Teksten var opprinneleg publisert på nettsida til Det Norske Teatret, og vi republiserer med tillating.
Under kva for himmel?
No er det av med hanskane og på tide å løfte kulturpolitiske spørsmål opp den store agendaen. Slost vi ikkje no, så tapar vi. Det må ikkje skje.
«Kunst er ei løgn som får oss til å sjå sanninga» sa kunstnaren Pablo Picasso. I framsyninga Under open himmel på Hovudscenen på Det Norske Teatret fell desse orda ned som vassdropar. Like raskt som vi har lese, fell dei ned til bakken og forsvinn. Vi lever i ei tid der ord og påstandar er i ferd med å viske ut det som tidlegare bygde fellesskap. Oslo kommune vil rasere aktiviteten til Oslo Nye Teater, Akademi for scenekunst er lagt ned, teatervitskap er forlengst borte frå Oslo og har blitt sterkt truga med nedlegging i Bergen fleire gonger. Sjølv Nationaltheatret vårt må gøymast bort under grøne presenningar for ikkje å utgjere ein fare for seg sjølv og forbipasserande. Sjølv om det òg finst lyspunkt, er den store offentlege samtalen om verdien av kunst og kultur i ferd med å forvitre mellom raske nærbilete og meiningslause tal. I førre veke kunne NRK Dagsrevyen melde at færre går på teater etter pandemien. Kjelda til denne opplysninga var Telemarksforskning som har sett på tala til dei offentleg finansierte teatera i Noreg. Det er ein påstand på linje med at færre ser på TV basert på tala til offentleg finansierte fjernsynskanalar. Men NRK går lenger. Dei konfronterer kulturminister Lubna Jaffery med nedgangen og spør om det er riktig å øke støtten til et felt som folk i mindre grad benytter seg av? Det er for så vidt heilt riktig at vi på Det Norske Teatret har opplevd ein nedgang i besøkstal etter pandemien. Vi hadde rekordhøge tal dei siste tre åra før pandemien trefte, med 2019 som det best besøkte året i teaterets over hundreårige historie. Slikt er vanskeleg å toppe i seg sjølv, og på mange vis heller ikkje ønskjeleg. Det var heller ikkje sånn at kulturministeren den gongen blei utfordra av NRK til å auke støtta basert på dei gode resultata. Tvert om meiner eg å hugse nokså mykje kritikk for dei høge tala, og at den gode eigeninntekta blei brukt av fleire som politisk argument for kutt. Joda, tal tel. Men alt som tel er ikkje tal, og tal som er feil tel i alle fall ikkje. NRK sitt forsøk på kulturell sensasjonsjournalistikk kler vår tyngst subsidierte kulturinstitusjon dårleg, og er dessverre i tillegg fullt av blindsoner. For om ein løfter blikket frå rapporten til Telemarksforskning og ser seg rundt så vil ein oppdage at kulturtilbodet i Oslo er blant det rikaste i Norden. Ticketmaster oppgir at det er fleire konsertarrangement i Oslo enn i storbyar som Stockholm og København til saman. I teatera blir tusenvis av seter fylde kveld etter kveld. Med publikummarar som ikkje inngår i statistikken som ligg til grunn for påstanden om fallande teaterinteresse. Folketeateret spelar den eine stor-musikalen etter den andre for fulle hus. På Chat Noir er Det Norske Teatrets gamle hit, Evig ung, snart sett av ytterlegare 100.000 menneske. På Chateau Neuf har både Moulin Rouge og The Bodyguard trekt ti-tusenvis av publikum, og på Christiania Theater går Jul i Blåfjell for tida medan Sporvogn til begjær er lansert med premiere på nyåret. Da har vi ennå ikkje nemnt Oslo Nye Teater, Kloden Teater, Det Andre Teatret, Edderkoppen og – ja – lista er lang. Vi sit ikkje med kalde fakta her, for denne oppteljinga har vi ikkje tatt, og det er vel heller ikkje så interessant. Men at NRK i sin iver etter å setje dagsorden ikkje tar høgde for at den store teaterinteressa ein faktisk ser i Oslo har ført til ei markant oppblomstring av private aktørar, er rett og slett ganske oppsiktsvekkande. No har vi heldigvis ein kulturminister som ser det store bildet, og som understrekar viktigheita av norsk kulturarv og eit mangfaldig teaterliv i heile landet vårt. Bransjen vår er eit lite økosystem, vi er gjensidig avhengig av kvarandre. Sjølv om vi kjempar for å fylle eigne salar, er vi også stolte over at Oslo er ein av dei mest levande og mangfaldige teaterhovudstadene i Europa. At andre enn