– Sjefar og instruktørar skulle kanskje i sterkare grad fokusera på prosessen i staden for resultatet, meiner Hildegunn Riise. Ho etterlyser større risikovilje hjå teatra.
- Fokusér på prosessen i staden for resultatet
– Sjefar og instruktørar skulle kanskje i sterkare grad fokusera på prosessen i staden for resultatet, meiner Hildegunn Riise. Ho etterlyser større risikovilje hjå teatra.
Hildegunn Riise har late seg intervjua av Det Norske Teatret sin dramaturg Ola Bø i samband med den nært foreståande premiera på Neverland av Maria Tryti Vennerød.
– Sjefar og instruktørar, «dei som har noko med det», og som ofte tar viktige kunstnarlege val for det ventande folket, skulle kanskje I sterkare grad fokusera på prosessen i staden for resultatet. Det flinke, erfarne og dyktige er kvalitetar som ikkje må få stå i vegen for den unike prosessen som gjer at det uventa, umedvitne, klønete, intuitive og ukjende får tre fram som særeigne og viktige kvalitetar, seier ho.
Kjemi
– Korleis kan skodespelaren sjølv påverka dette?
– Etter kvart er eg blitt meir og meir oppteken av kor viktig kjemien mellom dei ein skal skapa saman med er. Skodespelarane sjølve burde i større grad velja kvarandre – rett og slett for å kunna utfordra dei kunstnarlege kvalitetane ein veit finst der. Skodespelaren har sjølvsagt alltid eit eige ansvar for å påverka kunstnarlege prosessar. Mi erfaring er at det ofte er i lag med heilt unge folk som er nysgjerrige, og som kanskje har større forventningar til prosessen, at dette fungerer best. Altså i møtet mellom det erfarne og det unge, i møtet mellom generasjonar.
– Døme på slike produksjonar som du har vore med i?
– Ja, fleire: Tvillingar av Agota Kristof, Vakkert av Jon Fosse, Knivar i i høner av Harrower, produksjonar som gjerne blir kalla smale, og fleire filmar, Flaggermusvenger, Himmelfall, Detektor, TV-produksjonen Suzannah, er nokre.
Innhald
– Korleis kan ein byggja slike konstellasjonar på eit stort institusjonsteater utan at for mange hamnar utafor?
– Eg trur kanskje at dette er snakk om planlegginga på teatra. Kanskje det ikkje alltid må vera slik at det er stykket, eller endå vanlegare – instruktøren, som blir valt først. Kanskje er det tema eller innhald som tvingar seg fram, eller eit formspråk ein vil utforska, eller som eg alt har vore inne på – skodespelarar som av ein eller annan grunn vel kvarandre. Dette krev eit aktivt ensemble og ei kunstnarleg leiing som har gehør. Eg veit sjølvsagt at ein ikkje kan driva ein stor institusjon med dette som eit gjennomgåande prinsipp, men ved å snu på flisa av og til kan ein skapa større dynamikk og motverka kunstnarleg stagnasjon. Og eg er nokså sikker på at det å utforska menneskekonstellasjonar ofte kan vera eit like spennande utgangspunkt som å forska i tekst.
Omvend prosess
– Du ser altså for deg ein slags omvend prosess?
– Det kan seiast mykje rart om kommunikasjon, men vi skodespelarar sit inne med ein kompetanse på dette området som ikkje berre dreier seg om å stå på scenen og kommunisera med publikum, men som er ei brei skulering i å kommunisera på fleire plan, og at dette er ein kompetanse og ein sum av røynsler både fagleg og menneskeleg som burde utnyttast betre. Denne ressursen kan vera med å bryta det litt latterlege hierarkiet med underdanig venting på roller slik at det ventande folket ikkje berre blir ventande, men skapande, seier Riise.
Les heile intervjuet Her.
Foto: Mimsy Møller/Det Norske Teatret