Arbeider du med ein idé om ein kunstproduksjon for barn eller unge? Kunstnarar og kompani innan alle sjangrar er velkomne til å søkje om arbeidsopphald under Kunstnarveke 32 hos Seanse – senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda
Arbeidsopphald for kunstnarar hos Seanse
Seanse er eit senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda, avdeling for kulturfag. Seanse tilbyr arbeidsopphald for kunstnarar som vil utvikle produksjonar for barn og unge. Seanse arrangerer workshops og konferansar omkring kunstfaglege tema. Seanse arbeider for dialog og kunnskapsoverføring mellom kunst- og utdanningsfeltet.
Musikar, scenekunstnar, dansar, bildekunstnar, filmskapar, fotograf, forfattar? Kunstnarar i alle sjangrar og uttrykk er velkomne til å søke om arbeidsopphald hos Seanse. Dei kunstproduksjonane som Seanse støttar når ofte ut til eit stort publikum mange stader i landet, til dømes gjennom Den kulturelle skulesekken.
Seanse tilbyr:
Arbeidsopphald i veke 32, måndag 8. – fredag 12. august.
- Tilgjengelege produksjonslokale og arbeidsrom etter behov
- Dagshonorar og dekte utgifter til reise og opphald
- Tilgang på relevant utstyr og materiell etter avtale
- Kvalifisert kunstfagleg og barnefagleg rettleiing
- Høve til å prøve ut produksjonar for barn og unge i målgruppa og fagleg utveksling med andre kunstnargrupper
- Fagleg nettverksbygging i møte med andre kunstnargrupper og fagpersonar
Søknadsfrist og søknadspapir:
Søknadsfristen er tysdag 31. mai Nye søkjarar søkjer med prosjektskildring, søknadsskjema og vedlegg. Søknadsskjema og retningslinjer finn du på nettsida
Kunstnarar som allereie har inne søknad hos Seanse frå 2010 eller 2011, treng ikkje sende inn vedlegg på nytt dersom de ynskjer å søkje med same prosjekt. Send oss likevel eit søknadsskjema med kontaktopplysningar der de viser til førre søknad, slik at vi får registrert dykk som interesserte.
Velkommen med søknad om deltaking på ei produktiv og inspirerande arbeidsveke saman med kunstnarkollegaer frå heile landet! Kontakt oss ved spørsmål!