S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 8. mars 2018

Filantropane

Foto: Ann Iren Ødeby


Publisert
8. mars 2018
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Skipet – vol. 3,

Black Box teater, premiere 4. mars 2018

Av og med: Kari Holtan, Boya Bøckman, Torbjørn Davidsen, Anne Holtan, Morten Kippe, Eirik Raude, Juliana Venter, Bjarne Larsen, Pelle Ask, Marius Kolbenstvedt, Zett Davidsen, Stein Davidsen, Hans Wedvik, Eva Berit Bøe Moen, Kari Vik Knutsen, Ida Holthe Lid, Gjøril Bjercke Sæther, Helle Bendixen, Marcus Torjussen, Linda Nikolaisen, Vegard Tidslevold og Billie.

Anmeldt 4. mars 2018


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/filantropane
Facebook

Skipet er ein serie framsyningar inspirert av ulike reisemål som skal gå over fleire år. Tidlegare har De Utvalgte laga stadsspesifikke produksjonar i Fjaler og Nuuk, men denne kvelden har skipet lagt til kai ved Black Box teater der eg har benka meg på første rad for å sjå vol. 3 i serien.

Det ligg ein mann på scenen. Han ligg med ryggen mot publikum og er iført ei mørkegrøn fotballtrøye med påskriften INTIFADA. Her burde eg visst kva den palestinske intifadaen er for noko, men vi har jo alle hol i ålmennkunnskapen, så eg tenkte at det kanskje var ein fotballspelar frå 1980-talet. Lenger bak på scenen ligg det ein hjort. Eg kjenner den igjen frå ei av dei tidlegare framsyningane deira, Kunsten å bli tam. Ut frå mørkret tuslar det ut ein sprell levande svart puddel. -Verdas mest effektive sceniske virkemiddel, tenkjer teatervitaren i meg. Dyr og små born har det til felles at dei i liten grad lyttar til impulskontrollen sin. Det er heller ikkje sikkert at dei kjem til å ta regi. Men det er her det sublime oppstår, og rommet vert utrygt.

Eit grunnleggjande filantropisk prosjekt Vi høyrer fire personar som pratar. Samtalen går lett og ledig. Aldersmessig plasserer eg dei ein stad mellom 70 og 80. Det er to menn og to kvinner Dei sit i ring på eit radiostyrt, rundt platå som sakte sentrerer seg på scenen. Det minnar om oppsettet i eit talk-show. Dei går i formelle klede.

Vi høyrer ein av mennene prate: «Mineraler og karboner, jern og fosfor, det er jo døde stoffer. Og så er de liksom satt sammen, men jeg er jo levende!…Det skapes ikke nye stoffer. Hvert eneste molekyl har vært i ett annet menneske. For eksempel Vasco da Gama, så om man er heldig ved innpust, kan man få i seg litt av Vasco da Gama.» Dette er ei vakker scene som eg vert glad av å lytte til. Det er morosamt, nedpå og uanstrengt. Akkurat slik det ofte er når tekstane til De Utvalgte fungerer på sitt beste. Tanken på at menneskekroppen er levande sjølv om den er laga utelukkande av daude stoff gjev meg assosiasjonar til endetid og oppløysing men utan at det går over i dystopi. Endetid tyder ofte at noko nytt kjem til å ta form og det er alltid håp for menneska i kunsten til De Utvalgte. For meg framstår kunstnerskapet deira som eit grunnleggjande filantropisk prosjekt. Det gjeld også denne framsyninga. Skipet vol. 3 er slik eg ser det ei framsyning om relasjonar. Relasjonar mellom menneske og dyr, gamle vener, far og son, brør som kranglar, mellom framande, mellom born og vaksne, unge og eldre, mellom privilegerte og lidande, mellom oss og dei andre, levande og daude. Framsyninga er sett saman av mange små historiar fortalt av folk og figurar som dukkar opp, forsvinn, passerer eller stadig vender tilbake.

Viktig lydbilete Scenografien er enkel og er stort sett satt saman av videoprojeksjoner samt to store trapper som let seg skyve rundt på scenen. Somme gonger vert det projisert video og bilete direkte på flatene og personane på scenen. Det er mykje fint, men også ein del uforløyst. Skipet vol. 3 er ikkje like visuelt slåande som nokre av dei tidlegare arbeida eg har sett av De Utvalgte. Dersom idéane i større grad hadde vorte reindyrka og etablerte på scenen kunne dei visuelle effektane og kanskje særleg videoprojeksjonane fått meir plass og fungert betre. Det kan virke som om det ikkje har vore rom for å utvikle den same visuelle detaljrikdomen som vi har sett tidlegare. Dramaturgisk kunne fleire av scenene blitt sterkare dersom ein hadde redusert materialmengden og heller vidareutvikle dei delane og dei figurane som fungerer best.

