det er det nest største teatret i landet, og også fordi det ville vore ein sensasjon om styret i Det Norske Teatret også hadde vald ei kvinne til ny teatersjef. I så tilfelle ville det ha vore kvinnelege teatersjefar ved alle dei fire store teatra i hovedstaden (Nationaltheatret får snart Hanne Tømta, Oslo Nye Teater får Cathrine Telle og Riksteatret har Ellen Horn).
Nå er spenninga utløyst ved at styret i dag har vald Lars Erik Holter. Han er kjent for teatret ved sine oppsettingar av Svart Mjølk og Helten på den grøne øya. Den sistnemde var Holter nominert til Hedda-prisen for ifjor, for beste regi. (Les anmeldelser av oppsettinga her!)Han var faktisk nominert for to oppsettingar i denne kategorien, men vann ikkje.
Les pressemeldinga frå Det Norske Teatret her:
NY TEATERSJEF VED DET NORSKE TEATRET Eit samla styre har idag tilsett Lars Erik Holter som teatersjef ved Det Norske Teatret. I alt var det 12 soekjarar til stillinga og Holter utmerka seg med ein sterk kunstnarleg profil. Lars Erik Holter er tilsett for ein periode på seks år frå 01.01.10. Lars Erik Holter (fødd 15. mai 1965) er frå Nes i Hedmark. Han er utdanna skodespelar og sceneinstruktør ved Kunsthøgskolen i Oslo. Holter har sidan 1995 arbeidd som både skodespelar og regissør ved ei rad institusjonsteatre og privatteatre, og produsert eigne framsyningar i det frie feltet. På Det Norske Teatret gjorde han først diplomoppgåva i regi frå Kunsthøgskolen, Beogradtrilogien, i 2001. Seinare har han sett opp Svart mjølk og Helten på den grøne øya ved teatret. Holter har – i tillegg til å undervise ved – vore med på å utforme studieplanen ved skodespelarlina ved Kunsthøgskolen i Oslo.
Les Lars Erik Holter sitt innlegg om scenekunstfakultetet og skodespelerlinja ved Kunsthøgskolen i Oslo frå i vår her!
Les hvem som søkte teatersjefstillinga ved Det Norske Teatret her!
Les scenekunst.nos artikkel om dei nye teatersjeftilsettingane her!