Gullstøvet frå den altfor store Ibsen har tilslørt bildet på kva som er stor Kunst i eit lite samfunn som det norske. Og omvendt, kva som ikkje er det, meiner forfattaren Kjartan Fløgstad.
Ibsen-fokuset: Tilslører kva som er stor Kunst
Gullstøvet frå den altfor store Ibsen har tilslørt bildet på kva som er stor Kunst i eit lite samfunn som det norske. Og omvendt, kva som ikkje er det, meiner forfattaren Kjartan Fløgstad.
Fløgstad heldt hovudforedraget ved årets litteratursymposium i Odda. I foredraget konstaterer Fløgstad at hans eigen ”Loven vest for Pecos”, eller kort sagt nedbygginga av skiljet mellom høg og låg kunst, er innført over heile linja. Temaet for årets symposium var Smuss.
Ibsen var tema for store delar av foredraget. Fløgstad kallar satsinga på Ibsen (og Hamsun) for sjøloppfyllande prognosar: Viss forfattarskapet verkeleg var så stort og viktig, kunne det kanskje klara seg utan massiv statsstøtte? spør Fløgstad som nemner at det i 2010 også blir markert jubileer for Aasmund Olavsson Vinje og Claes Gill. Jubileer som mildt sagt ikkje får same merksemda. Dette har Fløgstad eit forslag til forklaring på:
Høgstemt, idealistisk vrøvl
”Alt i 1866 heldt til dømes Aasmund Olavsson Vinje på å le seg i hel, fortel filosofen Jon Hellesnes, som legg til at grunnen til at Vinje lo så rått og upassande, var eit verk han oppfatta som ein grotesk, komisk satire. Her ligg kanskje forklaringa på den manglande offisielle interessa for Vinje-jubileet. For det første lo Vinje av seriøs litteratur, og for det andre lo han av klassikaren Brand, Et dramatisk digt, forfatta av ein ung diktarkollega. Slik Vinje såg det, var Henrik Ibsen eit stort komisk talent. Ja, så stort at etter Brand ville det bli umulig å gi ut høgstemt, idealistisk vrøvl på ny.
Her tok Vinje alvorleg feil. Som vi veit, har denne ufrivillige satiren vore spela og omtala med tragisk alvor heilt fram til våre dagar”, sa Fløgstad.
Vi gjengir her den delen av foredraget som handlar om Ibsen:
Nutidsdrama
I ein artikkel i New Left Review (referert på scenekunst Her) tar den italienske kritikaren Franco Moretti for seg Ibsens tolv «nutidsdrama» og stiller spørsmål om kven som utgjer det sosiale universet i desse spelstykka. Og så ramsar han opp: byggmeisterar, industrialistar, finansfolk, handelsmenn, bankfolk, gründerar, administratorar, dommarar, funksjonærar, sakførarar, doktorar, overlærarar, professorar, ingeniørar, pastorar, journalistar, fotografar, planleggarar, bokhaldarar, kontoristar, boktrykkarar.
Ingen andre forfattarar, ikkje eingong Thomas Mann, har som Ibsen halde seg så einvist innanfor den borgarlege verda. Og dette gjorde han i eit nær førborgarleg samfunn.
Ibsens nutidsdrama skriv seg frå åra 1877 til 1899, med andre ord like i forkant av den industrielle moderniseringa av det norske samfunnet. Dette var rett før naturressurssane blei utnytta til kraftkrevande industri, og Odda, Tyssedal osv. gjorde Norge til halvfabrikataprodusent i det økonomiske verdssystemet. Frå denne fjerne utkanten av den borgarlege verda følger Ibsens tolv samtidsdrama den første store krisa i europeisk kapitalisme, mellom 1873 og 1896, så å seia år for år.
