S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 10. februar 2020

Vemodig og vakkert om oppvekst i distriktet

Foto: L-P Lorentz. Scenografi: Dagny Drage Kleiva


Publisert
10. februar 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Vaffelhjarte

Riksteatret, premiere 8. februar 2020

Av: Maria Parr Dramatisering: Jesper Halle Musikk: Odd Nordstoga Regissør: Kjersti Haugen Scenograf og kostymedesigner: Dagny Drage Kleiva Lyddesign: Lars Hareide Swenson Lysdesign: Gyril Høgberg Musikalsk ansvarleg: Ket Iren Lødemel Koreografisk assistanse: Belinda Braza Dokkemaker: Anna Katarina Granberg Dramaturg: Tine Thomassen Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Med: Johanne Fossheim, Vidar Sandem, Erlend Smalås, Marte Stolp, Linda Tørklep, Eirik Risholm Velle, Catharina Vu, Martin Karelius Østensen

Meldt 8. februar 2020


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/vemodig-og-vakkert-om-oppvekst-i-distriktet
Facebook

Oppsettinga av Vaffelhjarte på Riksteatret skildrar eit varmt venskap i eit ruralt miljø. Framsyninga veks på meg etter at eg så ho, ikkje minst på grunn av framstillinga av borna.

Forfattar Maria Parr vert samanlikna med storleikar som Astrid Lindgren. I 2005 skreiv ho sin fyrste roman for born under tittelen Vaffelhjarte. Denne vart godt motteke og seinare filma av NRK. Seinare gav ho ut boka om Tonje Glimmerdal, ei slags Pippi eller Ronja Røverdatter-figur som gjekk rett heim hos både born og kritikarar. For denne fekk ho Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikerprisen. Kva er nøkkelen til ein slik suksess? Og let suksessen seg overføre til teaterscenen på Riksteatret?

Det er ikkje fyrste gong det vert laga teater av Parr sine bøker. Den Nationale Scene i Bergen og Sogn og Fjordane Teater gjorde Vaffelhjarte i 2014 og Haugesund Teater laga sin versjon i 2016. I tillegg har Tonje Glimmerdal blitt teater heile fire gongar i perioden 2013-2016.

Handlinga i Vaffelhjarte er lagt til ei lita bygd på Nordvestlandet som heiter Knert Mathilde. Dagny Drage Kleiva har laga både kostymar og scenografi. Den er nøktern og stilisert og syner fjell med beitande sauer, ferger på fjorden, måker på kveldshimmelen, mødre som syng i blanda kor og bestefedre med veldig god tid og som alltid går i blå kjeledress og fjøs-støvlar. Dette universet er lett gjenkjenneleg for dei av oss som har vakse opp under liknande tilhøve, og gjer meg både oppglødd og ekstra kritisk på same tid. Oppglødd, fordi eg synest det er stas at ungar av i dag drøymer seg inn i kvardagen i ei litt traust vestlandsbygd, og kritisk fordi eg vil at det skal vere realistisk og ikkje bikke over i det karikerte. Her er språket og sjargongen eit svært viktig element.

