S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 8. mars 2019

Fin og rar, tung og lett

Panflutes and Paperwork med Ingrid Berger Myhre og Lasse Passage.Lys: Edwin van Steenbergen Rom: Alex Zakkas. Foto: Istvan Virag


Publisert
8. mars 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Dans Teater

Panflutes and paperwork, av: Ingrid Berger Myhre & Lasse Passage

Black Box teater, norgespremiere 7. mars 2019

Musikk: Lasse Passage og Ingrid Berger Myhre Lys: Edwin van Steenbergen Rom: Alex Zakkas Rettleiing: Merel Heering, Alex Zakkas

Med: Ingrid Berger Myhre og Lasse Passage

Meldt 7. mars 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/fin-og-rar-tung-og-lett
Facebook

Panflutes and Paperwork av Ingrid Berger Myhre og Lasse Passage er ei framsyning som leikar og briljerer. Gjennom presisjonskunst balanserer dei mellom feelgood og poetiske bilete.

Talekor har alltid hatt ein spesiell plass i hjarta mitt. Det er litt corny, veldig nerdete og vonde tunger vil nok hevda at det fungerer meir som ei øving i rytmediktat enn eiga kunstoppleving. Dei som har gått gjennom musikkundervisning på gymnasnivå, har truleg vore gjennom sistesatsen i Gesprochene Musik, Fuge aus der Geographie av Ernst Toch (1887-1964). Dette er truleg det mest kjende verket for talekor, og Toch sjølv har blitt kreditert som talekoret sin opphavsmann. Verket vart framført til stor jubel på ein samtidsmusikkfestival i Berlin i 1930. I publikum sat den då 18 år gamle John Cage. Då Toch fem år seinare måtte flykta frå nazistane, reiste han til USA og møtte Cage på ny. Cage spurte om lov til å omsette stykket til engelsk, og sidan den gong har morgontrøytte musikkelever halta seg gjennom «Canada, Málaga, Rimini, Brindisi» i høyrelæretimane. Dette er eitt av dei klaraste minna eg har frå musikklina, og kvar gong eg høyrer slik presisjonskunst vert eg difor fylt av nostalgi.

Presisjonskunst er eit passande stikkord om ein skal skildre Ingrid Berger Myhre og Lasse Passage si framsyning Panflutes and paperworks. Framsyninga hadde Norgespremiere på opninga av Oslo Internasjonale Teaterfestival på Black Box teater, til fullsett sal på Lille scene. Koreograf Ingrid Berger Myhre og komponist Lasse Passage har jobba saman i tidlegare produksjonar som Supplies og Latest Notes, to framsyningar som begge har vore vist på Black Box teater tidlegare. Passage er komponist med utdanning frå Griegakademiet i Bergen og Royal Conservatoire i Haag. Berger Myhre har master i koreografi frå Amsterdam School of the Arts, og har i fleire år markert seg som ein original koreograf og dansar med auge for semiotikk og språklege detaljar. Sjølv om dei har kombinert fagfelta sine før, er nok dette den framsyninga der dei er mest likestilte som utøvarar.

Rom for det uperfekte Framsyninga er samansett av talekor, leik med rytmar og språk, koreografi og musikk. Desse komponentane vert fletta saman på ein måte som er presis og innstudert, men utan at det vert for stramt og gjennomkomponert. Dei byrjar med ein komposisjon for talekor bygd på allitterasjonar og ordpar av typen «bits and bobs, fish and chips, here and there, in and out.» Det går fort, og det ligg mange timar med innstudering bak for å få det til å fungere på rytmane. Gjennom heile framsyninga eksperimenterer dei med konsertkonvensjonar av typen «This one goes out to» når dei introduserer eit nytt nummer. Dette vekslar mellom å vere genuint og ironisk. Genuint er det når dei dediserer ein koreografi til alle som ein gong har mista nokon. Passage står medan Berger Myhre legg seg i fosterstilling omkring føtene hans og held han på ein måte som gjer at han kan lene seg i alle retningar ut over det tyngdekrafta eigentleg tillét. Det er eit vakkert og poetisk bilete dei skapar som eg truleg kjem til å hugse. Ironisk vert det når dei introduserer ei låt med «This one goes out to all the people with a spare PhD». Denne treff godt i salen og vert motteke med smålatter.

Språket har alltid vore ein viktig del av Berger Myhre sine framsyningar, og semiotikken som ligg i det fysiske eller vokale språket vert framheva, ofte med smarte tvistar. Der eg somme gonger har tenkt at framsyningane står i fare for å bli for polerte og feilfrie er Panflutes and paperwork eit frigjerande unntak. I ein scene nyttar dei det – smått utskjelte – Cubanske rytmeinstrumentet claves, til å skape illusjon om ein usynleg ball som sprett omkring i rommet. Den usynlege ballen sprett frå han til ho og tilbake i eit stadig meir innfløkt mønster. På eitt tidspunkt kjem perkusjonen og det eksterne lydsporet ut av sync. Dei ler litt, mumlar at det var ein fuck-up og dreg opp jukselappen frå baklomma. Dette er eit sympatisk brot i den strenge komposisjonen, og minner oss om at det fins nok risiko i framsyninga til at små ting kan feile, og at det er rom for desse feila. Folk flirer, dei to på scenen vinn publikum, og det er litt som å sjå blooper-materialet til ein film du likar.

Musikalitet på høgt nivå Bruk av notasjon er felles for både musikk og koreografi sjølv om bruken av partitur ikkje er standardisert på same måte i koreografi som i musikk. Her i denne framsyninga møtes dei to kunstformene gjennom måten dei vert notert eller memorert. Utøvarrollene vert også bytt om når han som eigentleg er komponist dansar og ho som eigentleg er koreograf framfører musikken. Dette er ein fin kombinasjon av det å briljere på kvart sitt fagfelt men samstundes våge å tre ut av komfortsona og såleis røske litt i den strenge tanken om at dansarar skal danse og komponistar skal komponere. Skomakar bli ved din lest er gjerne ei oppfatning som pregar tanken om utøvarrollen. Valet om å byte på rollane skapar ein god dissonans, som gjev rom for at det komiske kan tre i kraft. Lyset til Edwin van Steenbergen, og rommet til Alex Zakkas er minimalistisk og krev lite merksemd samstundes som det gjev uttrykket ei stødig visuell ramme. Dette er ei framsyning som ligg og vakar i grenseland mellom performance og konsert, og dei leikar med formane. Den leikne, nerdete presisjonen peikar attende på pionerane frå samtidsmusikken som John Cage og Ernst Toch og vi i publikum vert fôra med ein fin balanse av feelgood, poetiske bilete og musikalitet på høgt nivå.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no