Dialektfarginga av enkelte teatertekstar kan føre til ei sentimentalisering som teksten ikkje ber om. – At ein skodespelar skal heilt heim på kjøkkenet til mor kan òg vere med på å privatisere uttrykket, der det er heilt andre kvalitetar som bør fram, meiner Ola E. Bø, dramaturg ved Det Norske Teatret.
Advarer mot sentimentalisering og privatisering
Dialektfarginga av enkelte teatertekstar kan føre til ei sentimentalisering som teksten ikkje ber om. – At ein skodespelar skal heilt heim på kjøkkenet til mor kan òg vere med på å privatisere uttrykket, der det er heilt andre kvalitetar som bør fram, meiner Ola E. Bø, dramaturg ved Det Norske Teatret.
Av Chris Erichsen
– Problemet med dialekt på scenen, er ikkje at dialekten er fattigare, men at han er plassert, både geografisk og kjenslemesig. Dersom målet er full identifikasjon, ja vel. Dersom målet er distanse og refleksjon, nei vel, svært enkelt sagt om eit stort tema, sa Ola E. Bø i eit foredrag for Norsk Teaterlederforum sist haust. Ein artikkel basert på foredraget står på trykk i det nye nummeret av tidsskriftet Syn og Segn. Du finn og eit lengre utdrag her på scenekunst.no.
Tre omsyn
– Vi har minst tre omsyn å balansere; Den litterære karakteren til teaterteksten, miljøet i sjølve stykket og utøvaren sin språkbakgrunn, skriv Ola Bø. – Alt dette er viktig for det kunstnarlege resultatet. Nokre teatertekstar er borne oppe av ei språkleg nyansering og gjennomarbeiding som slett ikkje toler eit frislepp av dialekt-farging og medfølgjande lokalisering. Det margstel teksten for noko av den litterære kvaliteten og kan føre til ei sentimentalisering som teksten ikkje ber om. At ein skodespelar skal heilt heim på kjøkkenet til mor kan òg vere med på å privatisere uttrykket, der det er heilt andre kvalitetar som bør fram.
Men Bø framhevar at ei nærlesing av stykket kan opne for spennande språkleg variasjon som er med på å utvikle tematikken. – Og i ni av ti tilfelle vil oppsetjingane tene på at skodespelaren kan utnytte så mykje som muleg av sin språklege bakgrunn.
Lokalpatriotisme
– Da snakkar eg ikkje om dialekt, men meir om språktone og ei viss uttaletillemping, presiserer han. – Med vilje legg eg ikkje så stor vekt på publikums språkbakgrunn og språklege smak. Dette kan fort føre til at teatret legg seg flat for alskens språklege fordommar og at rein lokalpatriotisme blir det styrande prinsipp. Etter mi meining var til dømes språkvalet da ein oppretta Hålogaland Teater eit radikalt brot med innarbeidde teatrale språkkonvensjonar, og var ei utstrekt hand til publikum. Med fare for å vere dårleg informert vil eg påstå at berre HT-nordnorsk i dag er ein avlegs og begrensande språkpolitikk.
Ola Bø meiner at “eit moderne teater i Norge må utan fordommar, og ut frå det mannskapet dei til ei kvar tid har, kunne spele på begge dei to målformene som dominerer norsk litteratur, og dei må sjølvsagt bruke og meistre den lokale munnarten”.
– Det må bli slutt på at DNT skal fungere som norsk teaters nynorskalibi, meiner dramaturgen på Det Norske Teatret.
Iren Reppen
– Det e klart at Det Norske Teatret e best på språk i Ola Bøs auga, han har vel ikkje sett så mange HT-oppsettinge, og HT-språket som han refererer til, kor ensarta e det? skriv teatersjef Iren Reppen ved Hålogaland Teater i ein kommentar under oppslaget “Jon Fosse boikotta i halve Norge?”. – I Nord Norge har vi til opplysning svært mange ulike språk og dialekte – også på scenen! Vi utfordre teatret sitt språk og form, – slik et teater med statsstøtte bør gjøre, skriv Reppen.
– Ola Bø har jobba for å gjøre nynorsken mer mangfoldig og åpen. Æ skal være den første til å takke han for det, for det gjeld nynorsken som alle andre språk: Med for mange strenge regla og einskap lure det teatret inn i dødens dal. Språket må leve som livet. Livet endres. Verden endres. Mangfold e vår redning! Håper bokmålet kjem etter og snart gir oss meir å rutte med! skriv ho og avsluttar innlegget slik: “Fin artikkel, men det e fortsatt langt dette landet.. :)”.
Les og Nynorsk-stipend til Maria Tryti Vennerød.
Ingressbilde: phawker.com