Nationaltheatret og Det Norske Teatret opplever vekst og interesse er eit pluss for heile feltet. Interessen for teater blir halden varm, skodespelarar får sjansen til å vise seg på andre scener og for nye publikummarar. Men utan eit sterkt offentleg finansiert scenekunstfelt, ville krafta i det private marknaden sjølvsagt vore markant svakare og kompetansen og tilgangen til namn på plakaten vore langt lågare. Vi fyller ulike roller i scenekunsten. Dei offentleg finansierte scenehusa sitt mandat er å spele eit breitt samansett repertoar av høg kvalitet. Billettprisen er og lågare ved våre scener, sjølv om dei altså er subsidierte. Det er demokrati i praksis. Fleire publikumsgrupper får tilgang til ein lågare inngangspris. Ikkje ulik tanken bak ein rikskringkastar. Det er til sjuande og sist eit verdispørsmål. For kva er verdien av kunst? Er den målbar i reine kroner og øre, kan du telje verdien, eller er det andre instrument som må nyttas? Vi vil påstå det. Djerve satsingar, nyskapningar og risiko er ein sentral vårt virke. Det er også det vi blir oppfordra til og målt etter av både styresmaktene og kulturredaksjonane. Det inneber at ein ikkje treff med alt. Gjer ein det så er det ikkje risiko. Det kan av og til verke som nokre er tilhengar av risiko, men berre når det lukkast. Men det er altså ikkje risiko. Det er noko anna. Store teaterhus skal drive scenekunsten framover, være dristige, modige, kanskje til og med vågale. Av og til lukkast vi, andre gonger gjer vi ikkje det. Variasjonar vil vere del av vår kvardag, utan den vil vi stagnere og sakke akterut. Vi ser rundt oss at både einskilde politikarar og presse dessverre har ein tendens til å trekkje dramatiske konklusjonar bygd på nærbilete. Vi ser tallause døme på at ein både misforstår tal, at ein legg altfor stor vekt på dei eller både delar samstundes. Om ein mister den kunstnarlege botnlina av syne, eller den kulturpolitiske for den del, så er heile investeringa samfunnet har gjort gjennom generasjonar bortkasta. Då kan økonomien vere så god den berre vil, det er og blir eit tapsprosjekt for samfunnet. Frå tid til anna blar eg i Alfred Fidjestøl sin velskrivne hundreårssoge om Det Norske Teatret. Om eg leitar der etter dei viktigaste åra i teaterets historie så vil dei i liten grad henge saman med høgt besøk eller stort overskot. Det er dei andre botnlinene som står ut. Det er der relevansen ligg, og det er der avkastninga for samfunnet ligg. Det er ei utfordrande tid i norsk kulturliv. Rundt oss ser vi at det blir tatt store og dramatiske avgjerder som råkar alt frå store institusjonar til frie grupper og viktige utdanningar. I skuleverket har estetiske fag dårlege kår. Summen av dette gjer at alle som ønskjer seg eit samfunn der eit rikt samansett kulturtilbod er avgjerande for livskvalitet, refleksjon og ein opplyst samtale er uroa over kva som ligg framfor oss. Historisk sett er det i krevjande tider kulturlivet har vist seg som sterkast. Pandemien gjorde noko med sjølvkjensla til eit samla kulturliv. På eit vis var det som vi vart hysja på, og beden om å vente til ein hadde handtert dei viktigare tinga. Men no er det av med hanskane og på tide å løfte kulturpolitiske spørsmål opp den store agendaen. Slost vi ikkje no, så tapar vi. Det må ikkje skje.
– Jeg opplever at teatret som sjanger inne i en veldig interessant estetisk periode, med mange brytninger. Til sammenligning mener jeg at film-og tv-mediet er inne i en mørk middelalder, sier Erik Ulfsby som i 2021 går løs på sitt tredje åremål som sjef på Det Norske Teatret.
INNLEGG: – For å forme ein vidare kulturpolitikk må ein ta ein grundig kikk bak tala og sjå kvar institusjon for seg. Tala fortel noko, men på ingen måte alt, sa teatersjef ved DNT Erik Ulfsby, då kulturministeren sist veke ba han tenkje høgt om kulturpolitikk.
INNLEGG: – Norsk teater har vorte mindre kommersielt dei seinare åra, ikkje meir, skriv teatersjef Erik Ulfsby ved Det Norske Teatret i dette svaret til KHIO-professor Hans Henriksens innlegg 7. januar. Mellom anna viser han til billettprisar som ikkje har auka om ein korrigerer for løn- og prisvekst.