Språkleg finesse Med fare for å bli både patriotisk og nerdete må eg berre få heidre Parr for å skrive slik Vestlendingar pratar. Dette har heldigvis både Jesper Halle si dramatisering og Kjersti Haugen sin regi teke omsyn til. Hovudpersonen Trille veks opp med ei overvekt av vaksne omkring seg. Han har kun ein nær ven på sin eigen alder, og det er nabojenta Lena (Catharina Vu). Trille snakkar klingande sunnmøring i skodespelar Eirik Risholm Velle si tolking, som sjølv kjem frå Ørsta. No snakkar ikkje Vidar Sandem som speler farfar same dialekt som Trille, men i fylgje eiga uhøgtidleg forsking, vil born som er mykje saman med godt vaksne språkbrukarar, ta etter dei eldre. Trille har ein litt gammalmodig måte å ordlegge seg på. Dette er godt observert av Parr og ikkje mist godt vidareført av Eirik Risholm Velle. Dette kjem mellom anna fram gjennom bruken av «han» og «ho» framfor personnavn, på fint kalla «prepropriell artikkel». Det å effektivisere gjennom å kutte ut den preproprielle artikkelen, er eit språkleg fenomen som breier om seg. Bruken av «han» og «ho» framfor personnamn høyrer til i mange Nordnorske og Vestnorske dialektar, deriblant min eigen dialekt frå Voss, men stadig færre nyttar denne munnlege forma. Trille er eit døme på det motsette. Trille og Lena reddar eit lam på sauesanking som får namnet Vesle-Jesus, inspirert av Kristus-biletet over senga til Tante-Farmor. Trille kan seie ting som «Ditta e no han Vesle-Jesus, ditta» og syner såleis mangfaldet og særtrekka i dialektane våre. Språklege miljøskildringar finn vi også gjennom den Sunnmørske bruken av dobbeltnamn og klengenamn som Knert Mathilde og Tante-Farmor. Åtferdsobservasjonar og språklege detaljer som dette er kanskje ikkje avgjerande for trivselen til borna i salen, men det gjer miljøskildringa langt meir interessant for oss vaksne.

Kjensleladd og mangfaldig Det som verkeleg er avgjerande for trivselen til borna i salen er kontakten skodespelarane Catharina Vu som Lena og Eirik Risholm Velle som Trille har med ungane i salen. Denne kontakten vert aldri overspelt eller påtvingande involverande, men dei held merksemda til ungane frå start til slutt. Det er så knyst og konsentrert stemning blant ungane i salen at ein skulle tru ein sat midt i ei stillferdig Jon Fosse-framsyning. Framsyninga vaks på meg då eg forlot salen. Medan eg sat der framstod den som ei heilt grei framsyning for barn, utan det heilt store kruttet. Då eg fekk sett meg ned og tenkt litt, steig kvalitetane tydelegare fram. Framstilinga av dei to borna, Trille og Lena vog opp for dei tradisjonelle og sjablongaktige framstillingane av foreldre og besteforeldre, og miljøskildringane, språkbruken og musikken vog opp for den nokså keisame og tradisjonelle scenografien.

Historia om Lena og Trille er både triviell og spanande, men ikkje minst veldig trist. Lena har ikkje orka å fortelje Trille at ho skal flytte til byen. Då dette vert klart for både Trille og publikum, vert det utstøtt eit einsamt og gråtkvalt «nei!» frå ein av dei yngre tilskodarane. Det verkar som om ungane lever seg inn i, og deler kjenslene til Trille og Lena. Då framsyninga er på sitt aller tristaste kan ein høyre tydeleg gråt. Det tek seg etter kvart opp igjen og endar godt, men framsyninga syner i stor grad heile spekteret av kjensler og vågar å kvile i desse negative kjenslene. Det er modige val.

Om gråten i publikum var forventa eller kom som ei overrasking på regissør Kjersti Haugen, kan ein jo berre spekulere i. Eg trur det er sunt at born får kjenne på desse negative kjenslene i ein trygg teatersal. Livet er ikkje ein endelaus fargefylt fest, slik ein ofte kan få inntrykk av når det skal lagast teater for born. Det er mest kvardagar, og dette får Riksteatret si oppsetting av Vaffelhjarte godt fram, på poetisk og kjærleg vis. Odd Nordstoga sin musikk er ei trygg hamn som vi stadig vender attende til gjennom framsyninga, og skapar ei flott ramme for produksjonen.

Parr sine bøker skildrar livet i djupaste distrikts-Noreg. Eg vil påstå at det er nokså sjeldan kost i barnelitteraturen, der handlinga ofte er lagt til urbane miljø. Her skal Riksteatret skal ha honnør for valet. Det å skildre ulike miljø gjennom teaterscena er spesielt viktig når ein lagar teaterprogram for born. Det er å kjempe for mangfald i praksis.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no