Noko av det som verkeleg fungerer godt er lydbiletet. Det siv ein jamn straum av tonar frå Eirik Raude sine perkusjonsinstrument. Kanskje er det ein vibrafon vi høyrer, og tonane frå denne er med på å sy saman ei framsyning som elles hadde stått i fare for å framstå svært fragmentert. I tillegg til Eirik Raude har dei også med songar og skodespelar Julia Venter, og dansaren Kyuja Bae. Venter er iført ein blodig kvit kjole og er ein av figurane som går igjen . Bae er iført ei vakker skulpturell raud drakt. Ho dukkar opp ein gong der ho dansar medan Venter sit på toppen av dei store trappene og syng. Det er ei vakker scene, men eg slit med å forstå kva funksjon desse to figurane har i den store samanhengen. På eit tidspunkt vert den massive ståldøra inn til bakscenen opna og Sibir-kulden frå Stockholmsgata sig inn over publikum. Frå luka for innlasting bak scenen ser vi talja stige opp fullasta av folk. Dei klyv inn og fyller scena før dei byrjar å synge. Koret er sett saman av folk i alle aldrar og fasongar. Mangfaldet i gruppa minnar meg om båtflyktningar. Scena er mektig, men dette er også ei av scenene som kunne vore enno sterkare dersom den hadde fått meir tid til å feste seg.

Intifada «En ny jord kommer stigende opp fra noe lysegrønt. Det vokser korn. …Den nye verdenen kan ikke overleve uten kaoskrefter, vi bærer kaos inni oss.» Det er mannen med den tidlegare nemnte intifada-trøya som pratar. Han vert spelt av Marius Kolbenstvedt. Frampå trøya hans står det «Palestina» og eg skjems over eige kunnskapsnivå idet eg innser at INTIFADA nok ikkje er ein fotballspelar frå 80-talet likevel. Eg spør ein eg møter om ordet seier han noko. Han seier at det betyr opprør. Eg hiv meg på google og finn ut at Intifada kjem av det arabiske انتفاضة, «å riste av». Utrykket tyder opprør eller motstand og vert gjerne knytt til perioder med palestinske aksjonar mot Israel. Det er ei slags skapingssoge mannen forkynner, om behovet for kaoskreftene i oss og i verda. Eg merkar at eg likar denne kaosprofeten. Det er ein scene der tempoet vert senka og ein får tid til å tenkje. Nettopp dette er gjennomgåande i Skipet vol. 3. Ein vert glad i karakterane, i tekstane og i formspråket til De Utvalgte, men det er for mykje materiale til at alt får den merksemda det fortener.

Eit raskt overslag fortel meg at eg har sett om lag to tredjedelar av produksjonane deira. Eg torer påstå at eg tek mange av referansane til tidlegare arbeid, og eg kjenner relasjonane mellom dei ulike aktørane. Dette gjeld ikkje berre meg, dei har ein stor og trufast publikumsskare som fylgjer arbeida deira, men er dette også problematisk? Eigentleg tenkjer eg at det er fint å sitje på all denne informasjonen og å vere ein av dei som har fulgt arbeidet deira over lengre tid. Eg er ein innvidd. Vi innvidde veit til dømes at Thorbjørn Davidsen speler mot far sin Stein Davidsen, og vi veit at dei har spelt saman tidlegare også. Men korleis er det å ikkje vere innvidd? Korleis er det å sjå denne framsyninga for ein tilfeldig person i Ghent, eller i Brüssel? Kan kunsten etter over 20 år saman bli for intern? Eg vert ikkje einig med meg sjølv her, men eg sat å tenkte litt på dette. Det er utvilsomt noko fint og unikt over denne langtidsrelasjonen som De Utvalgte har med sitt publikum i ei tid der dei tidlegare kunstnerstyrte teatra stadig vert meir profesjonaliserte og marknadsorientert. Eg har definitivt lagt igjen litt av kynismen min inne på Store scene i løpet av framsyninga. De Utvalgte brukar å ha den effekten på folk.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no