S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Nanna Baldersheim – 23. mai 2012

Bak kulissane


Publisert
23. mai 2012
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Nyheter

Sjå bloggen til Amund Grimstad for omtalar av teater, perfomance og dans: amund.info.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/bak-kulissane/
Facebook

Bildet viser Ibsens "En folkefiende" anno 1942. Premieren var den 12. november 1942, og Jørn Ording spilte Horster, Kari Grøn var Petra, Henrik Børseth var dr. Stockman og Unni Torkildsen fru Stockman.

Om kritikar Amund Grimstad får det som han vil, får vi snart sjå "En folkefiende" sett opp med Andreas Baader som Dr. Stockmann. Vi i Scenekunst.no blei nyfikne og inviterte til en prat.

– Kritikarens viktigste oppgåve er å skrive for og til den opplyste og interesserte ålmenta. Det er dei og korkje teater, skodespelarar, dramatikarar, regissørar eller teatervitarar han skriv for. I tillegg ser eg at vi har ei viktig birolle – kanskje noko ufrivillig – som scenekunstens kollektive erindring. Når plakaten er tatt ned, er det berre kritikken som står att. Det er ikkje heilt rettvist, men slik er det, seier kritikar Amund Grimstad til Scenekunst.no.

Grimstad omtalar produksjoner innan teater og performance, og fleire av omtalane hans kan du lese på Scenekunst.no.

Har oppdraga forandra seg i di tid som kritikar? – Ja, så avgjort. Det blir laga fleire produksjonar som fortener å bli meldt, og eg får i tillegg skrive meir utdjupande og grundig. I tillegg får eg i større grad skrive om underskogen.

Kva har publikum sin reaksjon å seie for din omtale? – Svært lite, men når eg forstår at eg openbert er i utakt den eine eller andre vegen, brukar eg å kommentere det.

Kor er du no? – På terskelen, – alltid på terskelen, men eg veit ikkje til kva.

Kva var det siste du så på ein scene? – Life and Times – episode 1 av og med Nature Theater of Oklahoma.

Kva er ditt aller første scenekunstminne? – Generalprøva på Folk og røvere i Kardemomme by på Nationaltheatret den 23. desember 1959. Eg var sju år og hugsar framleis særs godt Odd Borg som barberar Sørensen. Etter det var det tysdagskveldane med Arild Brinchmann og fjernsynsteatret på midten av sekstitalet. Mye var heilt uforståeleg for ein som så vidt var komen i tenåra, men både Beckett og Ionesco gjorde uutslettelege inntrykk, og eg hugsar framleis både Mens vi venter på Godot (1965) og Den skallete sangerinnen (1967). I 1966 fekk heimbygda mi samfunnshus og med det vitjing av Riksteatret. Då var eg scenearbeidar og fekk gratisbillett for å vere med å rigge opp og ned. Biedermann og brannstifterne og Frøken Opal har båe spikra seg fast i minnet.

Kor på teatret trivs du best? – I salen – og berre der.

Kven har påverka deg mest? – Jacob Margido Esp. Han gav meg mitt kritikarcredo for mange år sia. På spørsmål til han om kor kritisk eg kunne tillate meg å vere, svara han: Så lenge det du skriv er gjennomsyra av kjærleik til teatret som kunstform, kan du skrive akkurat det du vil.

Kva er du redd for? – Å bli avslørt.

Kva ville du gjort om du var kulturminister for eit år? – Sørga for snarast mogeleg å få sett inn ein meir kompetent person.

Kven ville du helst delt turnébuss med? – Eg har ikkje noko ønske om å turnere.

Kva er drømmeprosjektet ditt? – En folkefiende sett opp med Andreas Baader som Dr. Stockmann. Ein mann som veit han har rett, men som ikkje når fram og difor går fullstendig frå konsepta.

Kva kunne fått deg til å gå i demonstrasjonstog? – Heldigvis framleis ganske mye. Som situasjonen i Palestina, og norsk inhuman asyl- og innvandringspolitikk berre for å nemne eit par døme.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no