Klassefall er eit tema som klassikarane har kasta ljos på frå alle tenkjelege vinklar. Ta til dømes familien Dubois frå En sporvogn til begjær, eller rause delar av romanverket På sporet av den tapte tid av Marcel Proust. Anton Tsjekhov og Kirsebærhagen er likevel det beste dømet på dette motivet. Vi skal inn i det provinsielle Russland der nye tider trugar Champagne-flyten. Regissør Johannes Holmen Dahl har teke mange modige val, men endar opp med eit tungrodd resultat.
Ein gjeng nostalgiske drøymarar
Russiske namnetradisjonar er innfløkte saker og alle har kortare kallenavn. Av praktiske årsaker er det desse eg har valt å bruke når vi no dukkar ned i persongalleriet. Frå fyrste scene ser vi ein tom Hovudscene. Det enorme rommet gapar mot oss i publikum, og fungerer som eit slags frampeik på kva som skal hende med familiegodset til matriark og levekvinne Ljoba (Gjertrud Jynge). Dottera til Ljoba, Anja (Eili Harboe) har henta mora heim frå Paris der ho har levd i 5 år med ein ikkje navngitt mann. Ljoba mista sonen sin Grisja i ei drukningsulykke på godset, og truleg var det dette tapet som leidde til opphaldet i Paris. Til godset høyrer det ein kirsebærhage. Den er sublimt vakker, men ingen har bruk for kirsebæra lenger. Ingen et bæra og dei heng til dei fell ned for så å rotne.
Familien er i pengetrøbbel, og for å redde godset vert Ljoba tilrådd å selje parseller av kirsebærhagen til tomter. Rådet kjem frå kjøpmannen Lopakhin, (Eivin Nilsen Salthe.) Han representerer det nye Russland utan liveigenskap. Far hans var siste ledd i ei lang rekkje av liveigne bønder, men no er det andre tider, og Lopakhin har slått seg opp som forretningsmann. Han oppfordrar godseigarfamilien til å ta kontroll over gjelda ved å selje frivillig før kreditorane får for mykje makt og tvingar godset ut av slekta. Dette fell for døve øyrer hos Ljoba. For Ljoba er motstanden personleg motivert gjennom minna om sonen som døydde der. For den nostalgiske og sentimentale broren Leonid er sjølv tanken på å kvitte seg med eit einaste skap grunn til å setje seg på bakbeina.
Humoren er synleg i Holmen Dahl sin versjon, men på subtilt og forsiktig vis. Sjølv om humoren frå Tsjekhov si side er mest present hos nokre få, ligg det her komiske element hos alle karakterane. Tsjekhov gav dramaet undertittelen komedie. Sjølv om mykje ser dystert ut, er det ingen som døyr i løpet av handlinga, og den største tragedien er mest av alt av materiell karakter. Godset og hagen vert kjøpt opp av Lopakhin, og familien vert tvinga til å flytte og omstille seg. Det er noko djupt tragikomisk over sluttscena der den gamle lakeien Firs, spelt av Per Jansen vert gløymd igjen på godset den dagen dei skal reise. Familien han har tent i alle år er blitt så sjølvsentrerte og blaserte at dei ikkje lenger ser menneska omkring seg. Gjennom generasjonar har adelen overlate alt arbeid, og difor også all kunnskap, lærdom og kjennskap knytt til landeigendomen, til dei liveigne bøndene og tenarstaben. Såleis har landeigarane utsletta både sin eigen funksjon og kompetanse, medan folk som Jasja, (Jon Lockert Rohde) den unge lakeien som er Ljoba sin personlege tenar, alltid vil klare seg i det nye Russland.
Modige val i regi, men skapar for mange barrierer
Johannes Holmen Dahl er, saman med Per Perez Øian, Kjersti Horn og Eirik Stubø, ein av fire nye husregissørar på Det Norske Teatret. Denne våren skal han i tillegg til Kirsebærhagen også gjere Den kaukasiske krittringen av Bertolt Brecht. Han er ein regissør som legg mykje vekt på kommunikasjon med publikum. Det er aldri eksplisitt, men vi ser det gjennom små grep, som at skodespelarane vender seg mot salen når dei snakkar og søkjer kontakt med oss gjennom blikket. Han er ikkje redd for å bryte med konvensjonar, og har hausta både lovord og Hedda-prisar.
Scenograf Nia Damerell og lysdesigner Eivind Myhren har samarbeidd godt om den visuelle utforminga til rommet. Det store opne rommet vert fylt med lyspærer som vert senka ned frå taket. Over 500 ljospærer skin mot oss i scena sin fulle djupn. Skodespelarane står innimellom dei lysande lianane som heng frå taket. Dei vekslar på å stå i bakgrunnen og å kome fram. Alle har mygg, men lystilhøva på scenen gjer det nødvendig å trekkje fram på scenen om vi skal sjå andleta. Pærene skiftar frå vanleg varmt ljos til magenta, ein nyanse i det rosa-lilla spekteret som kan minne om syntetisk kirsebærgodteri. Dette er ein fin effekt, og i scena der Charlotta tryllar ved å sage Jepikhodov i to, er ljosa blitt til fleirfarga sirkusljos.
Eg i publikum får ikkje den kontakten med skodespelarane som eg ynskjer meg. Det er fleire årsaker til dette, Hovudscenen er uvanleg stor som fylgje av dei visuelle vala. Sjølv om det distanserte sjølvsagt er eit medvite grep, tek det litt overhand over heile produksjonen slik at eg som tilskodar strever med å investere i menneska på scena. Det går for seint i spelet og det hender for lite mellom dei. Teksten legg opp til kammerspel som regissør Holmen Dahl forkastar, dette vitnar om vilje til å ta risiko, som jo er imponerande, men når alle desse faktorane kjem saman, så vert Tsjekhov sin klassikar unødvendig tungrodd sjølv om den visuelt sett er slåande vakker.
Den russiske og jødiske tradisjonsmusikken som vert framført live på scenen gjer mykje for drivet i framsyninga og er eit viktig element. Ane Ledang Aasheim, som har skapt kostymane, har valt ein estetikk som er vanskeleg å plassere geografisk og tidsmessig, men som likevel er interessant å sjå på med cowboystøvlar og gamle silke-slåbrokar, velourkjolar, velourdressar og farga skinn a la sirkus-adel, 1970.
Eg trur eg forstår kva regissør Holmen Dahl har hatt lyst til å oppnå med sin versjon av Kirsebærhagen. Eg trur han har hatt eit ynskje om å skrelle bort unødvendig støy for å la essensen stå sterkare tilbake. Faren med dette er at ein tek så mange og markante grep at dei samla sett verkar mot den opphavlege ideen. Barrierane vert for mange og skodespelarane får slik eg ser det for lite å spele på. Når dei konsekvent vender seg ut i salen når dei pratar kollapsar kommunikasjonen internt på scena og eksternt mot publikum. Det er synd at dette hender i ei elles imponerande framsyning.