Styret ved Det Norske Teatret har forlenga åremålet til teatersjef Erik Ulfsby fram til 2025.
Teatersjef fram til 2025
Erik Ulfsby har vore tilsett i stillinga sidan januar 2011, og det noverande åremålet går ut 2020.
– Ulfsby har lukkast i å styrke Det Norske Teatret kunstnarleg, økonomisk og i den offentlege samtalen; i tillegg har han auka publikumstilstrøyminga til eit stabilt rekordhøgt nivå, seier styreleiar Nina Refseth i ei pressemelding.
Dei tillitsvalde på teatret stiller seg òg bak avgjerda.
Ulfsby sjølv seier han gler seg til å halde fram arbeidet og meiner Det Norske Teatret har potensial til å styrke den kunstnarlege satsinga ytterlegare og å nå eit enda større publikum, både her heime og utanfor landegrensene.