Samfundets støtter
Ibsen skriv om Samfundets støtter, utan å sminka til makthavarane med begrep som middelklasse. For dette er den herskande overklassen i det samfunnet Ibsens borgarskap herskar over, fordi det er dei sjølve som har skapt dette samfunnet. Endå meir slåande, seier Moretti, er at innanfor denne storslåtte borgarlege fresken finst det, bortsett frå hustenarane, så godt som ingen arbeidarar. Hos Ibsen subbar almugen rundt og seier «Jada, jada, fært saa Frua braaker», og sånn. Motsetninga mellom arbeid og kapital er borte frå Ibsens verden. Eit spøkelse går gjennom Europa, Nora Helmer går på dør, Gjengangere blir igjen, men ingen arbeidarar, i ein syklus som spenner over nettopp dei tiåra då fagforeningar, sosialistparti og anarkisme snur opp ned på det politiske Europa.
Ingen arbeidarar altså, fordi den konflikten Ibsen er interessert i, ikkje er mellom borgarskap og andre samfunnsklassar, men indre motsetningar i borgarskapet. Ibsen plasserer alle sine hovudpersonar i ein sone av grått bursjoasi og spør: Kva har borgarskapet ført inn i verda?
Gråsoner
Opphoping av kapital går føre seg ved å invadera nye livssoner og ved å skapa slike. I desse grå sonene får dynamikken til dei borgarlege verdiane sitt fremste spelerom. Dette er ikkje eit lov laust sosialt rom, men det er heller ikkje strengt lovregulert. Etter kvart kjenner vi dei moderne begrepa eller rettare metaforane for denne skuggeverda. Børsen blør, og både valutaguttar og rentejenter har, eller manglar, øko nomiske musklar. I desse metaforane blir paradoks som Schumpeters «skapande øydelegging» sett i spel.
For borgarskapet er ærlegdom det same som ære var for aristokratiet. Ibsen set i verk dette ærlegdomsbegrepet i forretningslivets gråsoner. I Nåtidsstykka tar han ut det dramatiske potensialet i konflikten mellom den ærlege borgaren og den renkefulle pengemannen. Vi får industrikapital mot finanskapital, slik som i dagens kapitalisme. Dette er Ibsens intuisjon om den store, uløyste dissonansen i borgarleg liv. Henrik Ibsen diktar ikkje om samfunnskonfliktar, men om borgarleg dissonans.
Alvor
I tillegg til ærlegdom er alvor eit anna borgarleg nøkkelord, skal vi tru Franco Moretti. I litteraturen blir dette ærlege alvoret først og fremst uttrykt på prosa, sakprosaen er sjølve det borgarlege stilidealet. Ingenting skræmer den intellektuelle småborgaren meir enn alvorleg gjøgl, og forgjøgla alvor, side om side. For å stiva av sin usikre sosiale posisjon reiser småborgaren prosaiske grunnmurar, mot fiksjonens upassande latter.
I eit samfunn der kapitalismen kom seint inn, skildrar Ibsens realisme sosiale forhold der arbeidarklassen ikkje finst, og klassekonfliktar derfor er frå verande. Det viktigaste litterære verket dikta i Norge handlar altså ikkje om samfunnskonfliktar, men om mislydar, om dissonsansar innanfor borgarskapet. Det er prega av prosaisk alvor og sakleg ærlegdom. Gjennom Ibsens fiksjonar blir desse dissonansane omskapte til sosiale seremoniar og foreviga som kunst på og utanfor alle Nasjonale Teater, som påskot for at Oslofjordhumanistane kan ta seg sjølve høgtideleg.
Reellt eksisterande arbeidarklasse
Ibsen snakka ikkje som Hamsun om «arbeiderkrapyl og kvinnesakshyl», men han utelukka den reelt eksisterande arbeidarklassen frå diktinga. På denne måten har gullstøvet frå den alt for store Ibsen tilslørt bildet på kva som er stor Kunst i eit lite samfunn som det norske. Og omvendt, kva som ikkje er det.
Heile foredraget er gjengjeve i vekeavisa Dag og Tid si utgåve frå 22. oktober. Eit utdrag kan lesast Her.
Heile avisa kan lastast ned mot betaling Herfrå.
Ingressfoto av Kjartan Fløgstad: Leif Bryne