S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 17. mars 2023

Hulda Garborg-stipendet 2022 til Morten Svartveit

Morten Svartveit Foto: Det Norske Teatret


Publisert
17. mars 2023
Sist endret
26. mai 2023

Notiser Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/hulda-garborg-stipendet-2022-til-morten-svartveit/
Facebook

Hulda Garborg-stipendet 2022 går til Morten Svartveit. Juryen: “Han har eit vinnande scenisk vesen og varm utstråling”. Det melder Samlaget i ei pressemelding.

Prisutdelinga gjekk føre seg torsdag kveld etter ei framsyning av Sluttspel av Samuel Beckett på Det Norske Teatret. Svartveit speler sjølv i framsyninga. Etter applausen kom to representantar frå juryen opp på scena og overrekte blomar og diplom til prisvinnaren, til stor jubel frå salen.

I grunngjevinga skriv juryen blant anna: “Vinnaren har eit breitt språkregister nett som han syner breidde i skodespelartalentet sitt. Han er altså ikkje «låst inne» i ein bestemt dialektal tone, men syner fleksibilitet og evne til å lytte seg fram til språket til ein karakter. Replikkane flyg lett og naturleg frå vinnarens munn. Han har eit vinnande scenisk vesen og varm utstråling. Den språklege tryggleiken bidreg sikkert til det. Vinnar av Hulda Garborg-prisen for 2022 er skodespelar Morten Svartveit.”

Hulda Garborgs stipendfond Hulda Garborgs stipendfond har ei lang historie heilt tilbake til 1923, og skal gå til skodespelarar som spelar på nynorsk med formål «… at skodespelarar som spelar på norsk (landsmål) skal få ferdastipend, eller i minsto noko tilhjelp til ferder…». Juryen består at tre personar, som blir vald av styret i Samlaget, styret i Det Norske Teatret og av dei tilsette på Det norske Teatret.

Prisen er på kroner 10 000,–.

I juryen sit Borghild Maaland Eberson (Samlaget), Carl Morten Amundsen (Det Norske Teatret – styret) og Marianne Krogh (Det Norske Teatret – tilsette).


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no